Kraftinntektene er skapt av Forsand

DEBATT: Vil her koma med nokre synspunkt og fakta om framtidig bruk av kraftinntekter i Nye Sandnes som på ein grei måte kan kallast medgift frå noverande Forsand kommune.

Publisert: Publisert:

«Det har i Norge vore brei politisk oppslutning om at verdiar som blir skapte av kraftutbygginga frå utkantområda, skal komme desse områda tilgode», skriv Tore Hans Mikkelson. Foto: Magnus Nødland Skogedal

Debattinnlegg

Tore Hans Mikkelson
Varaordfører i Forsand (Sp), medlem av fellesnemda i Nye Sandnes

Desse nye friske midlane som kjem Nye Sandnes tilgode vil utgjer omlag 100 millionar kroner pr. år og dette er midlar som vert skapte av kraftutbygginga i Forsand.

Det har i Norge vore brei politisk oppslutning om at verdiar som blir skapte av kraftutbygginga frå utkantområda, skal komme desse områda tilgode. Eksempelvis har Forsand brukt desse midla til realisering av Lysefjordbrua, veg Lyse-Sirdal og veg Årdal-Songesand. Dette er langsiktige investeringar som ikkje berre har komme Forsand til gode, men også heile regionen. Slik vil det også sjølvsagt bli med tunnel Espedal-Frafjord.

Store goder

Kort oppsummert er det også slik at byregionane har fått og har store goder av kraftutbyggingane som har skjedd i distrikta, eit godt eksempel på det er Stavanger og Sandnes som både har fått sikker og god levering av elektrisk kraft til sine mange kundar og i tillegg tek ut store verdiar på eigarsida i Lyse.

Vil ta med kva som står i energiutgeiinga NOU 2012: 9 s 70:
«Helt fra vannkraftens barndom har det i Norge vært allmenn enighet om at de naturressurser som tas i bruk har en lokal tilhørighet, og at de distrikter som avstår sine naturressurser til energiproduksjon har krav på en andel av den verdiskapingen disse naturressursene gir opphav til.»

Denne energiutgeiinga kan ein trygt seie er ei vidareføring av «di Castbergske konsesjonenlover» som har vore og er sjølve grunnprinsippet for all forvalting av vasskraftutbygging i Norge. Stortingsrepresentant Castberg under stortingsdebatten om konsesjonslovene av 1917: «Man skal til det yderste utnytte anledningen til at søke at styrke disse mer avsidesliggende og karrig utstyrte distrikter ved at la dem få en rundelig andel i de værdier som skapes indenfor deres grænser. [...] Man tar værdierne ut av distrikterne og fører dem på tråd ned til industricentrerne og byerne, tømmer bygderne, tømmer landdistrikterne, særlig fjeldbygderne, for deres værdier uten vederlag, og det er absolut urigtig.»

Min klare forventning er at fellesnemda for Nye Sandnes godkjenner intensjonsavtalen.
Les også

Spleiselag for ny tunnel til Frafjord

Tunnel Espedal-Frafjord

Fellesnemda i Nye Sandnes skal i sitt første møte etter sommarferien ta stilling til om dei skal slutta seg til intensjonsavtalen gjeldande prosjektet tunnel Espedal-Frafjord. Denne intensjonsavtalen er vedteken både av Rogaland fylke og av Forsand kommune – med andre ord er den forpliktande. I korte trekk går denne intensjonsavtalen ut på at Rogaland fylke, Forsand og Nye Sandnes tek mesteparten av kostnaden med prosjektet. I intensjonsavtalen er det tenkt at Nye Sandnes går inn med eit årleg beløp på omlag 20 millionar kroner i ein tjueårs-periode.

Det vil vera oppsiktsvekkjande om fellesnemda i Nye Sandnes ikkje følgjer opp vedtaka frå Rogaland fylke og Forsand kommune i denne saka. Her er det snakk om å følgja opp forpliktelsar i forhold til prinsippdokumentet mellom Sandnes og Forsand. Det kan også nemnast at i forbindelse med den svært mykje omtala og opprivande prosessen med samanslåinga mellom Forsand og Sandnes, så gjorde Strand kommunestyre vedtak om å løyva minimum 20 millionar kroner årleg i 20 år til tunnel Espedal-Frafjord. Dette blei gjort med tanke på at Forsand og Strand skulle bli ein kommune.

Klart forventa

Min klare forventning er at fellesnemda for Nye Sandnes godkjenner intensjonsavtalen. Om ikkje dette skjer, vil det i praksis seia at Sandnes haustar av verdiskapinga ein gong til, utan at verdiar blir ført tilbake der dei er skapt og er tenkt brukt. Det er klart og forventa at Forsand sine medlemmer i fellesnemda også følgjer opp vedtaket frå Forsand kommunestyre, noko anna vil vera illojalt mot eige kommunestyre og eiga bygd.

Les også

Nytt håp for Espedal–Frafjord

Les også

Realiser tunnelen Espedal-Frafjord

Publisert: