Fart og ikkje dårlege vegar har skulda for trafikkulukkene

DEBATT: Konklusjonen min etter å ha køyrt tur-retur Randaberg Fauske i ferien er at det er for høg fart som er årsaka til dei fleste trafikkulukkene.

Det er vanskeleg å sjå behovet for høgare fartsgrense enn 80 km/t nokon stad. Ein kjem seg raskt nok fram og tilbake til hytta i 80 km/t, og det er heilt marginalt kva tungtrafikken vinn i tid ved høgare fartsgrense.

Debattinnlegg

  • Dag Raustein
    Dag Raustein
    Randaberg
Publisert: Publisert:

Me såg mange skremmande forbikøyringar både med bil og MC. Hadde eg hatt fart opp mot fartsgrensa i ein sving like før ein tunnel, hadde eg ikkje sete ved tastaturet nå, men lege ein heilt annan stad. Ein bil i mot køyrde forbi ein annan i denne svingen, og greidde akkurat å smyga seg inn framfor denne før me hadde kollidert. Slike situasjonar me såg fleire av.

Mange blir fartsblinde

Det blir hevda at firefelts veg med midtskilje, eller også tofelts med midtskilje, vil vera sikrare enn utan slikt skilje, og det er sikkert rett. Det løyser likevel ikkje utfordringane med dødsulukker, fordi det aldri blir aktuelt med slike skilje på alle vegar.

Mi klare overtyding er at når fartsgrensene blir auka til 90 eller 110 km/t, blir mange fartsblinde og held fram med for høg fart på dårlegare vegar. Om det er ein eller ti prosent som lir av dette, er uråd å seia, det er i alle høve for mange.

Det er vanskeleg å sjå behovet for høgare fartsgrense enn 80 km/t nokon stad. Ein kjem seg raskt nok fram og tilbake til hytta i 80 km/t, og det er heilt marginalt kva tungtrafikken vinn i tid ved høgare fartsgrense. Etter mitt skjønn vil det vera rettare å satsa på utbetring av eksisterande vegar, gjerne dei vegane i utkantane som alltid blir prioriterte ned.

Bruk dei vegane me har

Å satsa på eksisterande vegar vil spara mykje god jord, vil redusera pengebruken til vegar sterkt og kan gi ei meir jamn satsing over heile landet. Og om det blir litt kø i sentrale område, skal me hugsa på den politiske visjonen om nullvekst i trafikken. Kø over litt tid vil også gjera at trafikken spreier seg betre ut over dagen, som det i dagens arbeidsmarknad er betre høve til.

Nå er dette ein eldre manns teori. Eg veit at ikkje alle de unge vil vera einige, men det får nå så vera. La meg til slutt seia at det var svært positivt å lesa at politiet hadde fartskontroll på E39 i Nord-Rogaland i 80 km/t-sone nyleg. Mange køyrde for fort. Eg har stor tru på at det må satsast meir på slike kontrollar, og om nødvendig litt mindre på strekningar med lågare fartsgrense. Det er den høge farten som drep.

Mi klare overtyding er at når fartsgrensene blir auka til 90 eller 110 km/t, blir mange fartsblinde og held fram med for høg fart på dårlegare vegar.
Publisert: