Same straumpris i heile landet?

DEBATT: Omfordeling av strauminntekter mellom prisområda og utjamning av prisane burde vere mogeleg.

Inndelinga i ulike prisområde, kombinert med store skilnader i magasinfyllinga mellom landsdelane – pluss eksportkablane til utlandet i sørvest – er årsaker til dei høgestraumprisane i prisområdet NO2.

Debattinnlegg

  • Rolf Schei
    Rolf Schei
    Sivilingeniør og siviløkonom, Stavanger
Publisert: Publisert:

For meg er det urimeleg at vi ikkje kan ha tilnærma lik straumpris uavhengig av kor vi bur i Noreg. Kva har vi, som av ulike grunnar har hamna i Stavanger, gjort gale som fortener ein pris som til tider er over 100 gonger høgare enn i Trondheim?

Årsaka, blir vi fortald, er at Noreg har ulike geografiske prisområde, og at pris er avhengig av overføringskapasitet mellom desse og til utlandet. Og dessutan prisnivået i dei marknadane vi eksporterer til og importerer frå.

Noreg har fem ulike prisområde. Rogaland ligg i område NO2 (Kristiansand) som består av Rogaland og Agder. Til samanlikning har Storbritannia, Tyskland og Frankrike berre eitt prisområde kvar.

Fortener vi dette?

I NO2 ligg 39 prosent av all vassmagasinkapasitet i Noreg, og 31 prosent av landet sine 1328 vindkraftturbiner. I tillegg går 60 prosent av Noregs eksportkapasitet ut frå NO2-området. Ein eksportkapasitet som kraftprodusentar i NO2 og statskassa i dag profitterer godt på.

Trass i dette betaler no innbyggjarane og bedrifter i NO2 mest for straumen. Fortener vi ikkje i det minste same pris som resten av landet?

Omfordeling

Energipolitikken har bl.a. som mål å skape ein marknad der produksjon i og utvekslingskapasitet mellom ulike områda bli utbygd heilt til prisforskjellane blir utjamna. Dette vil likevel ta mange tiår, og i mellomtida bør ein difor gjennomføre konkrete tiltak for å redusere prisforskjellar. Ikkje berre innanfor hushaldningar, som delvis skjer i dag, men også innanfor industri og anna næringsliv. Produksjon og transport av kraft er i hovudsak eigd offentleg av staten og kommunar. Omfordeling av strauminntekter og utjamning av prisar burde difor vere mogeleg.

I tillegg bør ein sjå på avtalane om eksport til utlandet. Dette tar til og med «energilovas far», tidlegare olje og energiminister Eivind Reiten, no til orde for.

Noreg har vedtatt å knytte seg opp mot EU sin interne kraftmarknad, og vi kjenner no på ulike effektar av dette. Varige prisforskjellar mellom ulike landsdelar vil bør ikkje vere ein slik effekt.

Dei ulike prisområda for straum i Noreg.
Publisert: