Landbruket er meir enn berre matproduksjon

DEBATT: Vi opplevde i fjor ei auke av turistar frå utlandet som kom til Norge. Det som fasinerer dei, er det unike kulturlandskapet vi har her og der bonden står som garantist.

Vi må i framtida ha alle storleikar av bruk, då har vi ei berekraftig utvikling», skriv Kjell Andreas Heskestad (bildet).

Debattinnlegg

  • Kjell Andreas Heskestad
    Rogaland Bondelag
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Aftenbladet laga ein reportasje om Tønnes Martin Dyrskog 4. januar, som budde og dreiv eit unikt gardsbruk, der målet hans var å produsera mat og i tillegg halda liv eit unikt kulturlandskap.

Bonden er miljøarbeidar

Spørsmålet som hang i lufta etter denne flotte innføringa av ein bondes iver i å få noko ut av ein gard som var tung å driva er: Kva meinast det med når politikarane snakkar om landbruk over heile landet og til kva pris? Anna Kvam i MDG Rogaland var noko vanskeleg å tyda i kva ho meinte i sitt lesarinnlegg i avisa fredag 6. januar. MDG er opptatt av miljø, og då er kulturlandskap med godt stelte innmarksbeiter ein god faktor for dette med tanke på eit berekraftig miljø. Bonden er ein miljøarbeidar.

Les også

Bondeopprør mot Dales landbruksmelding

I ein verden med for liten matproduksjon, og der det er folk som svelt, har vi i Norge ei plikt å nytta oss av dei 3 prosent dyrka jord som det er mulig å ha matproduksjon på. Regjeringa legg fram ei landbruksmelding der dei foreslår å omprioritera støtte frå innmarksbeiter til utmark. Dette vil gjera det mindre økonomisk å stella innmarksbeitene og dermed vil meir areal gå over til utmark, noko som tilseier mindre produktivitet.

Stor verdiskaping

Landbruket er meir enn berre matproduksjon. Vi opplevde i fjor ei auke av turistar frå utlandet som kom til Norge. Det som fasinerer dei, er det unike kulturlandskapet vi har her og der bonden står som garantist. Mange næringar i Norge nyt godt av denne turistauka, og det at staten støtter opp om landbruket og bruken av bondens areal, gjer at vi opplev ei stor verdiskaping. Derfor må vi i framtida ha alle storleikar av bruk. Då har vi ei berekraftig utvikling.

Les også

  1. Bondelaget frykter Rema-bønder

  2. Landbruket vil kreve utdanning for å bli bonde

Publisert:
  1. Landbruk
  2. Rogaland

Mest lest akkurat nå

  1. Satser på nytt daglig­vare­kon­sept i Stavanger: – Tror det kom­mer til å bli veldig popu­lært

  2. FHI: Risikoen for syke­hus­innleggelse med omi­kron er 2 promille

  3. Kritisk til planer om stor avlast­nings­bolig på Madla: – Jeg kom­mer aldri til å sende Vegard dit

  4. La ned blom­ster og lys etter døds­ulykken i Stav­anger

  5. Gjorde rystende funn på havets bunn: – Et kjent miljøproblem

  6. Amund Harboe hadde en av hovedrollene i «Lykkeland», så for­svant han brått: – Jeg angrer ikke