Omkøyringsvegen, ei brekkstong for dei topptunge

DEBATT: Nyheiter frå Time kommune og utbyggjarane, med Tom Tvedt i spissen, har ein tendens til å koma plutseleg og nøye koordinerte i saka om kraftintensiv industri rundt Kvernaland. Så også på torsdag 7. oktober.

«Skal nye gardar, ny matjord og ny natur bli øydelagde fordi utbyggjarane og Time kommune ikkje har råd til ein ordentleg veg?» spør Øystein Nereng.

Debattinnlegg

  • Øystein Nereng
    Leder i Vern Kvernaland
Publisert: Publisert:

Då skreiv Aftenbladet om sjølve brekkstonga for utbygginga; omkøyringsvegen. Ein bøling med topptunge folk hadde troppa opp på fylkesordføraren sitt kontor for å presentera sitt «hemmelege» forslag for korleis dei kan gjera omkøyringsvegen billig; dei vil byggja heile vegen i dagen, utan tunnel.

Dei vil ha vegen billegast og raskast mogleg, slik at dei får fortgang på det dei kom til bygda for, – byggja datasenter!

Mangel på medverking

Eit gjennomgripande problem i saka om utbygging av kraftintensiv industri rundt Kvernaland har vore mangelen på medverking. Desse topptunge folka har samarbeidd sidan lenge før valet i 2019, sjølv om både den tidlegare, og den nåverande ordføraren nektar for det.

Dei første spora me finn om saka, er frå formannskapet i januar 2018. Me innbyggjarane fekk ikkje vita om saka før rundt årsskiftet 2019/2020. To år etter! Dei held sine nære, mens me andre ikkje veit nokon ting. Samskaping kalla kommunedirektøren det.

Dei har det travelt

Vern Kvernaland registrerer at Time kommune og utbyggjarane med dette ikkje har tenkt å endre kurs. Sjølv ikkje når det gjeld noko som dei seier dei bryr seg om; å løysa trafikksituasjonen gjennom Kvernaland! Dei har det travelt, dei vil greie ut mindre for å spara tid. Dei vil gjera vegen dårlegare, for då blir den billegare. Dei vil ha vegen billegast og raskast mogleg, slik at dei får fortgang på det dei kom til bygda for, – byggja datasenter!

La det vera klart: Vern Kvernaland meiner at trafikksituasjonen gjennom Kvernaland er uuthaldeleg, og må løysast. Men:

  • Skal trafikksituasjonen i Kvernaland løysast, må vegen verta ein reell omkøyringsveg for fylkesveg 505 – ein veg som får all tungtransport og all gjennomgangstrafikk til å gå utanom sentrum, og ikkje berre ein tilkomstveg for utbyggjarane.
  • Alle alternative traséar må vurderast før ein vedtar omkøyringsvegen, også dei som ingen har vurdert før. For dei finst!
  • Dersom traseen på austsida av bygda blir valt, må tunnelen forlengast, ikkje forkastast! Skal nye gardar, ny matjord og ny natur bli øydelagde fordi utbyggjarane og Time kommune ikkje har råd til ein ordentleg veg?
  • Å byggja ein over sju km lang veg kostar. Eit kostnadsanslag gjort for fleire år sidan står seg ikkje i 2021. Når Tommy Stangeland, sjefen i Stangeland Maskin, hevdar at hans anslag er på rundt 200 millionar (utan tunnel), så vil me utfordra han til å visa oss dette anslaget. Det trur me rett og slett ikkje på.
  • Er det verkeleg slik at det er opp til desse å bestemma kven som skal byggja vegen? Sjølv på Kvernaland finst det reglar for offentlege anskaffingar. Ein fylkesveg må jo settast ut på anbod?

Det er ikkje så mange måtar å byggja veg på i 2021. Så skal det lagast ein omkøyringsveg for fylkesveg 505, så må standardar for fylkesvegar følgjast. Difor vel me å stola på at Rogaland fylkeskommune, som er ansvarleg vegmyndigheit for fylkesvegar, har kontroll og ikkje vik. Ein må ikkje følgja dei topptunge ved å tru på narrativet dei prøver å etablera: «Me har eit tempoproblem». Då sit me igjen med ein tilkomstveg, ikkje ein omkøyringsveg.

Dårleg sak

Det er nok ein grunn til at dei var så mange på kontoret til fylkesordføraren. Dei veit at dei har ei dårleg sak!

Les også

  1. – Ureint trav om data­senter og batteri­fabrikker

  2. Nå er det endelig: Time sa ja til Kalberg-utbyggingen med én stemmes flertall

Publisert:
  1. Debatt
  2. Tom Tvedt
  3. Stangeland Maskin
  4. Datasenter
  5. Time kommune

Mest lest akkurat nå

  1. Ventetid på inntil ett år på SUS: – Fører til stor frustrasjon

  2. Arild Østbø med klar beskjed etter ny praktkamp: - Jeg har fortalt at jeg vil stå

  3. Oversvømmelser og store vannmengder langs E39

  4. Gjør du også disse lysfeilene? Så mye kan det koste deg i bot

  5. Blandet mottakelse for «Nordsjøen» – fra treere til «en oppvisning»

  6. Oilers snudde kampen mot erkerivalen: - Vi fikk høre det i pausen