Er framtida i Suldal grøn eller grå som stein?

KRONIKK: Det er eit paradoks at grøn omstilling må gå ut over naturen. Ein kan ikkje øydeleggje naturen for å redde klimaet.

«Problemet med nedbygginga av natur er at ho skjer såpass stykkevis og delt at me nesten ikkje merkar det», skrive Nora Haaland Serigstad og Simen Bie Malde frå Jelsa.

Debattinnlegg

  • Nora Haaland Serigstad
    Jelsa
  • Simen Bie Malde
    Jelsa
Publisert: Publisert:

Det er store industriplanar på gang på Jelsa og Berakvam. Planar om utviding av steinbrot, oppstart av hydrogenproduksjon og produksjon av havvindmøller set store kjensler i sving på alle kantar.

Harald Birkevold skriv i sin kommentar i Aftenbladet den 31. august følgjande: «Har Suldal – og Norge – råd til bare å avvise planane? Jeg mener nei. Igjen fordi det er dette vi alltid har vært gode til i Norge. Å ta naturen i bruk for å skape vekst.»

Me vil gjerne snu på dette spørsmålet, og heller spørje om me har råd til å berre ignorere alarmklokkene som ljomar for klimaet og naturen? For har det verkeleg berre ført til vekst og velstand å drive den form for utnytting av natur som me har gjort opp gjennom historia?

Les også

Gigantiske industriplaner på Jelsa: – Vi skal ha noe å leve av, men vil også ha noe å leve for

Les også

Harald Birkevold: «Kraften i Ryfylke»

Pulverisert ansvar

Årets valkamp har vore prega av klima- og miljøsaka, godt hjelpt av FNs siste klimarapport i august og av flaum, hetebølgjer og brann på fleire kontinent i sommar. Samtidig som klimasaka har vore på den politiske agendaen i fleire år, er det i det siste blitt aukande medvit om den like illevarslande naturkrisa, og ikkje minst samanhengen mellom tap av natur og endringar i klima. Berre i Noreg er over 2000 artar utryddingstruga, og hovudgrunnen er som i verda elles: Endra arealbruk. Landbruk, industrialisering, utbygging av vegar, bustader og andre små og store prosjekt tek bort og omdannar bit for bit av naturen.

Problemet med nedbygginga av natur er at ho skjer såpass stykkevis og delt at me nesten ikkje merkar det. Ansvaret ligg til kvar enkelt kommune, som berre skal handsame arealplanen i sin eigen kommune. Ansvaret for heilskapen blir dermed pulverisert. Konsekvensane av at lovverket og det byråkratiske systemet er bygd opp på denne måten, er at kvar kommune må ta sin del av ansvaret.

Kronikkforfatterne Nora Haaland Serigstad og Simen Bie Malde bor på Jelsa i Suldal kommune i Ryfylke.

Natur kontra klima

I Suldal kommune står med ovanfor ein revisjon av kommuneplanen der omdisponering av areal er høgst relevant. Norsk Stein på Berakvam ønskjer å utvide området sitt med heile 2800 dekar. Windworks Jelsa (WWJ) vil utnytte Norsk Stein sitt gamle industriområde, og dessutan utvide på land og i sjøen. Fjorden vil bli delvis blokkert. I tillegg er det føreslått planar om hydrogenproduksjon på Jelsa.

Det er politisk vilje for at havvind og hydrogen skal kunne ta over for olje og gass. Me treng energikjelder som ikkje slepp ut klimagassar, og ein kan argumentere for at hydrogenproduksjonen og produksjonen av havvindmøllene er ein nødvendig del av den grøne omstillinga me skal gjennom.

Det er likevel eit paradoks at grøn omstilling her må gå ut over naturen. Ein kan ikkje øydeleggje naturen for å redde klimaet. Kommunen burde gjere alt dei kan for å forsøke å hindre at dette skjer. Windworks Jelsa argumenterer med at prosjektet ikkje vil ta urørt natur, fordi dei skal vera der Norsk Stein er i dag.

Samstundes legg WWJ til grunn at Norsk Stein skal halde fram med drifta i noverande og framtidige område. Prosjektet føreset med andre ord tap av 2800 dekar urørt, verdifull natur gjennom utvidinga til Norsk Stein.

Når det gjeld Norsk Stein skal det vel godt gjerast å argumentere for at dagbrot i slike naturområde er ein del av framtidas grøne industri. Steinknuseriet vil med sitt forslag plassere seg i verdsklasse når det gjeld storleik på dagbrot.

I tillegg til raseringa av urørt natur kjem store utslepp av klimagassar i lufta og slam i fjorden dei neste hundre åra. Utvidinga skal etter planen skje i eit landbruks-, natur- og friluftsområder (LNF). Det er vanskeleg å sjå for seg ein arealbruk som i større grad er i strid med LNF-føremål enn eit dagbrot. Kommunen burde i det minste stille som krav at Mibau Stema group vurderer dei seks områda som allereie i eksisterande kommuneplan er avsett som omsynssone til mogleg framtidig pukk-utvinning.

Les også

Alexander Rügert-Raustein: «Kva er matjorda vår verd, eigentleg? Er jorda på Kalberg verd meir enn 15 milliardar kroner?»

Les også

Ruralis-forskarar: «Ta vare på grunnrenta!»

Fastlagd premiss?

informasjonsmøtet på Jelsa blei det frå initiativtakarane sjølv ikkje lagt skjul på at særleg innspela til Norsk Stein og Windworks Jelsa vil medføre store naturinngrep dersom dei blir realiserte. Ein argumenterer likevel for at gevinsten er større enn kostnaden, og det blir framstilt som om store naturinngrep er nødvendige og uunngåelege for at ein skal få arbeidsplassar og inntekter.

Men er dette verkeleg ein uomtvisteleg premiss? Tomta der Norsk Stein er i dag burde vere stor nok til at ein kan få til ny, grøn industri på same stad utan å legge beslag på større, urørte naturområde rundt. Me saknar ein større samtale om kva som vil vere ein god etterbruk av områda til Norsk Stein, og korleis ein både kan ta vare på klima, natur og samtidig sikre arbeidsplassar og inntekter lokalt.

Me er uroa for om lokalpolitikarane i full utstrekning skjønar at det som blir avgjort i dag har konsekvensar for hundrevis av år framover. Klimakrisa, ekstremvêret me har sett i sommar og tapet av natur angår oss alle i aller høgste grad. Sjølv om det kjennest aldri så trygt og godt her inne i Ryfylke.

Me er avhengige av å ha lokale politikarar og lokal administrasjon som greier å ta på alvor det store ansvaret som arealforvaltning faktisk er.

Publisert:

Valg 2021 - miljø/klima

  1. – Gi politiske insentiver som muliggjør å fjerne karbondioksid fra luften

  2. Er framtida i Suldal grøn eller grå som stein?

  3. – Grøn helsing frå ein tidlegare oljearbeidar

  4. – Vi kan ikke støtte partier som skaper usikkerhet for våre medlemmer i industrien

  5. – Nå trenger vi samling om effektive klimatiltak

  6. – Ta politisk kontroll over krafta!

  1. Valg 2021 - miljø/klima
  2. Natur
  3. Jelsa
  4. Suldal kommune
  5. Industri