Var det Erasmus Montanus som stod på talarstolen på UiS?

DEBATT: Ludvig Holberg er død, dessverre, men Erasmus Montanus lever vidare. Slikt må ein forstå det når ein les Tom Hetland sine inntrykk frå årsfesten til universitetet i Stavanger (Aftenbladet 1.11.)

«Eg uttalar meg som ein utanforståande – ein outsider. Men er det i realiteten næringslivet som har første og siste ordet ved universitetet i Stavanger?» spør Tore Thorsen. Her fra årsfesten til UiS der rektor Marit Boyesen holdt talen sin på engelsk.
  • Tore Thorsen
    Jelsa
Publisert: Publisert:
Les også

– Ikkje mitt universitet

icon
Denne artikkelen er over fire år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Alle talane, skriv Hetland – også den frå norsklærarane – var på engelsk. Publikummet var stort sett norsk.

Nødvendig å repetera

Tydelegvis les dei ikkje Holberg lenger på norskstudiet på UiS, så det er visst nødvendig å repetera. «Erasmus Montanus» er komedien om akademikaren som vart så lærd at han gløymde sit eige morsmål.
I Holberg si tid var latin prestisjespråket, i dag er det engelsk.

Den overdrivne engelskbruken ved universitetet set norsk og andre mindre språk under press, skriv Hetland. Og der har han kompetente meiningsfeller. Professor Vigdis Ystad er mellom dei som uroar seg for inntoget av engelsk på felt etter felt i akademia. Nå blir også Ibsen lesen og studert på engelsk på norske universitet, fortel ho, til fortrengsel for norsk. Den internasjonalt kjende finske forfattaren Sofi Oksanen ber på den same uroa som Ystad. I ein artikkel i samfunnsmagasinet Suomen Kuvalehti går ho i rette med den englifiseringa som ho ser ved finske universitet. Ho skriv: «Finskspråkleg kultur, litteratur og lesekunnskap er sjølve grunnmuren under livet vårt, og fortel kven me er. Den trengst å studerast og utviklast, og kven andre skal kunna gjera det enn finnane? Dette er oppgåva vår.»

Treng å brukast og utviklast

Norsk språk treng også å brukast og utviklast til arbeidsreiskap på spesialiserte vitskapelege område. Meir enn nokon plass burde dette skje ved norske universitet. Dette er oppgåva vår her i landet også – ei oppgåve som Hetland mistenker at universitetet i Stavanger ikkje bryr seg om.

Skulda for at morsmålet i akademia blir forsømt, legg Sofi Oksanen på inntoget av næringslivsfolk i styra for universiteta. Mon tru om ikkje UiS kan kjenna seg igjen her?

Eg uttalar meg som ein utanforståande – ein outsider. Men er det i realiteten næringslivet som har første og siste ordet ved universitetet i Stavanger? For det kan vel ikkje vera slik at institusjonen er befolka berre av erasmusmontanusar?

Les også

Tom Hetland: Not my university

Les også

Er det for mye engelsk ved UiS?

Les også

Språkrådet: «It’s the language, stupid!»


Publisert: