Set ikkje USA si grunnlov bom for diktaturet?

DEBATT: Kva gjer Noreg om USA blir eit diktatur?

Kongressen si høyring om storminga av Kongressen då Joe Biden i fjor skulle innsetjast som president, er sterke saker – ikkje minst vitnemålet til Cassidy Hutchinson, rådgjevar for stabssjef Mark Meadows mot slutten av Donald Trump si regjeringstid.
  • Arvid Hove
    Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Om høyringane i USA [om Trump-tilhengarar si storming av Kongressen 6. januar 2021] skriv Aftenbladet den 1. juli på leiarplass: «At demokratiske institusjoner og amerikaneres tillit til dem vakler så til de grader, gjør også vår verden mer usikker.»

Les også

Aftenbladet mener: «Utrolige høringer i USA»

Matematikaren Kurt Gödel (1906–1978) blir kalla «den største logikaren sidan Aristoteles.

Om no den austerrikske matematikaren Kurt Gödel (1906–1978) har rett, kan verda vår bli ualminneleg usikker før vi veit ord av det. Gödel, kjend som ein av dei aller fremste logikarar noko­sinne, sa i 1947 at den amerikanske grunn­lova ikkje set bom for at eit dikta­tur kunne oppstå på lov­leg vis. Han hadde nemleg studert grunn­lovs­teksten frå ein logisk syns­stad og funne oppskrifta på korleis grunnlova formelt sett kunne la eit slikt styresett bli røyndom.

Dette hadde Gödel tenkt å fortelja dommar Philip Forman under seremonien da han i 1947 skulle avlegge eid og bli amerikansk statsborgar, men dommaren vifta det heile vekk, godt hjelpt av Albert Einstein og Otto Morgenstern under seremonien.
No skal ein ikkje tru på alt som vert sagt, sjølv ikkje frå skarpskodde lærde. Men tenk om Kurt Gödel har rett i at USA si grunnlov ikkje gir vern mot diktatur som styreform. Har styresmaktene i Noreg ein plan B om verdsutviklinga raskt går slik at vi blir klemt mellom store, diktatoriske land? Kva med deg og meg?

Publisert: