Kven har ansvaret for vindkraft­utbygginga?

KRONIKK: Er det ingeniørane, økonomane eller politikarane?

Kongeparet i Bessakerfjellet vindpark i Åfjord i Trøndelag i 2013. Eigar er Midgard Vind, der Stadtwerke München eig 70 prosent av aksjane. Operatør TrønderEnergi eig resten. Korleis kunne dette skje?

Debattinnlegg

  • Mads Løkeland-Stai
    Sivilingeniør
  • Harald Kjelstad
    Sivilingeniør
Publisert: Publisert:

25. mai i år var det ein stor demonstrasjon framfor Stortinget for å markere motstand mot den massive vindkraftutbygginga på Øyfjellet, eit av kjerneområda for reindrift i Nordland. I appellen sin sa Ramona Kappfjell Sørfjell at kampen for framtida var som kampen mot Goliat. Ho tok spesielt fram ingeniørar og økonomar.

Vi forstår henne godt. Vi er begge sivilingeniørar frå NTH (bygg/anlegg og elektro). Vi kjenner dei fleste ingeniørmiljøa i Norge. Samla har vi lang praksis frå vasskraftutbygging i Norge og internasjonalt, frå utvikling og utbygging av industri- og innovasjonsmiljø, og ikkje minst frå elektrifisering og frå organisering av naturvern og regional politikk. Vi vil gjerne understreke det moralske ansvaret ingeniørstanden har, eit ansvar som bør gjennomsyre alle dei store teknologimiljøa i Norge.

Vi har stort sett vore stolte av ingeniørstanden, vi strekte oss etter integritet og solidaritet med samfunna vi skulle utvikle. Men Ramona ser resultatet av kynisk framferd hos nokre personar som fekk svenske Eolus inn for å bygge ut det største vindkraftverket i Nord-Europa med det tyske fondet Aquila som eigar.

Korleis kunne dette skje, ikkje berre på Øyfjellet, men over heile landet?

Transport av ei lengde av eit turbintårn til Øyfjellet vindindustriåmråde, forbi Vefsn rådhus i Nordland og statuen av Elsa Laula, kjend frå arbeidet for samane sine rettar.

Den politiske viljen

Svaret er enkelt, det skjedde fordi norske miljø og styresmakter ikkje tok omsyn til kor store inngrep i norsk natur vindkraftplanane faktisk representerte, spekulantane fekk fritt spelerom. Etter endringa av energilova tidleg i 1990-åra oppstod det etter kvart ein «vanheilag» allianse mellom spekulantar, kraftselskap og utolmodige klimaforkjemparar.

Det blir ganske avslørande av kva krefter som har fått fritt spelerom i vindkrafta, når Tax Justice Network Norge slår fast at «halvparten av de ti største eierselskapene av norsk vindkraft er registrert i skatteparadis (Luxembourg, Caymanøyene, Sveits og Nederland)».

Sal av vindkraft til utlandet vert støtta med statlege garantiar. Dette gjev superforteneste for norske seljarar grunna enorme subsidiar vi alle betaler gjennom skattefordelar, grøne sertifikat og ikkje minst tilgangen til vår stabile vasskraft bygd ut over meir enn 100 år.

Vindkraft var utvikla i og for slettelanda, og all teknologi, montasje og utstyr til den massive vindkraftutbygginga i Norge vert importert frå Danmark, Tyskland, USA, eller Kina og Indonesia. Dette står i sterk kontrast til vasskraftutbygginga der 80 prosent av leveransane var normalt frå norsk industri. Framleis gjeld det for rehabilitering og drift. Norske arbeidsplassar i vindkraftutbygginga er knytt til brå oppstart av anleggsarbeid med kort varigheit, men med fotavtrykk som aldri forsvinn.

Les også

Harald Birkevold: «Det er helt ubegripelig at havbruk og vindparker ikke må betale mer til felleskassa»

Store skadeverknadar

Det er òg vanskeleg for mange ingeniørar å forstå politikarane sine strategiske grunngjevingar for at Norge, med sitt overskot på kraft, satsar på svært arealkrevjande vindkraft, ustabil produksjon, kort levetid og utanlandsk eigarskap. Naturmangfald og allemannsrett er sterkt skadelidande, reindriftsnæringa vert pressa frå alle kantar, ein heil kultur vert truga.

Men lokalsamfunna våre lir òg. Rekreasjonsområde, bulyst, økonomiske verdiar og utvikling av nærings- og reiseliv vert øydelagde. Konsesjonane er gjevne på grunnlag av ufullstendige analysar. Dette har NVE ansvar for, der er det òg mange ingeniørar. NVE var klare over inngrepa, men dei undervurderte reaksjonane frå folket.

Vi kjenner mange ingeniørar som ser galskapen i å øydelegge naturen med enorme skjeringar, djupe fyllingar og oppgravne myrer, alt for å frakte lange turbinblad og høge tårn frå Asia opp i norske fjell, der ein enten sprenger flat fire dekar for kvar turbin, eller transporterer opp store mengder med betong og stål. Ingen har enno sett reknestykke for klimagevinst.

Men vi møter òg ingeniørar, arbeidsformenn og maskinkøyrarar som bøyer nakke og stoltheit. Dei treng jobben, og det er lett å skaffe erstatning frå utlandet. Etter krav frå NHO definerte myndigheitene i mars 2020 vindkraftutbygging som samfunnskritisk, då slapp dei smittekarantene.

Den største og mest lønsame kraftkjelda i Norge, som òg gjev flest arbeidsplassar, er attvinning av energi og energieffektivisering.

Nok straum, stort potensial

Ingeniørane veit òg at vi ikkje treng vindkraft i norske fjell, kyst og skogar. Norge har eit årleg overskot av kraft på 15 TWh og meir blir det, sjølv om kraftselskapa stadig introduserer nye kraftkrevjande satsingar. Rehabilitering av eldre vasskraftverk utan nye inngrep kan gje 10 TWh. Klimaendringar vil i tillegg gje auka nedbør og avrenning, og innan 2040 kan årleg produksjon i alt aukast med minst 15 TWh i eksisterande kraftverk. Det er ikkje behov for ytterlegare utbygging av vasskraft, med inngrep i vassdragsnaturen vår.

Men den største og mest lønsame kraftkjelda i Norge, som òg gjev flest arbeidsplassar, er attvinning av energi og energieffektivisering, i både kraftkrevjande industri og i bygg. Potensialet er på i alle fall 45 TWh.

Bygga kan òg utstyrast med solceller for å skaffe fram distribuert elkraft. Dermed har vi kraft som dekker alle omtala føremål. Dette er tal som er dokumenterte frå ei rekke offisielle kjelder, ikkje minst frå dei sterkaste teknologiske miljøa som har sin hovudbase i teknologihovudstaden; NTNU, Sintef eller Arnstad-utvalet.

Ei høgt kvalifisert ekspertgruppe frigjer sin rapport om få dagar for å korrigere den avsporinga som har skjedd i norsk energi- og industripolitikk, og ikkje minst i klimakampen og naturforvaltninga. Ingeniørar er òg med i denne ekspertgruppa.

Publisert:
  1. Vindkraft
  2. Strøm
  3. Naturvern
  4. Fornybar energi
  5. Skatteparadis

Mest lest akkurat nå

  1. «Glimt av gammel storhet – og masse rør og rot. Men det viktigste denne kvelden var kanskje ikke kvaliteten på Kristian Valens show.»

  2. Kvinne brukte superlim på naboens elbil-lader

  3. Trafikkuhell i Hillevåg

  4. Et enkelt Messenger-spørsmål fra en slektning ble til et mareritt for Rune Nedrebø

  5. Da hun fikk påvist det arvelige genet, fikk hun valget. For henne var det aldri et spørsmål.

  6. Hadia Tajik-erstatter klar for Stortinget – tre kandidater til maktrolle i Rogaland