Vent med å innføre eit datasystem som enno ikkje fungerer

VIDAREGÅANDE: Datasystemet Visma in Schools er ikkje ferdig utvikla, det er fullt av feil og bør ikkje innførast i Rogaland frå og med skuleåret 2020–21.

Publisert: Publisert:

Fylkestillitvalde i Utdanningsforbundet ber fylkeskommunen om å utsetje innføringa av datasystemet Visma in School etter rapportar om store problem der det er prøvd ut. Foto: Visma

Debattinnlegg

  • Bjørn Brown
    Fylkestillitsvalgt, Utdanningsforbundet Rogaland
  • Ingeborg Tyse
    Fylkeshovudtillitsvalgt, Utdanningsforbundet Rogaland
  • Åshild Knutzen
    Fylkeshovudtillitsvalgt, Utdanningsforbundet Rogaland

Etter planen skal Rogaland fylkeskommune hausten 2020 ta i bruk eit nytt skuleadministrativt system på alle sine vidaregåande skular, Visma in School (VIS). Innføringa av VIS i pilotfylket Akershus har denne hausten resultert i eit gedigent mageplask. Lærarar og deira tillitsvalde i Akershus åtvarar nå andre fylke mot å ta systemet i bruk allereie neste skuleår (Budstikka 18.10.2019; krever innlogging).

Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal støttar dette synspunktet og tilrår at datasystemet ikkje vert rulla ut fleire stader før alt er under kontroll i Akershus, både av omsyn til elevar og lærarar (Aftenposten 24.10.2019).

Som hovudtillitsvalde i Utdanningsforbundet ber me nå Rogaland fylkeskommunen om å utsetje innføringa av VIS.

På helse og arbeidsmiljø laus

VIS representerer ei gigantisk fylkeskommunal investering med ein samla innkjøpspris på langt over ein halv milliard kroner for lisensar i ti år. I løpet av få år skal systemet takast i bruk i heile landet. Saman med fem andre fylke er Rogaland i neste pulje ut.

Frå Akershus kjem det nå urovekkande meldingar om ei rekke grunnleggande feil og manglar. Lærarar og skuleleiarar omtaler innføringa av VIS som ein skandale. Systemet vart testa ut på nokre få skular i fjor. Til trass for at pilotskulane åtvara mot vidare utrulling allereie hausten 2019, valde Akershus fylkeskommune å ignorere åtvaringane. I staden innførte dei VIS på alle sine 34 vidaregåande skular dette skuleåret. Nå er det elevar, lærarar og skuleleiing som betaler prisen for innføringa av dette openbert premature prestisjeprosjektet, og ifølge tillitsvalde i Akershus går det på helse og arbeidsmiljø laus.

Må gjere dobbelt arbeid

Poenget med VIS er å forenkle dei skuleadministrative oppgåvene. Ved innføringa av eit nytt system må ein sjølvsagt rekne med ein omstillingsperiode prega av småjusteringar. I dette tilfellet er feila så mange og grunnleggande at det handlar om langt meir enn barnesjukdommar. Lærarar rapporterer om utfordringar med klasselister, utsending av varselbrev og føring av fråvære og karakterar, og dei vert oppfordra til å føre skuggerekneskap for å halde styr på fråvære og vurderingar, noko som medfører dobbelt arbeid.

I tillegg er det feil med stillingsprosentar, vikartimar og lønn. Elevane får ikkje opp timeplanen på mobiltelefon og har dermed slite med å finne ut kva fag dei skal ha når og kvar. Mykje verdifull undervisningstid har gått i vasken i Akershus til nå dette skuleåret ettersom VIS har fungert som ein propp i systemet når det gjeld flyten i skulekvardagen både for lærarar og elevar.

Ikkje tid nok

Sjølv om Visma etter sigande har hundre personar som jobbar kontinuerleg med reparasjonsarbeid, tek me til orde for å utsette innføringa i Rogaland. Representantar frå Visma seier at dei har ti månader til å rette opp feil før neste utrulling. Det stemmer ikkje! For at systemet skal kunne takast i bruk av lærarar og elevar neste haust, er det ein føresetnad at skuleleiarane bruker det i planleggingsarbeidet for neste skuleår, eit arbeid ein vanlegvis startar tidleg på nyåret om ikkje før. Så lenge ein ikkje på nokon måte kan vise til ei vellukka pilotering, vurderer me det som for tidleg å innføre systemet i Rogaland allereie nå.

Hausten 2020 kjem også fagfornyinga der ny overordna del og nye læreplanar i faga skal setjast ut i livet. Fagfornyinga i seg sjølv representerer eit enormt omstillingsarbeid for skulane med årsplanar i fag som skal lagast for første gong, gjerne utan at relevante læremiddel er på plass. Slik fungerer det når ein skal innføre ein ny læreplan. Det veit lærarane, og det er dei innstilte på. Men dei bør sleppe å bakse med eit nytt datasystem på toppen av fagfornyinga.

Me vil derfor oppfordre fylkesrådmannen og fylkespolitikarane i Rogaland til å ta ansvar for elevar og tilsette på dei vidaregåande skulane og utsetje innføringa av VIS til året etterpå.

Publisert: