Kalberg-21-viruset herjar i Time

KRONIKK: Ein reknar med at viruset har mutert frå det hissige Re/Svertingstad-20-viruset (resver-20). Begge virusa høyrer til hovudgruppa jordfjernarvirus. Tiltaksnivå fem på tolv er innført i heile kommunen.

Virusmutantane som har spreidd seg i Time, meir i nokre smitteklynger enn andre, er alle av jordfjernartypen.

Debattinnlegg

  • Jan Helge Stensland
    Jan Helge Stensland
    Bryne
Publisert: Publisert:

Slike virus har lett for å mutera. Kalberg-21 og resver-20 spreier seg innanfor fleire av dei same smitteklyngjene. Dei som vart smitta av resver-20, ser nemleg ikkje ut til å vera immune mot kalberg-21. Virusa rammar særleg hardt visse risikogrupper i det politiske miljøet og administrasjonen i kommunen, i tillegg til nokre næringslivstoppar i regionen, personar som elles fortener mykje ros og takk for verdfulle bidrag til samfunnet vårt.

Aukande verknad

I startfasen gjev kalberg-21 berre lette symptom. Sams med andre jordfjernarvirus påverkar kalberg-21 tankeprosessane. Det høyrest ut til å vera nokså typisk at dei smitta først får ein del tilsynelatande eintydig positive tankar i form av plussord og vendingar som til dømes «omstilling», «næringsutvikling», «datasenter», «batterifabrikkar», «historisk sjanse», «grønt skifte», «tusenvis av arbeidsplassar», «positive ringverknader», «trafostasjonen på Fagrafjell» og «omkøyringsveg».

Etter kvart snik det seg nærast umerkeleg inn nokre ikkje fullt så forførande tonar i tankeprosessen, ord og vendingar som «Det hastar! Toget går no!», «areal- og kraftkrevjande verksemd» og «ikkje den beste jorda».

Bakromsviruset

Dei smitta fekk hastverk. Kapitalsterke utbyggjarar måtte få svar snarast råd. Planane for «Kalberg Valley» måtte realiserast, nær sagt kosta kva det kosta ville. Nokre i kommuneadministrasjonen vart så hardt ramma av kalberg-21 at dei i iveren etter å nedkjempa motstand mot dei gigantiske byggjeplanane endåtil gjorde ein dårleg kamuflert freistnad på å innskrenka ytringsfridomen.

Så langt gjekk det at sjølvaste ordføraren, den fremste vaktaren av demokratiet i kommunen, saman med fleire av nærkontaktane mellom dei folkevalde, vart ramma av bakromsviruset, ein særskild variant av kalberg-21. Dei, eit knappast mogeleg fleirtal av kommunestyrerepresentantane, vart nemleg brått gripne av ei uimotståeleg trong til å samlast i eit bakrom.

Les også

Time-politikere ble møtt av demonstranter, vedtok data­senter med 14 mot 13 stemmer

I det lydttette rommet, der motrøyster og fortvilte rop ikkje uroa dei, kom dei fram til ein avtale som i praksis sette ein stoppar for den vidare demokratiske prosessen. Ein tok seg ikkje tid til å venta på konsulentrapporten frå Asplan Viak som gruppa «Vern Kvernaland» hadde betalt med innsamla pengar.

Det var forresten trist å oppleva korleis ordføraren reagerte på rapporten. Han som ved fleire høve har uttala at han set pris på engasjement frå timebuen, synte ikkje mykje glede over det imponerande engasjementet bak finansieringa av Asplan Viak-rapporten. Det fortærande viruset!

Les også

– Stopp prosessen, sier bygda som samlet inn 300.000 kroner og laget ny rapport om data­senter

Fingrane av fatet!

Ein må òg kunna gje viruset skulda for at kommunedirektøren gav ei skildring av røyndomen som mange ikkje vil kjenna seg att i. I eit oppslag i Aftenbladet 28. april, i samband med formannskapsmøtet i Time dagen før, vurderte han situasjonen slik: «Vi er klar over interessekonfliktene som vi ikke har klart å unngå helt, men plangrepene som er gjort, har redusert dem betydelig. Konfliktnivået er nå akseptabelt i forhold til andre interesser.»

Høyrer han ikkje ropa frå dei mange som kjempar imot miljøøydelegginga datasenterutbygginga vil føra til?

Det same viruset må det vera som fekk han til å seia om Statsforvaltaren: «Vi konstaterer at Statsforvalteren i liten grad har vært opptatt av å legge til rette for nye, alternative og grønne arbeidsplasser – i en region hvor næringslivet har et stort behov for omstilling.»

Med andre ord: Statsforvaltaren, som i tillegg til dei overordna styresmaktene kan endra eller stoppa byggjeplanane, må halda fingrane frå fatet.

Alt med måte?

Bjarne Undheim (Sp), som høyrer til mindretalet i kommunestyret som ikkje er smitta av viruset, kjem med eit hjartesukk ved det same høvet, medan han siktar til kunstverket som skal setjast opp i ei rundkøyring sentralt på Bryne: «Nå skal vi sette noen sauer i en rundkjøring for å vise at vi er en landbrukskommune. Det er bare det at vi ikke oppfører oss som en landbrukskommune. Vi er ikke mot datasenter. Men hvorfor skal det komme på dyrket jord?»

Og vidare: Korleis kan eit byggjeprosjekt som inneber ei rasering av verdfulle naturområde, verta marknadsført som ein del av det grøne skiftet? Ein næringslivstopp sa for ei tid sidan: «Jordvern er me for, men alt med måte.»

Kva med å endra litt på denne utsegna og seia: «Datasenter og batterifabrikkar er me for, men alt med måte.»

Les også

Dette er NHO og LO helt enige om på Jæren

Vaksinen

Situasjonen er kritisk, men kampen mot kalberg-21-viruset må halda fram. Og dernest må ei spørja: Korleis kan ein hindra at liknande epidemiar oppstår i framtida?

I talen sin på seminaret «Jordvern Norge» den 22. mars sa landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad: «Vi trenger kommuner, fylkeskommuner, innbyggere, næringsliv og organisasjoner som har kunnskap om jordvern for at vi skal klare å bevare jord og sørge for økt matproduksjon i årene framover. Vi må rett og slett «vinne hjertene for jordvernet».»

Jordvernet må verta ei hjartesak. Og, kan ein leggja til: Det same gjeld miljøvernet elles.

Les også

  1. – Utbygging av kraftkrevende industri i Time er brudd på mange løfter

  2. Heng jordbruk og litteratur saman? Jepp, meiner ny festival

Publisert:
  1. Datasenter
  2. Jordvern
  3. Time kommune

Mest lest akkurat nå

  1. Plukket plast i fjæra i Ryfylke: – Helt ekstremt

  2. Helse­depar­tementet avviser opp­lysninger om full gjen­åpning av samfunnet

  3. Rykker ut for å oppklare for­virring: – Vi er ikke kon­kurs, tvert imot

  4. – Stepanka viser fram det ypperste tsjek­kisk bil­indu­stri har produ­sert. Selv kjører hun Seat

  5. Sperregrensen må ned

  6. Blant dei som har stått fremst i kjefte­køen, er dei som nå skal ta over makta