Håp for lokaldemokratiet og folkeviljen i Forsand

Debattinnlegg

  • Rolf Magne Haukalid, Årstein Løland, Ingeborg L. Søyland, Tore Hans Mikkelson, Ingvar M. Fossan
    Aksjonsgruppa ja til folkeviljen, nei til tvangssamanslåing
Publisert: Publisert:

KOMMUNEGRENSER: 22. juni 2022 var dagen lokaldemokratiet og folkeviljen i Forsandbygda for andre gong skulle bli «slått i bakken». Frå før er 6. juni 2017 notert i historiebøkene.

Ap/Sp-regjeringa hadde bestemt seg: Forsand skulle bli verande i Nye Sandnes!

Kva fortel dette oss? Jo, at Ap-aksen Wirak–Tajik–Støre har ein grenselaus kapasitet for maktbruk. Ser ein tilbake på kva for metode Dagestad og mindretalet brukte i kommunestyret i Forsand 6. juni 2017, så var det kopien dei tok i bruk i fylkestinget 15. juni 2022.

Sp sitt knefall for Ap i regjeringa er komplett uforståeleg. Her burde dei sett hardt mot hardt, i alle fall viss dei ville stå opp for kjerneverdiane sine og lovnader ovanfor veljarane.

Men så, når alt såg som mørkast ut, varslar KrF-leiar Olaug Bollestad at ho til hausten vil ta saka til Stortinget ved eit representantforslag. Dette til stor glede og oppmuntring for Aksjonsgruppa. Det gir oss nytt håp for lokaldemokratiet og folkeviljen i Forsandbygda. Det blir altså ein ekstraomgang!

Me har difor fatta nytt mot og håp om at Stortinget set eit verdig punktum for Forsandbygda, lokaldemokratiet og folkeviljen.

Publisert: