Kommunesamanslåing – kva med Finnøy nå?

DEBATT: Sjølv om det var Finnøy Ap som ivra mest for samanslåing med Stavanger, må eg innrømma at det er litt vemodig å reflektera over at våre øyar og innbyggjarar ikkje lenger skal styrast frå Judaberg og Vikevåg, men Olavskleiva.

Publisert: Publisert:

«Kva vil så skje med øyane i Ryfylke, blir dette ein dans på roser? Heilt klart nei, men fordelane kan bli større enn ulempene», skriv Jon Olav Runestad. Foto: Torstein Lillevik

Debattinnlegg

  • Jon Olav Runestad
    Finnøy Arbeiderparti

Finnøy kommune følgde lojalt opp regjeringas plan om ein storstilt kommunereform, som igjen skulle gjera landet betre rusta til å møta framtida. Mange innsåg at ein kommune som Finnøy ville bli for liten til å kunne levera dei beste tenestene for innbyggjarane inn i framtida.

Demokratiet tala

For å gjera ei lang historie kort, så blir øyane våre nå ein del av ein storbykommune. Kommunereforma blei for Rogaland sin del eit stort mageplask. Det blei ingen storkommune på Jæren, Sola, og Randaberg ønska heller ikkje å inngå i ein ny storbykommune osv. Eit større Stavanger og ein kraftig jærkommune ville etter mitt syn styrka regionen i konkurranse med andre landsdelar, men demokratiet tala sitt språk. Sannsynlegvis så opplever dei fleste at dagens kommunar er nære og kompakte, og at innbyggjarane har det godt. Slik sett blei kanskje det gode det beste sin fiende?

Der er utruleg viktig at vi får sterke og vitale kommunedelsutval med lokalkunnskap som står nær menneske og næringsliv.

Sentrale verv

Kva vil så skje med øyane i Ryfylke, blir dette ein dans på roser? Heilt klart nei, men fordelane kan bli større enn ulempene. Fram til nå har Rennesøy og Finnøy vore inne i såkalla kveitebrødsdagar, som nå straks tek slutt. Budsjetter og faglege vurderingar vil nå prega vår framtid. Øyane i Ryfylke blir ein klar utkant i kommunen, men eg føler meg trygg på at administrasjon og nytt kommunestyre vil prøve sjå alt og alle. Det er også gledelig å sjå at lokale politikarar frå Rennesøy og Finnøy får sentrale verv i Nye Stavanger. Likevel er det utruleg viktig at vi får sterke og vitale kommunedelsutval med lokalkunnskap som står nær menneske og næringsliv.

Det er menneska som arbeider i kommunen, som er bærebjelken, og eg trur ikkje at dei varme hendene i omsorgsyrka blir kaldare, eller at entusiasmen bak kateteret blir mindre om kommunen blir større. Klarer vi å dra med oss nokre av våre smådriftsfordelar kombinert med faglege og økonomiske fordeler med stordrift, kan dette fort gå godt.
Det politiske fleirtalet som nå skal styre oss har til dels ulik ståstad, men fornuftige folk vil nok klare å drøfte seg fram til minste felles multiplum. Skal vi få betre tenestetilbod, så er det ikkje bare auka løyvingar som er svaret, vi må saman arbeida enda smartare. Eg føler meg trygg på at dei nye fleirtalspartia vil visa styringskraft. Dei viktigaste faktorane for at gruppa skal lukkas, er det enkle som: ærlegdom, lojalitet, personleg kjemi og evna til å ta pragmatiske val.

Ikkje alle tek del i velstandsutviklinga

Stavanger kommune har etter mitt syn blitt styrt bra over mange år, men det er alltid godt med endringar, og nye sansar friskar opp. Eg føler meg trygg på at den nye ordføraren vil bli like godt likt som den førre. Om dei fleste har det svært godt i vår region,så må me ikkje gløyma at det er altfor mange som ikkje har fått tatt del i velstandsutviklinga. Her finnes det ikkje enkle løysingar, men me kan ikkje godta dette. Håper at det samla politiske miljø i Stavanger gjer alt ein kan for å snu dette.

Kva med Øyfast? Bakken vil nok framleis væra bratt, men dette viktige prosjektet må uansett tåle nøye økonomiske og miljømessige vurderingar. Eg reknar med at Stavanger framleis vil arbeide i tråd med intensjonsavtalen, så blir lagnaden avgjort av fylket og Storting.

Møtt med respekt

Som snart avgått politikar frå Finnøy, vil eg nytte høve til å takke politisk og administrativ leiing i Stavanger for grundig arbeid med å inkludere Finnøy og Rennesøy inn i den nye kommunen. Vi har blitt møtt med stor respekt og har ikkje merka noko til dette som enkelte kallar storbyarroganse. Til slutt må vi ikkje gløyme fagforeiningane som på vegne av alle tilsette har gjort eit framifrå arbeid for å sikre ein smidig overgang for den viktigaste faktoren for at dette skal lukkas, nemlig arbeidskrafta.

Publisert:

Les også

  1. Vil kutte i lønnen til ordfører og varaordfører

  2. Den nye Stavangerplattformen: – Dette betyr over og ut for Øyfast

  3. Ordfører Hausken kan få 400.000 mer når hun blir varaordfører

Mest lest akkurat nå

  1. Viking får slippe inn flere tilskuere

  2. Stenger Lauvvik ferjekai

  3. Over 50 koronasmittede knyttes til utbrudd på buss

  4. Men hvis klovneskoen passer...

  5. Slik letter regjeringen på korona­tiltak for idretten og kulturlivet

  6. Nå er det ikke morsomt lenger

  1. Debatt
  2. Kommunereform
  3. Finnøy kommune
  4. Stavanger kommune