Meir leik i undervisninga

DEBATT: Ved å utforske korleis leik også kan vere undervisning kan vi unngå å oppretthalde feilen ved seksårsreforma: å overlate til lærarane åleine å gi innhald til ei reform dei ikkje hadde bede om.

Publisert: Publisert:

«Vi må sjå dagens filosofi i auga og spørje om det er friminutta som skal sikre 6-åringane si lærelyst, eller om vi også må tenke annleis om leiken sin plass i undervisninga», skriv Per Henning Uppstad og Bente Rigmor Walgermo. Foto: Shutterstock/illustrasjonsbilde

Debattinnlegg

  • Per Henning Uppstad
    Professor, Lesesenteret, UiS
  • Bente Rigmor Walgermo
    Førsteamanuensis, Lesesenteret, UiS
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Filosofen Martin Heidegger sa eingong at «Tenkningens fromhet er å spørre». Med det meinte han at spørsmålsforma har ei viss innebygd audmjukskap som gjer det mogleg å diskutere seg fram til nye tankar. I ein kronikk (SA 03.01.) stilte vi det noko utfordrande spørsmålet «Er det eigentleg meir friminutt 6-åringane i skulen treng?» Nerva i dette spørsmålet var å fremje tanken om at det heller enn meir friminutt er ei endra tilnærming til undervisning som må til for å løyse problemet med førsteklassingane sitt harde møte med teoritunge timar.

Ikkje farleg å endre syn

Vi utfordra leiar i utdanningsforbundet, Steffen Handal, på hans utsegner om leik og undervisning. Med svarinnlegget «Hva er lek – og hvem er den til for?» stiller han også eit godt spørsmål. I innlegget seier han at vi nok ser litt ulikt på leiken, og at vi dels snakkar forbi einannan. Vi er samde i båe delar. Når det gjeld synet på leik, legg Handal vekt på ein bestemt definisjon av leik, som utelukkar den vaksne si aktive deltaking. Han seier at leiken «per definisjon» er slik, som om definisjonen var hoggen i stein. Det er den ikkje. I arbeidet med å skape meining i det som skal lærast, er det nettopp leiken vi ofte strekk oss mot. Dette inneber eit vidare syn på leik som kan sporast til ei rekke filosofiske posisjonar, der barnets rom for initiativ ikkje er mindre viktig. Skilnaden er synet på den vaksne: At barns leik ikkje «per definisjon» sluttar å vere leik så snart den vaksne har ein finger med i spelet.

Handal og vi er samde om at meir engasjerande og aktiviserande undervisning må til. Skilnaden er at vi meiner endringa må byrje her, heller enn med friminutta, og at det er tenleg å bringe element frå friminutta og leiken inn i undervisninga. Når vi utfordra Handal, var det fordi han gjennom døma i VG var mest oppteken av å definere eit skarpt skilje mellom leik og undervisning. Vi har vanskeleg for å sjå korleis dette tek oss vidare; korleis det hjelper lærarar til å tenke annleis og nytt om danning. Debatten om 6-åringane i skulen den siste tida har kanskje vist behovet for ein ny filosofi i begynnaropplæringa: Eit perspektiv der ein forlet den tradisjonelle anten-eller diskursen, det vil seie anten den elevorienterte «frie» leiken eller den lærarstyrte undervisninga, til fordel for ein praksis der leik og undervisning kan vere to sider av same sak. I ein slik filosofi er det rom for ein vekselverknad mellom barnets initiativ og kreativitet og den vaksne.

Behov for forsking

Det rommet for barnets initiativ som kjenneteiknar leiken, er det for lite av i skulen, og har vore det sidan Lille Marius døydde. Lærarar vil kjenne att det vi etterlyser her: Den leikande undervisninga som får elevane til å gløyme at dei er på skulen, og som engasjerer frå topp til tå. Ikkje all undervisning er eller kan være slik. Men ein må ha meir av den. Her må ein finne løysingar gjennom forsking som spring ut frå praksis. For førsteklassingen er det likegyldig kva ein kallar det han møter dei fem timane kvar dag. Poenget er at det som eleven møter må engasjere og gi rom. Og nerva i denne engasjerande undervisninga er det vanskeleg å formidle om ein ikkje skal få snakke om dette som det det glimtvis er: leik.

Ingen enkel krangel om ord

Sjølv om det kan sjå slik ut, er dette ingen enkel krangel om ord. Det stikk djupare. Det peiker mot behovet for ein litt annan filosofi. Vi må sjå dagens filosofi i auga og spørje om det er friminutta som skal sikre 6-åringane si lærelyst eller om vi også må tenke annleis om leiken sin plass i undervisninga for dei yngste elevane.

Publisert:

Les også

  1. Steffen Handal: Hva er lek – og hvem er den til for?

  2. – Bør barn leike meir fritt i skuletida?

  3. Elin Reikerås (UiS): «Tidlig innsats starter i barnehagen, og den viser seg å virke»

  4. Per Henning Uppstad (UiS): «Tidlig innsats i skolen – til en høy pris»

  5. Per Henning Uppstad (UiS): «Kva har eigentleg spisefri med framtida å gjere?»

  6. Jørg Arne Jørgensen: «Me har hatt ti år med målstyrt skule, utan merkbart betre faglege resultat»

  7. Jørg Arne Jørgensen: «Religionsfag uten religioner»

Mest lest akkurat nå

  1. Leter etter John Olav med full styrke

  2. Her blir det nytt kjøpesenter og sykehus

  3. Folk på byen har allerede endret drikkevaner

  4. Gunnar Eiterjord slutter som sjef for Rogfast

  5. Politikkens Hotel Cæsar

  6. Dette skjedde i natt

  1. Debatt
  2. Lek
  3. Undervisning