Kven er barnevernet til for ?

BARNEVERN: Overskrifta er eit retorisk spørsmål i debatten om norsk barnevern. Men det er ikkje bare retorikk. Det er, i det minste for meg, eit spørsmål som naturleg melder seg, etter at eg over tid har lese mange innlegg, kronikkar og artiklar om emnet.

Bjørg Mannes skriv ho mange gonger har blitt rysta av det ho har sett og høyrt i barnevernet. Foto: JOAKIM

Debattinnlegg

  • Bjørg Mannes
    Åkrehamn
Publisert: Publisert:

Eg har lese både på og mellom linjene om alle som ser ut til å vera rimeleg fornøgd med barnevernet. I det minste ikkje så misfornøgd som mange av oss "andre".

Vi "andre" er ei gruppe som i hovudsak ikkje er tilsette i barnevernet og heller ikkje i det byråkratiet som høyrer til. Mange er foreldre som har opplevd barnevernet som noko negativt, kanskje også vondt og øydeleggjande, i høve til eigne barn, barnebarn eller anna slekt. Somme er juristar som ser med uro på brot på aktuelle lovverk. Og nokre er fagfolk på området barn, og reagerer på korleis mange barn blir "verna" i dette systemet som skal verna dei.

Mykje har rysta meg

Eg høyrer til i denne sistnevnte gruppa, som psykolog med grunnleggjande kunnskap om barns emosjonelle og hjernemessige utvikling, funksjon og behov. Eg har arbeidd med barn i mange år og gjer det framleis. Eg har fulgt barnevernet i nokre kommunar tett dei siste seks åra. Og eg har sett og høyrt mange ting som har rysta meg.

Ja, eg veit at barnevernet hjelper barn i mange tilfelle. Men det rettferdiggjer ikkje det som barnevernet påfører andre barn av helseskader og lidingar. Det undrar meg å lesa om barnevernsleiarar, forskarar og byråkratar som ikkje ser problemet i norsk barnevern. Korleis kan det ha seg at dei ikkje ser korleis denne instansen, med den store makta, påfører så mange barn og familiar skade ? Det er jo barn si helse og framtid det handlar om, ikkje at nokon barnevernsleiarar og forskarar meiner å vite at situasjonen er akseptabel.

Sjølvinnsikt må til

Det blir oppgitt frå forskarhald at 80 % av dei som har vore i kontakt med barnevernet, er nøgde. Eg har tidlegare etterlyst kjelda til dette talet, men har til dags dato ikkje fått svar på det. Dette handlar om alle barn som av ulik grunn treng ekstra vern. Det kan vera veldig ulike årsaker til det. For å kunne sjå kva det enkelte barnet treng, krevst det kunnskap om barn. Ikkje minst krevst det kunnskap om eigen kunnskaps-mangel.

Ein må vera audmjuk. Dette er naudsynt i møte med føresette og med andre som har med barn å gjera. Mange av oss etterlyser meir kunnskap og innsikt i eigne manglar i barnevernstjenesta. Det fine er at desse to fenomena ofte forsterker kvarandre.

Publisert:
  1. Barnevern

Mest lest akkurat nå

  1. Frp: – En helt forferdelig situasjon familien har havnet i

  2. 19 elever og tre lærere smittet på Stavanger-skole

  3. Vil masseteste elever i videregående skoler i Rogaland

  4. - Jeg er veldig takknemlig for at de skjermet meg. De sendte heldigvis ikke alt

  5. Sandnes vil skjerpe bandtvang-reglane

  6. Dette huset på Røyneberg har en 350 kvadratmeter stor underjordisk garasje med heis