Kva er det å føra ein brun retorikk?

DEBATT: Eg meiner det er å spreia ord og fordommar som fører til rasisme og nedlatande haldningar overfor menneske med annan kultur, religion, hudfarge og legning.

Venstres Abid Raja har kritisert Frp’s retorikk. Foto: Vidar Ruud

Debattinnlegg

  • Ingvar Olimstad
    Suldalsosen
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Dei som har lide mest under dette i vårt land, er jødane. Jødefiendskapen var sterk i 1920-åra. Jødefiendtlege hånsord og skjellsord var utbreidde. Jødane blei kalla unorske, og det blei skapt førestellingar om at dei kom til å overta styre og stell og kasta ut alt som var norsk og alt som var europeisk. Jødane blei gjort til syndebukkar for alt som vondt var. «Den store jødebevægelse er i ferd med å ta strupetak på Europa,» skreiv bladet Nationen.

I 1930-åra, etter at Hitler fekk makta, fekk nokre tyske jødar opphaldsløyve i Noreg. Men mange blei avviste, for styresmaktene meinte at det var ingen grunn for dei til å flykta frå Tyskland. Det meinte også ein stor del av det norske folket. Mistrua mot jødane var like sterk i Noreg som i mange andre europeiske land.

Les også

Jo, dette er brunt i kantane, Frp

Starta med ord og haldningar

Då Quisling kom til makta etter den tyske okkupasjonen av landet, brukte han mykje av den alt etablerte jødefiendskapen i retorikken sin. Skulle han seia noko nedlatande om andre menneske, forsterka han det så sant det var råd, med noko jødisk. Trygve Lie fekk gjennomgå fordi han samarbeidde med jøden Maisky (Sovjet sin ambassadør i London) og jøden C. J. Hambro fekk gjennomgå fordi han samarbeidde med den politiske arbeidarklassen. Dermed sveik jødevennen Trygve Lie og jøden Hambro det norske og la vegen open for bolsjevismen, som sjølvsagt var jødisk. Resultat: «Frihet, eiendomsrett, familieliv, rett, religion og kultur, fedreland og folkeætt tilintetgjort under et blodig jødetyranni.» (Sitat frå Vidkun Quislings tale 1. febr. 1943)

Slik blei kampen mot jødane i Noreg legalisert. Det starta med ord og haldningar, det grodde fram frykt, mistru, hat. Historia har lært oss korleis det gjekk med jødane her i landet.

Ennå er jødar utsette for brunskvetting, ja, meir enn det. Det er også mange nye innvandrarar, og då særleg innvandrarar frå muslimske land. Ord, fordommar og haldningar er av same slag som dei jødane møtte i 1920-åra. Det gjer vondt når jamvel stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer bruker ein retorikk som nører under slike haldningar. Venstremannen Abid Raja har tatt til motmæle og kallar det for brun retorikk. Det får Resett-redaktør Helge Lurås til å skriva: «Abid Raja er en frekk, populistisk pakistaner – hans fiendlighet mot det norske er farlig.» Jamfør Quisling sine ord om Trygve Lie og C .J. Hambro. Då var det ordet jøde som måtte framhevast; nå er det pakistanar.

Takk til Raja

I ein av kommentarane i Facebook-kommentarfeltet til nettsida Resett truger ein innsendar Raja med at han burde fått ei kule midt i panna. Ja, brunskvettinga kan snart bli meir enn ord. Takk til Raja som vågar å setja bjølla på katten!

Les også

  1. Abid Q. Raja står fast på Frp-kritikk – utelukker ikke å gå for ledervervet i Venstre

  2. Raja avviser at «brun propaganda» var Hitler-referanse

  3. Erna Solberg: – Raja tar feil i det han sier

  4. Grimstad trakk seg fra Venstres valgkomité på grunn av Raja

  5. Raja med nytt angrep på Frp

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Randaberg-ordføreren ber regjeringen våkne i jakten på vaksiner: – De kaster bort tid på uvesentlige ting

  2. 22 bilister fikk bot ved Sola flyplass

  3. Slik skal møteplassen som startet som en pølsebu, bygges opp igjen etter brannen

  4. Overgrepssaken på Lye henlagt på grunn av bevismangel og alder

  5. Barn har fått påvist smittsom hjernehinne-betennelse

  6. Hanne Sørvaag har fått ny jobb