Moderne bussar krev moderne språk

DEBATT: Kolumbus kunne gjerne ha skrive nynorsk til oss reisande! Og sidan dei jamt viser seg som ein effektiv og moderne organisasjon, trur me dei sikkert kunne tenkt seg meir framtidsretta språkbruk, dei òg.

Debattinnlegg

  • Marit Ness
    I samråd med Stavanger Mållag, lokallag i Noregs Mållag
Publisert: Publisert:

Det er vårt transportselskap, dette. Dei bind folk i Rogaland saman, ved å flytta oss frå stad til stad. Dei tek oss dit me skal, med buss og båt, tilbod om bildeling og oppmoding om sykling og gange. Av alle kommunane dei reiser rundt i, er det like mange nynorske som språknøytrale kommunar. Då er det òg rimeleg om busselskapet bruker halvtomhalvt nynorsk og bokmål på nettsider, i appar og anna informasjonsmateriell.

Ein seier at rogalandsdialekten, altså det opphavlege og folkelege målet her i fylket, er sjølve malen for nynorsk. I våre dagar er det berre von Winckelhumpen i Aftenblad-drøset og dei tilårskomne venene hans frå Eiganes som framleis snakkar den bokmålsaktige sosiolekten frå gamle dagar. Sjølv om me er spreidde utover i fylket, mellom fjord og fjell i Ryfylke og utover dei jærske slettene, bind språket oss saman i eit historisk og kulturelt fellesskap. Stavanger, sentrumet i ein stor nynorskregion, valde å vera språknøytral og med det, valde både nynorsk og bokmål. Kort fortalt, heile regionen vil ha nynorsk.

Kolumbus går føre innan fysisk kommunikasjon. No gjeld det å ta teten også innan språkleg kommunikasjon! Informer oss på nynorsk!

Publisert:
  1. Debatt
  2. Nynorsk
  3. Kolumbus
  4. Buss

Mest lest akkurat nå

  1. Dette huset på Røyneberg har en 350 kvadratmeter stor underjordisk garasje med heis

  2. – Andre stjerner legger gjerne ut bilder av seg selv i privatfly eller flotte biler

  3. 37 nye smittede på Nord-Jæren siste døgn

  4. Ap-leder Jonas Gahr Støre pakket partiets abortvedtak inn i bomull. Det er på alle måter uklokt, mener Aftenbladet

  5. – Ønsker vi en grunnskole som må reklamere for å få elever?

  6. Trafikkulykke ved Sola sjø - én person kjørt til legevakt