Forteljinga om då dronning Elizabeth fekk ei heimestrikka kofte på Torget i Stavanger

DEBATT: Då dronning Elizabeth vitja Stavanger i 1981 gjekk spødakåna frå Vigrestad under radaren til dei frammøtte pressefolka. Kvinna gav dronninga ei heimestrikka kufte, og ikkje lenge etter ville prinsesse Diana også ha kufte.

Dronning Elizabeth fekk ei heimespøtt kofte då ho besøkte Stavanger i 1981. Ikkje lenge etter ho var komen til England med kofta, fekk strikkedama på Jæren spørsmål om prinsesse Diana også kunne få ei kofte.
  • Alvhild Austigard Steffensen
    Hafrsfjord
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Dette er ei historie som er viktig å formidla, fordi ein ofte konsentrerer seg om dei prominente, men spøtekånene på Torget var viktige nok dei også for svært mange.

Eg les reportasjen i Aftenbladet, om då dronning Elizabeth var på besøk i Stavanger. Som det står i avisa, les me at ho fekk ein spasertur frå Domkyrkja til Strandkaien. Det er fortalt om alle de viktige personane ho møtte, ordførarar og anna fint folk.

Kofte «for you»

Det står ingenting om at det kongelege følget gjekk gjennom Torget, der det blant anna sto «spødakoner» frå Jæren og selde heimastrikk. Det står ingenting om spødadama frå Vigrestad som gjekk fram til dronninga med ei ekte norsk heimestrikka kofte, og sa « for you»!

Eg var redaktør i Mortepumpen, eldreavisa i Stavanger på den tida, og eg tenkte at eg hadde lyst å snakka med dama frå Vigrestad, og skriva om henne i Mortepumpen.

Eg blei ønskt hjarteleg velkomen til Vigrestad og blei møtt av ei stolte dama i den koselege heimen sin. Ho fortalde at ho hadde fått vita at dronninga skulle gå gjennom Torget, der dei sto og selde spød. Kvinna hadde fått spørsmål frå eit vekeblad om eg ville spøta ei kofte til dronninga. Dette tykte kvinna det var ei stor ære å bli spurt om, kan du vite. Ho fortalde at då dronningfølget kom forbi kvinnene som strikka, gjekk kvinna frå Vigrestad fram og sa: «For you!»

Det var dei einaste orda på engelsk kvinna hadde lært seg før ho kom. Dronninga såg spørjande på kvinna med kufta, og ho gjentok «for you!» Dronninga fekk hjelp av dei som kunne omsetja, og dronninga Elizabeth takka for kofta. Kong Olav var også med, og kvinna ville at han også skulle få noko heimespøta.

Strikkedama frå Vigrestad hadde sett at han brukte mykje nikkers, difor hadde ho laga eit par knesokkar til han. Kvinna hadde tenkt på at kronprins Harald også burde få noko, så kong Olav fekk med seg eit par gode raggar som han måtte ta med heim til Harald.

Ingeborg Søland heitte kvinna som har strikka kofter til både dronning Elizabeth og prinsesse Diana. Her er ho fotografert i 1984. I hendene held ho kofta til prinsessa.
Spøtakonene sitt møte med dronning Elizabeth fekk lite merksemd i media i 1981. Dei har ingen plass i bybiletet lenger, men dei var viktige for mange, og bør ikkje gløymast. På dette bildet frå 1985 er me Regine Voll saman med Kåre Willoch og ordførar Kari Thu.

Koftebestilling frå Diana

Etter at Dronninga hadde kome heim, hadde ho synt kofta til Diana, og prinsessa hadde sagt at ho også ville ha ei slik. Dermed fekk kvinna spørsmål om ho ville strikka kofte til Diana også. Det ville ho naturlegvis, men då måtte ho ha måla hennar. Strikkaren på Jæren hadde registrert at prinsesse Diana var høg og tynn, så ho måtte spørja etter mål, og måla blei sendt frå England. Dermed kunne kvinna strikka ei kufte som blei sendt til prinsessa av Wales. Etter det kvinna fekk vita, blei dronning Elizabeth og prinsesse Diana glade for koftene.

Kvinna viste meg stolt takkebrevet ho hadde fått frå dei kongelege i England, og på veggen hang det eit bilete som hadde blitt teke av henne då ho gav dronninga kofta. Eg vart så varm inni meg etter å ha møtt spødakona frå Vigrestad, og historia ho fortalde meg.

Eg synest denne historia er så fin og viktig, at den bør få sin plass i Stavanger Aftenblad sitt minne om dronninga sitt besøk i Stavanger. Ikkje berre denne eine historia er viktig, men også historia om spøtekonene som sto på Torget og selde heimaspøt. Dei har ingen plass i bybiletet lenger, men dei var viktige for mange, og bør ikkje gløymast.

To ord på engelsk hadde strikkekona frå Jæren lært seg før dronninga kom. Dronninga såg spørjande på kvinna med kufta, og ho gjentok «for you!»
Publisert: