Eit hjartesukk om arbeidet for rassikring!
DEBATT: Det er sjølvsagt synd dersom det er slik at ordførar i Suldal ikkje klarer å vera ekte entusiast i å takka og skryta av det folkelige engasjementet i Suldal, som dei siste vekene har vore formidabelt godt!
- Svanhild Løge SkålheimMedlem av fylkestingsgruppa for Rogaland KrF og styremedlem i Suldal KrF


Likevel er det trist å merka den manglande takken, innsikta og respekten som den folkelige aksjonen synes å ha for det mangeårige, uthaldande, krevjande og tverrpolitiske arbeidet som ligg som grunnvoll for avgjerda vi i dag ser.
Hol på byllen
Det var den forrige regjeringa som fikk første hol på byllen, med å flytta noko av pengane til rassikring av Rødsliane over til første del av NTP! Det var eit stort politisk arbeid som låg bak dette. Vidare er det blitt jobba fram eit tverrpolitisk trykk frå eit samla fylkesting (alle parti), som vidare har trykka på for at regjering og Storting skal sikra faktisk start i Rødsliane (sjølv om ikkje heile summen låg i første periode).
Lokalpolitikarane, og sjølvsagt med ordførar, i Suldal, har i lang tid bidratt til å ropa til sine sentrale partifeller. Fleire politikartoppar og samferdselsministrar har fått besøkt rasstaden og fått gode presentasjonar av den store faren vegen utgjer. Utan alt dette ville det vore heilt urealistisk, dessverre, å tru at ein folkeaksjon i seg sjølv kunna «redda dagen»"! Men, i samstemt kor med alt det politiske forarbeidet, er folkeaksjonen ein nydeleg og viktig sluttspurt, i eit svært tungt og mangeårig maraton.
Viktig støtte
Gratulera til alle med dagens gode resultat! I fortsetjinga gjeld det å arbeida via våre mange politiske parti og folkelige aksjonar er, i tillegg, enormt god og viktig støtte!
I samstemt kor med alt det politiske forarbeidet, er folkeaksjonen ein nydeleg og viktig sluttspurt, i eit svært tungt og mangeårig maraton.