Kan naustet på Bokn få stå?

FORVALTNING: Det er stor interesse for saka om naustet til Jan Kristian Bokn. Det er både på godt og vond. Godt, fordi det viser at mange engasjerer seg i det dei ser som urett. Vondt, fordi den offentlege forvaltninga ikkje har verka slik innbyggjarane kan forventa.

Er det for mykje å be om at nokon vil ta ansvar for å rydde opp i naust-saka på Bokn? Politikarane i Stavanger er dei første på ballen. Alle dokument i saka er offentlege, inga teieplikt som kveler diskusjonen, skriv ho som har hjelpt Jan Kristian Bokn med papirarbeidet. Foto: Kristian Jacobsen

Debattinnlegg

  • Eva Bringeland
    Eva Bringeland
    Pro-plan AS, ansvarlig søkjar på vegne av Jan Kristian Bokn
Publisert: Publisert:

På vegner av Jan Kristian Bokn vil eg gjerne ha svar på nokre spørsmål:

Kven bestemmer om naust er eit naudsynt tiltak for landbruksdrift når ein bur og driv gard på øyane? Gardbrukaren? Kommunen? Fylkesmannen? departementet/regjeringa? Og korleis kan ein hytteeigar som verken ser eller høyrer noko til naustet, få klagerett og utløyse omgjering av eit politisk vedtak som er bekrefta to gonger i Finnøy kommune?

Eg kjenner alle dokumenta og historikken i saka, fordi eg har hjelpt Bokn med papirarbeidet i søknadsprosessen frå 2018 til no. Papira er å finna på innsynsløysinga til Stavanger kommune. Her er eit samandrag:

Les også

Naust-konflikt avgjerast i haust: – Her har vi ein stakkars mann som har fått byggetillatelse og uheldigvis er litt for seint ute med igangsettelse

Hytteeigar varsla

Jan Kristian Bokn fekk byggeløyve til naustet i 2010. Byggeløyver «varer» i tre år. Bygginga starta i 2014, eit år for seint. Det var sjølvsagt ikkje rett.

Eg vart spurt om å hjelpe i 2018, fordi Finnøy kommune då hadde fått melding frå ein hytteeigar om at naustet var starta på etter at løyvet var utgått, og var bygd utan gyldig byggeløyve. Kommunen bad om ny søknad og Bokn fekk nytt byggeløyve til naustet i 2019. Hytteeigaren klaga på dette vedtaket. Klagen blei først behandla i Finnøy kommune, som meinte naustet skulle få stå. Deretter gjekk klagen til Fylkesmannen som gav hytteeigaren medhald i klagen og oppheva vedtaket frå Finnøy kommune.

Vi prøvde saka for sivilombodsmannen – og deretter omgjeringskrav til Fylkesmannen. Dei heldt fast på at søknaden var behandla rett, etter korleis den var sett fram. Eit vedtak som er endeleg avgjort kan ikkje behandlast på nytt utan at det ligg føre nye moment i saka.

Les også

Jan Kristian (81) trues med 1000 kroner i dagbot viss han ikkje river dette naustet

Juridiske krumspring

Jussen er finurleg. Alle vedtak skal forankrast i reglar. Dersom vedtaket er gjort med rett heimel, skal det stå seg i møte med fylkesmannen ved klagebehandling. Fylkesmannen la til grunn i vedtaket at naustet ikkje er naudsynt for gardsdrifta, men i strid med det gjeldande arealformålet i kommuneplanen.

Planen er vedtatt av lokalpolitikarane under «oppsyn» av fylkesmannen. Naustet på Bokn ligg i eit LNF-område som er via landbruk, natur og friluftsføremål. Her kan ein berre reisa bygg som er naudsynte for landbruksdrifta. Unntak kan søkjast om, men dispensasjonar sit langt inne.

Tiltak som er i samsvar med arealformålet krev «berre» dispensasjon frå byggeforbodet i strandsona. Eit naust må då plasserast slik at allmenta sine interesser, som bading og fisking, blir varetatt, samtidig som bønder får naust til drifta.

Kvifor konkluderte fylkesmannen med at dette naustet ikkje var naudsynt for gardsdrifta? Fordi det var søkt om dispensasjon frå LNF – føremålet. Finnøy kommune kravde dette for alle søknader om naust til gardsbruk. Fylkesmannen derimot, peika på at regjeringa via landbruksdepartementet seier at naust til gardsdrift er innanfor LNF – føremålet. Den nye kommuneplanen for Finnøy slår fast det same. Definisjonen på nødvendige tiltak i landbruket er dei same som retningslinjene frå departementet.

Nokon må rydde opp

Stavanger kommune varsla at naustet måtte rivast. Vi søkte då på nytt i samsvar med i gjeldande kommuneplan, rettleiinga frå Fylkesmannen og departementet. Vi hevdar at kommunen har gjort feil, og at saka må opp på nytt. Kommunen har sagt nei og viser til at deira praksis er noko anna enn det vi hevdar er rett forståing av regelverket. Difor kan ikkje Jan Kristian Bokn få byggeløyve.

Vi har klaga på avslaget, og viser mellom anna til ei sak der det er gjort nettopp slik denne rettleiinga peiker på. Vi ber om lik behandling. Kommunen hevdar at det som blei gjort i den andre saka er noko som ikkje skal leggjast vekt på. Dette er meir enn flisespikkeri om jussen og flukt frå ansvar. Dette er eit alvorleg overtramp mot ein næringsdrivande innbyggar som svekker rettstryggleiken og tilliten til forvaltninga.

Er det for mykje å be om at nokon vil ta ansvar for å rydde opp?

Politikarane i Stavanger er dei første på ballen. Alle dokument i saka er offentlege, inga teieplikt som kveler diskusjonen. Heller ikkje for dei som gjer vedtak som betyr svært mykje for eit enkelt menneske.

Kvifor konkluderte fylkesmannen med at dette naustet ikkje var naudsynt for gardsdrifta? Fordi det var søkt om dispensasjon frå LNF – føremålet.

Les også

  1. Stavanger Høyre: – De to naustene er ikkje sammenlignbare

  2. – Stavangerpolitikerne har en naust-lekse å gjøre

Publisert:
  1. Finnøy kommune
  2. Bokn

Mest lest akkurat nå

  1. Politiet har frigitt navnet på mannen som døde i trafikkulykken på Buevegen

  2. Vikings styreleder: – Jeg trekker meg ikke

  3. Venstre-leder: – Helt sprøtt å kutte i Sykkel­stamveien

  4. Slår alarm om smertestillende i idretten: – Jeg tok Voltaren hver dag

  5. På det meste jobbet over 400 her. Nå er arbeiderne erstattet med 300 hytter i fjellbygda

  6. Anette Thorsen (34) fra Stavanger hadde hverken egenka­pital eller foreldre­hjelp. Slik fikk hun oppfylt bolig­drømmen