Kva slags demokrati skal Kyrkja ha?

KYRKJEVALET: Vi går mot eit kyrkjeval der alle grupperingane som stiller kandidatar til val av nye bispedømeråd, framhevar ynskje om ei demokratisk kyrkje. Men demokrati kan vere så mangt.

Publisert:

Når dei valde representantane frå Åpen folkekirke og Bønnelista skal stemme i saker bispedømeråda eller på Kyrkjemøtet, skal ta omsyn til «partiprogramma» sine eller til høyringar i dei lokale sokneråda? Her frå Kyrkjemøtet i Trondheim i januar 2017. Foto: Ned Alley, NTB scanpix

Debattinnlegg

Arne Jon Myskja
3.-kandidat, Nominasjonskomiteens liste til bispedømerådsvalet i Stavanger bispedøme

Vi har sett fleire saker dei siste åra der det lokalt har blitt stor forarging over manglande demokrati i Den norske kyrkja (Kyrkja), medan Kyrkjerådet framhevar at vedtak er resultat av ein god og demokratisk prosess. Det er viktig å tenkje igjennom kvar vårt kyrkjelege demokrati er på veg og kva veg som er bra for Kyrkja.

Bispedømeråda blir valt kvar fjerde år gjennom demokratiske val. Dei sju medlemmane i dei elleve råda utgjer grunnstamma i Kyrkjemøtet, som er Den noeske kyrkja sitt høgaste organ, og som årleg møtast til intense drøftingar ei vekes tid. I år er det to grunnleggande ulike valordningar som er limt saman til ei.

Dei to nye listene og den gamle

Den eine ordninga er representert gjennom to kyrkjepolitisk lister, Åpen folkekirke og Bønnelista, der det er grupperingar som har laga eit felles program og stiller til val med dette programmet som grunnlag. Her bestemmer «partia» gjennom sine interne nominasjonsprosessar samansetjinga av listene og kan kumulere hovudkandidatane.

Den andre ordninga er ei vidareføring av den gamle kyrkjeval-ordninga, der sokneråda i kvart bispedøme nominerer kandidatar til ei liste, og der ei endeleg liste, Nominasjonskomiteens liste, blir valt ut og prioritert av ein nominasjonskomité. For å gjere det vanskelegare, er det ikkje førehandskumuleringar på desse listene.

(Her låg det tidlegare ein kommentar om at det er sperregrense på 25 prosent av personstemmene. Det er feil. Det rette skal vere 5 prosent.)

Demokratiske problem

Når eg har stått på stand i valkampen før kyrkjevalet, er det mange som har problem med å forstå den noverande valordninga. Hos nokre fører det til at dei ikkje deltek. Det er i seg sjølv eit demokratisk problem.

Men eg opplever det er meir problematisk at ordninga med kyrkjepolitiske lister gjer at kandidatar til bispedømeråd og Kyrkjemøtet blir valde på grunnlag av eit program, og at dette i nokre tilfelle vil forplikte dei til å sjå bort frå sterke anbefalingar frå dei lokale tillitsvalde. Når Kyrkja samstundes har prosessar med involvering av dei lokale ledda i kyrkja, blir det i fleire saker skapt eit reelt problem: Skal den enkelte representanten i bispdeømerådet vere forplikta på sitt «parti» og «partiprogram», eller på den lokale og demokratiske prosessen? Vi har sett klart uttrykt at medlemmar i Åpen folkekirke forventar at dei som er innvalde på deira lister, skal bruke makta si til tilsetje biskopar som er einige med deira syn i vesentlege spørsmål, også på tvers av klare votum frå resten av dei som deltek i prosessen.

Dette er demokratisk og legitimt, men det er øydeleggjande for det lokale kyrkjedemokratiet. Når sokneråd og andre brukar timevis på å gjere ein god jobb i samband med dei mange høyringane som blir sende ut, blir det provoserande og dessverre passiviserande når dei opplever at høyringane som dei har jobba seriøst med, blir oversette fordi høyringssvaret går mot «partilinjer». Kven vil engasjere seg i saker der ein føler at resultatet blir bestemt i andre forum?

Samstundes er det slik at dei som sit i sentrale posisjonar i Kyrkja, over tid brukar mykje tid på sakene, dei les kilovis med sakspapir kvart år, og dei har det direkte ansvaret for vedtaka som blir tatt. Har ikkje dei betre grunnlag for å ta ei rett avgjerd i saker som mange lokale soknerådsmedlemmar i nokre tilfelle berre har eit perifert forhold til?

Vi treng å drøfte desse problemstillingane. Dette er avgjerande for Kyrkja si framtid; utan engasjerte og inspirerte lokale kyrkjeleiarar stivnar Kyrkja og misser kraft i lokalmiljøet. Det er der Kyrkja skal leve.

Les også

Alle over 15 år kan stemme i kirkevalget

Meir samspel i prosessane

Eg ynskjer ein utvida debatt om korleis vi kan skape eit demokrati som engasjerer og inspirerer også dei lokale tillitsvalde i sokneråd og fellesråd omkring i landet.

For meg har det to konsekvensar som eg førebels har konkludert med:

  • Eg ynskjer å arbeide for ei Kyrkje der det lokale leddet blir involvert og høyrt i samspelet med dei sentrale avgjerdsprosessane.
  • Eg vil arbeide for ei forenkling i avgjerdsprosessane slik at det blir kortare og færre høyringar, og der andre former for involvering gir eit klarere mandat til dei som bruker tid og energi på å involvere seg. Prosessane må vere slik at når ein søkjer råd, blir råda tekne omsyn til.

Difor stiller eg til val på Nominasjonskomiteen si liste, eg tenkjer at det gir det beste grunnlaget for å utvikle eit slikt kyrkjedemokrati.

Les også

Kjersti Egenberg, Åpen folkekirke: «Er flere valgmuligheter mindre demokratisk?»

Les også

Aftenbladet mener: «Et politisert kirkevalg»

Les også

Einar O. Iversen: «Kirkevalget bør handle om Kirkens framtidige organisering – som er det virkelig store spørsmålet nå»


Publisert: