Rogaland Mållag fyller 100 år: «Rogalandsmålet er nynorsk»

KRONIKK: Skulen gir bokmålsfolket liten sjanse til å bli tospråklege, medan nynorskfolket ikkje kan unngå å bli det. Etter meir enn hundre år med målkamp er det tid for reell jamstilling.

Talemålet varierer rundt om – og til dels mellom sosiale lag, mindre no enn før – men i Rogaland totalt er det ikkje tvil om at talemålet ligg tett på det nynorske skriftmålet. Foto: Hilde Thomsen

Debattinnlegg

  • Anne Elise Winterhus
    Anne Elise Winterhus
    Leiar, Stavanger Mållag
Publisert: Publisert:

26. mars 2020 er 100-årsdagen for skipinga av Rogaland Mållag. Runde tal gir oss eit fint høve til å sjå både bakover og framover.

Det kan vera lett å gløyma kor modige og framsynte lovgjevarar me hadde i 1885, då «det norske Folkemaalet» og «Bokmaalet» fekk status som jamstilte språk. Språkkampen var ein viktig del av Noregs pågåande nasjonaldannande prosjekt.

I vår tid er det lett å undervurdera kor revolusjonær tanken om å danna eit skriftspråk på talemålets grunn var. Det var folket mot eliten og sentralmakta i ei tid då avstanden var mykje større enn i dag.

Fra protokollen for jamstellingsvedtaket i Stortinget i 1885.

Folket vann fram, og i vår tid er det lett å ta resultata for gitt. Men sigeren er ikkje vunnen ein gong for alle. I Dag og Tid 21. februar 2020 skriv dosent og forskar Jens Haugan:

«Dei to målformene våre har vore jamstilte ved lov sidan 1885. Det vil seie at staten i heile 135 år har garantert dei individuelle rettane til brukarane av begge målformene. Men samtidig har staten likevel behandla dei to målformene – og brukarane av målformene – veldig forskjellig. […] Nynorsken – og nynorskbrukarar – blir ofte møtt med uvilje, og ein kan i mange samanhengar seie at ein har to ulike typar borgarar i «demokratiske» Noreg. Nynorskbrukarar ber om å vere jamstilte, mens bokmålsbrukarar ofte meiner at målrørsla stiller urimelege krav.»

Slik ser me at det framleis er noko å kjempa for og framleis noko å finna betre løysingar på.

Arne Garborg (1851–1924) frå Time, til venstre, og Rasmus Løland (1861–1907) frå Sand (no Suldal) – to forfattarar og nynorsk-pionerar frå Rogaland.

«Forakta»

Det nynorske skriftspråket har djupe røter her i regionen. Arne Garborg og Rasmus Løland kjenner me som våre. I dag har me ei rekkje framifrå forfattarar som skriv nynorsk i Rogaland.

Men det vekte likevel oppsikt då Stavanger-forfattaren Tore Renberg skreiv ein roman på nynorsk og erklærte at han ville nynorskmotstanden til livs. I Kapittel-foredraget 2018 sa han mellom anna:

«I det stavangerlivet kor eg lærte å føla og tenka, er nynorsken forakta.»

Han snakka om nedarva haldningar og fordommar som blir overleverte og «ikkje utsette for fordomskritikk».

Han sa vidare: «Me vil ikkje skriva det språket som ligg nært vår eigen tale og tanke. […] Eg veit det er mange som ikkje vil høyra dette, men språk er identitet, og nynorsk er det beste skriftspråket for oss som seier «eg» og «ikkje» og «kor» og «ka» og «helsiken» og «kaffornåge. […] Det blir ein jobb å gjera, især her vestpå, for nynorsken er framtidas skriftmål for oss». (Aftenbladet, september 2018).

Les også

Tore Renberg: «Den paradoksale nynorskforakten»

Les også

Debatt: «Takk for støtta, Tore Renberg!»

