Fattigdom og barndom – KrF sine svar på utfordringa

DEBATT: KrF arbeider for at alle barn skal ha same moglegheit. Det handlar om tiltak for heile familien, skule, utdanning og moglegheit for foreldre å delta i arbeidslivet.

Publisert: Publisert:

«Det er spesielt viktig å ha fokus på psykiske problemer hos barn og ungdom. Problemene må gripast tak i tidleg», skriver Anne Kristin Bruns. Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

Anne Kristin Bruns
Lokallagsleiar og 2. kandidat, Stavanger KrF

Støtteordningar økonomisk og gode nok buforhold er sentralt for oss. Barn som lever i fattigdom uroa seg for framtida og har ofte færre moglegheiter enn sine jamnaldrande. Vi må ha tiltak i familie, barnehage, skule og fritid må vi bryte sosiale mønstre og bidra til sosial utjamning og inkludering. Det er spesielt viktig å ha fokus på psykiske problem hos barn og ungdom. Problema må gripast tak i tidleg. Her har helsestasjonane og skole- og ungdomshelsetenesta ei viktig oppgåve.

Fritidskortet

Stavanger KrF sitt svar på korleis vi som kommune må jobbe fattigdom og barndom, handlar om at det ikkje er eit svar. Nasjonalt har vi innført fritidskortet som ein universell ordning for alle barn mellom 6-18 år for å unngå stigmatisering og fordi vi veit at fritidsaktivitet er med å bygge nettverk og sosiale møteplassar. Det førebyggande og langsiktige arbeidet over tid meiner vi er det viktigast vi kan gjere.

Vi må gjere det saman, kommunen, staten, frivillige/ideelle og det private næringslivet. Korleis vi skape samfunnet saman.

Kome langt i arbeidet

Stavanger kommune har kome langt i dette arbeidet. KrF har vore oppteken av dette lenge før det blei valkamp og brukt som «valkampflesk». Dette stadfester gjennomgangen av dei mange tiltaka som kommunen har sett i verk og som KrF vil følgje nøye med framover.

Publisert: