Vedfyring betre enn sitt rykte

VEDFYRING: Personleg fyrer kona og eg med ved om lag året rundt. Varmepumpa i stova står på 16℃. Resten av varmen får me frå ved. Reintbrennande omnar gjev god utnytting av veden, men krev ofte fyringsteknikk som hindrar røyk i stova.

Vedfyring er ei viktig varmekjelde, men bør brukast med vit i byane på kalde vinterdagar, meiner innsendaren.

Debattinnlegg

  • Eirik J. Varhaug
    Varhaug
Publisert: Publisert:

Nok luft ved oppfyring, høveleg lite luft seinare og tørr ved, gir mindre sot i pipa og mindre røyk frå pipa. Høveleg luftinntak i stova, og lite undertrykk i stova er viktig. Slik vedfyring synest å gje eit friskare inneklima enn elektrisk oppvarming.

For rundt 400 år sidan og tidlegare var «røykstove» det vanlege. Fyringsstaden var då ei grue eller liknande i sjølve stova. Avtrekk var ein ljore i taket. Alt i alt ei røykfull stove. I dag må vel svevestøv frå trafikk og asfalt vere langt farlegare enn litt røyk frå ved? Men også vedfyring bør reduserast mest mogleg i visse vertilhøve, særleg i byane.

For meg som 81-åring, gjev vedarbeid mosjon og uteliv, samtidig med produksjon av fornybar energi til oppvarming.

Skog og annan vegetasjon med klorofyll bind ved fotosyntese saman CO₂ og vatn ved hjelp av solenergi og produserer då organisk stoff og oksygen (O2). Prosessen går vidare frå enkle sukkerartar til meir kompliserte organiske stoff, til dømes skogsvirke og mat for dyr og menneske. Nedbryting av organisk stoff, til dømes rotning, skog- og grasbrann, gir omvendt prosess, altså frigjeving av CO₂, vatn og energi, og dessutan binding av O2.

Men i staden for å la denne energien gå til spele, kan den nyttast til bygningsmateriale, ved med meir. Rett nok kan organisk stoff konserverast som myr, i høveleg fuktig og kaldt klima. Røykpartiklar i atmosfæren motverkar global oppvarming. -Kanskje vil dei store skogbrannane i Australia og California medføre at 2021–22 blir litt kaldare enn dei siste åra? Men skogbrannskadane er dessverre enorme også i CO₂-samanheng.

Skogbruk er langsiktig, naturleg fornybar verdiskaping. Dessutan held skog på fukt og reduserer erosjon frå vatn og vind. Også tørkeskadar blir redusert. Skog er eit naturleg reinseverk som og er gunstig for flora, fauna og vil generelt auke trivselen. Ufruktbare areal kan gje brukbar matproduksjon, til dømes i Afrika.
Gamal skog veks seint og bind lite CO₂. Både i Norge og globalt burde det vore brukt større ressursar på fornying av gammal skog og skogplanting. Dessutan kan ein del annan vegetasjon omgjerast til meir effektiv CO₂-fangst. Dette bør vere eit svært viktig klimatiltak, etter mi meining.

For meg som 81-åring, gjev vedarbeid mosjon og uteliv, samtidig med produksjon av fornybar energi til oppvarming.
Publisert:
  1. Skog
  2. Klima
  3. Oppvarming

Mest lest akkurat nå

  1. Blankt nei til 110-grense i Ryfast

  2. Politiet: Båt funnet i Tokagjelet der tre personer er savnet

  3. Se hvor det kan komme nye hytte­felt

  4. Bør jeg ta influensavaksinen selv om jeg er frisk til vanlig og 33 år?

  5. Slik blir bygget som skal huse både nytt rådhus, ny kirke og nytt kulturhus på Jæren

  6. Slik fikk Lars Berland helikopteret sitt hjem fra Guate­mala til Strandgata