Les også

Rolf Erik Solheim: «Arne Garborgs syn på natur og økonomi – og klimakrisa i dag»

Nye Stavanger

Rogaland er i talemål eit nynorskfylke. Dette viser berre til dels att i offentleg administrasjon. Av 23 kommunar er to bokmål-kommunar, ni er nynorsk-kommunar og 12 har valt ein nøytral posisjon. I ein språknøytral kommune kan tilsette sjølv velja om dei vil skriva bokmål eller nynorsk.

Stavanger-mannen og SV-politikaren Eirik Faret Sakariassen gav forfattaren Renberg rett. Han foreslo at Nye Stavanger burde bli nynorsk-kommune. Så dristige har ikkje politikarane i Stavanger kommune vore. Dei har gått inn for ein nøytral språkposisjon.

Rammene for språkval er klart endra. Byen Stavanger inkluderer no landkommunane Finnøy og Rennesøy. Det kommande arbeidet med ein språkplan for kommunen vil visa kor dristig ein torer å tenkja.

Samtalen mellom fem politikarar frå SV, KrF, Sp, Høgre og Ap på Martinique 20. februar lovar godt. Dei stod fram som tydelege og framsynte når det gjeld nynorskens plass og med ei klar forståing av den tospråklege situasjonen i den nye kommunen.

Les også

Eirik Faret Sakariassen (SV): «Tilståingar frå ein bokmålsgut»

Les også

Christian Wedler (Frp): «Nye Stavanger må likestille nynorsk og bokmål»

Les også

Nye Stavanger: Forslag om å droppe nynorsk fikk kun én stemme

Vårt håp er at politikarane og byråkratane i Stavanger kommune vel å leggja grunnlaget for at Stavangers innbyggjarar blir reelt tospråklege. Fleirtalet i Stavanger møter i dag nynorsken som «sidemålet». Mange elevar opplever nynorsken som «noko herk», rett og slett fordi dei aldri har fått sjansen til å læra språket skikkeleg. Sjølv om læreplanane i norsk legg opp til at ein skal arbeida med begge målformer, er realiteten at dei fleste ikkje møter «sidemålet» før i ungdomskulen. For mange er det alt dei får av systematisk opplæring.

I vidaregåande skule er det berre dei som vel studieførebuande, som får opplæring i å skriva både nynorsk og bokmål.

Les også

Magne Aasbrenn, Noregs Mållag: «Derfor har elevar sidemål»

Fylkeshovudstad for begge måla

I dag er Stavanger ein moderne og mangfaldig by, men som før omgjeven av nynorsk-land både i sør og nord, med Jæren og Ryfylke som næraste naboar. Der har framleis mange av innbyggjarane røtene sine. Spørsmålet blir då om det språklege mangfaldet i byen fullt ut reflekterer desse geografiske og språklege realitetane?

Stavanger Mållag sitt ønske for 100-årsdagen til Rogaland Mållag er at alle som veks opp i Stavanger, skal møta både nynorsk og bokmål gjennom oppveksten, i barnehagen som i grunnskulen. Slik kan ein leggja eit grunnlag for solid tospråkleg kompetanse, og dermed gi innbyggjarane eit reelt, fritt og personleg val av skriftspråk. Og slik kan Stavanger fylla rolla si som fylkeshovudstad for både nynorskfolket og bokmålsfolket.

Les også

  1. Like etter at fylkesordfører fikk «Målblomen» av Stavanger Mållag, dukket en underlig språkblomst opp

  2. – Eg ser jo at resultata er gått ned

Publisert:
  1. Nynorsk
  2. Stavanger
  3. Tore Renberg
  4. Eirik Faret Sakariassen

Mest lest akkurat nå

  1. Leger mener korona­utvalg gjør feil vaksine­prioritering

  2. Da barna reagerte på mobilbruken, skjønte Randi (38) alvoret. Her er hjerneforskerens råd for å logge av.

  3. President Trump benådet Michael Flynn

  4. Sandnesbrødre vil bygge ishall og 50-metersbasseng på Lura

  5. Helikoptertrafikken stanses – mannskap på plattformer kommer seg ikke i land

  6. Han høres og gir maks på feltet, men er egentlig litt sky