Til kunstnarar som hetsar: Hald kjeft og lag kunst!

YTRINGSFRIDOM: Ein enkeltkunstnar som vågar stå åleine offentleg og skrive om dei interne utfordringane kunstfeltet har til ytringsfridom og manglande aksept for skilnadar, kan ikkje skuldast for misbruk av sin maktposisjon.

Eg vil minne alle kunstnarar på at vår jobb ikkje er å vere ein moralsk peikefinger, og drive heksejakt mot alle som meiner noko anna enn det ein gjer sjølv, slik Natasja Askelund nyleg har opplevd, skriv Brynhild Grødeland Winther.

Debattinnlegg

  • Brynhild Grødeland Winther
    Biletkunstnar, frilansskribent/kritikar, og vara i styret i NBK
Publisert: Publisert:

Heller det motsette. Som enkeltståande kunstnar er ein ekstremt sårbar. Særleg når ein veit at kunstfeltet kan agere som eit internt troll mot enkeltindivid som vågar peike på problematiske interne saker, eller uttrykke andre meiningar enn ei svært høglytt liten del av kunstfeltet. Av denne gruppa blir det blir sett som god debatteknikk å unngå saklege argument, og heller gå til åtak på personen. Det blir sett som legitimt å stemple meiningsmotstandarar som høgreekstrem om ein er mot vindmølleproduksjon, og om ein er for ytringsfridom, blir ein samanlikna med ABB og Manshaus.

Innskrenkande oppførsel

Denne forma for uthenging, stempling og hets mot meiningsmotstandarar, er med på å innskrenke ytringsfridommen, og aksepten for skilnadar. Ytringsfridom skal omfatte meiningar ein ikkje har sjølv. Ytringsfridom inkluderer òg retten til å vere ein idiot, og retten til å sjå ting frå ulike perspektiv utan at det er synonymt med å vere ein idiot.

Dessverre står den vesle gruppa kunstnarar for så mykje hets mot enkeltpersonar, at svært få vågar stå åleine i stormar av typen Natasja Askelund har fått. At Anna Ihle går ut og definerer hennar offentlege utsegner som ein maktposisjon, er med på å legitimere vidare hets. Her er det kunstfeltet, og kanskje Norske Billedkunstnere (NBK), som blir definert som den svake part, og ein enkeltståande kunstnar blir definert som maktposisjonen.

Eg vil minne alle kunstnarar på at vår jobb ikkje er å vere ein moralsk peikefinger, og drive heksejakt mot alle som meiner noko anna enn det ein gjer sjølv. Difor kjennest det veldig absurd å måtte gå ut og forklare at ytringsfridom og mangfald skal omfatte andre enn ein sjølv.

Les også

Angsten for å snakke høyt

Ikkje for lite mangfald

Ihle skriv òg i sitt innlegg at det er utrygt å vere kunstnar i Noreg. Det er på ingen måte utrygt å vere kunstnar her i landet. Å vere kunstnar i Noreg, er ikkje utrygt, sjølv om ein manglar økonomisk tryggleik og andre velferdsgode dei fleste i landet tek som ei sjølvsagt del av kvardagen. At ein aldri veit om ein får stipend i neste runde, og at ein får avslag på søknadar, betyr heller ikkje at det er utrygt å vere kunstnar. Å påstå at det er utrygt å vere kunstnar i Noreg, vitnar om at me bur i eit land prega av privilegerte gode som overgår alt anna i verda til ein slik grad, at eg blir kvalm kvar gong eg høyrer nokon klage.

Me bur i eit land kor ein ikkje blir steina for sine meiningar. Kor ein ikkje blir fengsla for å vere homofil. Me har ordningar som tek vare på mangfald til ein slik grad at personar med minoritetsbakgrunn somme gonger blir usikre på om ein har blitt valt ut utelukka på grunnlag av kategori, og ikkje på grunnlag av evner. Det er vanskeleg å overtyde ein person om at vedkomande er fantastisk, om ein til dømes heile tida skal bli redusert til ein representant for si legning, eller sin hudfarge.

Kunstfeltet står fram ofte som eit maskineri som i altfor stor grad ser menneske som produkt av sine kategoriske identitetar, og ikkje som individ. Eit maskineri som er oppteken av å sikre eit kategorisk mangfald, og på same tid redusere individuelle skilnadar. Å ikkje bli forstått av alle, eller å møte nokon som ser verda i eit anna perspektiv, eller som utfordrar det ein sjølv står for, utgjer ikkje ein faktisk trussel. Det utgjer kanskje ein trussel mot trongsyn. Noko som betyr at ein bør jobbe for å opne opp rommet for å møte meingsmotstand oftare, heller enn det motsette.

Redsla for sine eigne

Eg er berre vara i styret i NBK, men vil likevel påstå at styret i NBK har eit spesielt ansvar når det gjeld å ta vare på mangfaldet innanfor kunstfeltet. Eg meiner at NBK har eit ansvar for å støtte opp om enkeltkunstnarar som stiller seg lagleg til for hogg frå usaklege personåtak frå den underkua kunstmassen. Alle i kunstfeltet veit at mange kunstnarar er redde for å ytre seg. Det handlar ikkje berre om redsle for hets frå samfunnet. Frykta handlar meir om redsle for å bli utestengd frå utstillingar, redsle for å bli stempla rasist, homofob, eller at nokon skal gå ut offentleg og krevje at ein mistar jobben. Ytringsangsten handlar òg om redsle for hets frå kollegaer i sosiale media.

Til alle kunstnarar som brukar tid på å hetse, trakassere og personjage kunstnarar som vågar meine noko anna enn det ein gjer sjølv; shut up, and make art.

Me har ordningar som tek vare på mangfald til ein slik grad at personar med minoritetsbakgrunn somme gonger blir usikre på om ein har blitt valt ut utelukka på grunnlag av kategori, og ikkje på grunnlag av evner.

Les også

  1. Ble kalt «rasist, homohater og høyreekstremist»

  2. Mobbingen av kunstner og kommentator Natasja Askelund er avskyelig

  3. «Fakta­feil og an­tyd­ninger fra Natasja Aske­lund om kunstnere og ytrings­frihet»

Publisert:
  1. Ytringsfrihet
  2. Natasja Askelund
  3. Kunst

Mest lest akkurat nå

  1. Bil på taket i Sandnes - to personer til sykehus

  2. Oppfordret til å avlyse julebord: SUS-ansatte føler seg forskjells­behandlet

  3. Familien på Tasta sparer tusenvis på å gjøre små grep – her er deres – og ekspertens – strømtips

  4. Brann i hytte på Tau

  5. Endelig fikk Støre til noe

  6. Er det penger å spare på å senke tempe­raturen om natten? Ikke gjør denne varme­pumpe-tabben