Heller meir skatt enn å bruka meir oljepengar

DEBATT: I Aftenbladet 10. mai er to sentrale samfunnsspørsmål sett på dagsordenen: Mangelen på sjukepleiarar er temaet for leiaren, og striden om bompengar blir omtalt i ein kommentar av Egil Ø. Nærland.

«Å bruka meir oljepengar nå – som alternativ til bompengar eller høgare skattar - vil innebera å auka konsumet og svekka industrien på eit tidspunkt vi har større grunn enn før til ikkje å svekka den, og gjera oss meir avhengig av olja», skriv Seniortanken.

Debattinnlegg

  • Njål Kolbeinstveit
    Seniortanken
  • Gunnar Berge
    Seniortanken
  • Torvald Sande
    Seniortanken
  • Egil Harald Grude
    Seniortanken
  • Hjalmar Inge Sunde
    Seniortanken
  • Kjell Traa
    Seniortanken
Publisert: Publisert:
Les også

Stort strukturproblem i helsevesenet

Les også

Bompengar eller ei har blitt eit val mellom pest og kolera

iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Begge spørsmåla har både med velferd og demokratiet si funksjonsevne å gjera. Både samferdsel og helsestell treng til å bli vurdert i eit langsiktig perspektiv.

Veksande byar og aldrande befolkning kan gjera det sjølvinnlysande at framtidige behov kan trengja til planlegging i god tid før behovet oppstår om vi skal hindra alvorleg velferdstap. Vi kan nå vera på etterskot med å løysa utfordringar både i helsestell og samferdsel.

Eit grunnleggande problem for samfunnet er at tenester som blir ytt av det offentlege krev ein stadig aukande del av arbeidstyrken. Det er lettare å automatisera produksjonen av aluminium enn sjukepleiartenester. Det fører med seg at det blir fleire sjukepleiarar og andre offentlege tenesteprodusentar i høve til personar i næringslivet. Skal offentleg tilsette ta del i velstandsutviklinga, må fylgjeleg ein større del av verdiskapinga tilførast det offentlege gjennom skattar og avgifter. Misser vi det av syne, kan vi skada både velferd og demokrati. Her kan ligga ei viktig utfordring for det norske samfunnet nå.

Les også

Regjeringen pøser på med oljepenger – får kraftig kritikk av ekspertene

Nye åtvaringar

Eit offentleg utval har vist at skatte- og avgiftsnivået må opp vesentleg for å greia å oppretthalda bl.a. like gode helsetenester med eit eldre folk. Privatøkonomien til nordmenn flest har gjennom den siste generasjonen nådd eit så høgt nivå at knapt noko folk har hatt det så romslig som oss. At mange slit, kan også tilseia at velståande bør avgi ein større del av inntekta si gjennom skattar og avgifter, og skapa ei jamnare fordeling. Kritisk punkt for framtidig velferd kan vera at vi innser at skattane må opp. Då kan det samtidig vera like nødvendig å stilla større krav til effektive løysingar i offentleg sektor der det er mogeleg.

Gamal visdom

Då Norge vart ein oljenasjon vart verknadene på lengre sikt vurderte gjennom Stortingsmeding 25 frå 1974. Den viste at bruk av oljepengar kunne føra til at Norge kom til å få bruk for mykje meir arbeidskraft for å tilfredstilla høgare krav til både privat og offentleg konsum. For å få dette til, ville eksportindustrien bli bygd ned. Det kunne gjera samfunnet vårt ute av stand til å takla forsvarleg at olja seinare kunne bli borte, og føra til eit fall i velstanden. Andre land har gjort slike erfaringar i tilsvarande situasjonar.

Den gongen var fjerdeparten av alle arbeidsplassar i industrien. Seinare er talet på arbeidsplassar i industrien nær halvert, og dei vi nå har, er i vesentleg grad leverandørar til oljeindustrien, og sårbare for det som hender med olja. Veksten i offentleg og privat konsum har vore så sterk at nedgangen i industrien har vore nødvendig sjølv om vi har fått fleire hundre tusen fleire kvinner ut i arbeidslivet, og har fått arbeidskraft frå utlandet. Erfaring har vist at samanhengen mellom bruk av oljepengar og reduksjon av eksportindustrien som Stortingsmelding 25 forklarte, er ein realitet. At faktiske samanhengar blir tekne omsyn til, er ein føresetnad for at politiske vedtak skal gje dei føresette verknadene.

Bruk av oljepengar

Journalist Nærland vurderer å nytta oljefondet til erstatning for bompengar. Å bruka meir oljepengar nå – som alternativ til bompengar eller høgare skattar - vil innebera å auka konsumet og svekka industrien på eit tidspunkt vi har større grunn enn før til ikkje å svekka den, og gjera oss meir avhengig av olja. Å ha rom for industriarbeidsplassar, er det kritiske punktet som må avgrensa oljepengebruken. Det er eksportindustrien som blir pressa ut når andre næringar treng meir arbeidskraft. Skattar skal hindra at privat konsum blir for stort, og krev for mykje arbeidskraft til tenesteyting og liknande. Den effekten har ikkje bruk av oljepengar. Før klimasaka vart eit tema, fann Stortinget ut at det ville vera uklokt å bygga opp oljesektoren til meir enn 90 mill. tonn oljeekvivalentar pr. år. Utvinninga var kring to ein halv gong så stor i 2004, og vil etter Oljedirektoratet sine prognosar vera oppe att kring dette nivået i 2023. Nå har vi dessutan fleire risikofaktorar å ta omsyn til.

Tenk langsiktig

Omsynet til framtida vår tilseier at vi ikkje bør gjera oss meir avhengig av olja. Då må vi styrka – ikkje svekka – alternativ verdiskaping. Då må vi velja å betala meir skatt i staden for å bruka meir oljepengar.

Les også

  1. Stort strukturproblem i helsevesenet

  2. Bompengar eller ei har blitt eit val mellom pest og kolera

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Ibrahimaj frir til Viking: – Jeg sier ikke nei takk til å få et tilbud

  2. Jakob Ingebrigtsen om morens «spionasje»: – Lov å prøve seg

  3. Koronaviruset: Slik blir vaksineprogrammet som skal ta oss tilbake til hverdagen

  4. Åpen konflikt mellom ordførerne om veikutt: Flere E39-prosjekt kan ryke

  5. Nå samles reisefølget fra Ingvars reiser til gjenforening og førjulskos: – Vi har veldig lyst til å gjøre noe kjekt sammen

  6. Denne lunsjretten får du bare tak i på Jæren: - Vi får ukentlig henvendelser fra utflyttede jærbuer