Kampen om ferjene i Ryfylke

DEBATT: For Heng, Sør-Hidle, Brimse, Helgøy, Byre og Sør-Bokn står kampen om å få reise, ikkje om korleis. Da meiner vi at dei som er landfaste og kan køyre, må vise storsinn ovanfor oss som ikkje kan.

Publisert:

«Vi som bur midt i fylket, skal framleis vere den største utkanten. Dette kan vi ikkje godta», skriv Jan Bokn, Endre Bryn, Kristen Helgøy, Frode Ljosdal, Magne Rosså og Harald W. Bjørn-Nielsen. Foto: Privat

Debattinnlegg

  • Jan Bokn
    Gardbrukar, Sør-Bokn
  • Endre Bryn
    Flor & Fjære, Sør-Hidle
  • Kristen Helgøy
    Fruktdyrkar, Helgøy
  • Frode Ljosdal
    Gardbrukar, Brimse
  • Magne Rosså
    Gardbrukar, Heng
  • Harald W. Bjørn-Nielsen
    Grønnsaksprodusent, Byre

I to lesarbrev i Aftenbladet fredag 25.05. tek representantar frå nord-fylket til orde for at Finnøysambandet må leggast om etter brørne Andersen sitt ruteoppsett eller behalde ruteoppsettet som er i dag. Dette meiner dei fordi dei ikkje ønskjer at Nedstrand/Jelsa skal falle ut av ruta, samstundes som dei meiner det er meir effektivt. Begge alternativa legg opp til at transporten til øyane Heng, Sør-Hidle, Brimse, Helgøy, Byre og Sør-Bokn skal vere som det er. Desse øyane har rundt 90 fastbuande, 300 hytter og opp mot 20 næringsdrivande/bedrifter.

Må leige eigen transport

I dag brukast ein kombi-båt (MS «Lysefjord») i ruta. Båten er ein hurtigbåt med lastedekk, men har dårlig kapasitet og låg grense for vekt på køyretøy og maskinar. Kort køyrelem gjer det vanskeleg å køyre om bord ved høg- og lågvatn. Ruta startar i Stavanger, går innom øyane når det er last/passasjerar, vidare til Judaberg kor båten snur og vanlegvis går same vei tilbake. Ruta er utan faste tider, vi må ringe båten for å finne ut når den kjem. Dette tilbodet har vi berre tre dagar i uka. Dårleg kapasitet og lasteevne gjer at vi må leige eigen transport for kr 3-400.000 i året.

Eit av alternativa som samferdselstyret skal velja mellom, er anbefalinga til fylkesrådmannen; to ferjer som skal gå i Finnøy og ein mindre 3. ferje som skal dekkja øyane våre og nordre del av det som i dag heiter Finnøy-sambandet (Nedstrand/Hebnes/Foldøy/Jelsa).

Alle vil ha gjerne ha ei kort og lettvint reise (transport), men det er stor forskjell på å kunne reise og ikkje kunne reise.

Det anbefalte forslaget om ei mindre 3. ferje, som skal erstatte kombi-båten Lysefjord, er vi glade for. Denne ferja vil ha ein solid køyre-lem, som gjør at kaiane våre kan brukast utan ombygging, og den vil kunne ta med større lastebilar og maskinar. Gamle, rimelege ferjer, som kan byggast om slik, er lette å finne.

Båt berre tre dagar i uka

Vi er mindre glade for at forslaget berre inneheld båt tre dagar i uka. Vi som bur midt i fylket, skal framleis vere den største utkanten. Dette kan vi ikkje godta, og vi har derfor laga eit forslag kor den nye 3. ferja går på fjorden, i staden for å ligge til kai på Hebnes. Meirkostnaden er drivstoffet, båt og mannskap må ein likevel betale for. Slik kan øyane våre få same tilbodet som Foldøy har i dag; to anløp til dagen, sju dagar i uka, i tråd med vedtaket fylkestinget har gjort for Foldøy. Ruteforslaget har og med anløp av Nedstrand.

Slåss for saman

Dette burde og kunne nord og sør slåss for saman. Men slik er det ikkje. Fastlandet i sambandet, Nedstrand og Jelsa, og Foldøy, sloss for å behalde ferjene som vil gjere større nytte internt i Finnøy. Samstundes som dei då stengjer oss ute frå å få ei dugande 3. ferje.

Alle vil ha gjerne ha ei kort og lettvint reise (transport), men det er stor forskjell på å kunne reise og ikkje kunne reise. For oss står kampen om å få reise, ikkje om korleis. Da meiner vi at dei som er landfaste og kan køyre, må vise storsinn ovanfor oss som ikkje kan.

Les også

Vi vil beholde ferja vår – limet i Ryfylke!

Les også

Behald ferjesambandet Judaberg-Nedstrand-Jelsa

Les også

Ferja frå og til Nedstrand og Hebnes-Foldøy trengst

Publisert: