Mykje er gale i USA, men Espen Hammer overdriv

STORMAKTER: USA er på hell. Målt i kjøpekraft skal Kina alt i dag vera største økonomien i verda. Biden vann valet, men han klarer neppe å stoppa utviklinga

Espen Hammer kjem med ukorrekte opplysningar om USA, ifølge innsendaren. Han kjenner seg difor ikkje trygg på at boka vil hjelpa han til å forstå meir av det som skjer i det amerikanske samfunnet.

Debattinnlegg

  • Tor Olav Hauge
    Sjernarøy
Publisert: Publisert:

Etter sjokket 6. januar vil nok republikanarane finna tilbake til gamle takter, kanskje bortsett frå dei verste Trump-utslaga. Dei har klart å få store strukturelle fordelar i måten politikken blir organisert på som lett gir dei fleirtal i folkevalde forsamlingar utan å ha fleirtal av stemmene.

Dei har lita interesse i målretta innsats for å få landet på fote, fordi suksess vil hjelpa demokratane. Utviklinga vil gå sin skeive gang, dynamikken som har prega USA og fått landet på fote tidlegare, kan vera varig svekka som følgje av rå pengemakt og polarisering. Dette er sjølvsagt berre ei magekjensle basert på teikn i tida. Det er mange negative tendensar i USA. Men somme går for langt også. Sven Egil Omdal melder 20. januar ei bok av Espen Hammer, «En supermakt i krise», som kunne vera ei kjelde til innsikt.

Feil om spedbarn

Men det skjer seg fort. Ifølgje Omdal nemner Hammer at i USA døyr like mange spedbarn som i fattige afrikanske statar. Sven Egil Omdal tek dette for god fisk. Burde det ikkje ringja ei bjølle her? Ifølgje IGME, UN Inter-agency Group for Child Mortality Estimation var dødstala for spedbarn i USA i 2019 på 5,6 pr. 1000. Afrikanske land rundt ekvator ligg på frå 31 i Gabon og 32 i Kenya, til 81 (Sentralafrikanske republikk og Sierra Leone). Noreg, Sverige og Finland ligg på rundt 2 pr. 1000.

Dødsraten er høgare i USA enn mange andre utvikla land, til trass for at ein brukar meir på helse, men er milevidt frå nivået i fattigaste Afrika, eller «shithole countries» som Trump ville sagt det.
Ifølgje ein annan meldar, hevdar Hammer også at stadig fleire spedbarn døyr. Dette finst det heller ikkje grunnlag for å seia. Som elles i verda har dødstala for spedbarn gått ned kvart år, også i USA, ifølge data frå Unicef Data Warehouse.

Vil USA ha ein diktator?

NRK sin bokmeldar skriv vidare at Hammer også viser til ei undersøking som viser at nær 30 prosent av amerikanarane kan tenkje seg eit opplyst diktatur eller militærstyre. Er dette sant? Ordlyden i undersøkinga viser noko anna, nemleg at dei vil ha ein sterk leiar. Å tolke dette som ei dragning mot ein allmektig diktator, er å dra det for langt.

Faktisk gjekk støtta for ein sterk leiar som ikkje treng å bry seg med ein kongress eller eit parlament, ifølgje Democracy Fund Voter Study Group, ned frå 34 prosent i 2014 til 24 prosent i 2017 i USA. Årsaka er paradoksalt nok rekna å vera Trump. Nivået er lågare enn Italia og Storbritannia som hadde høvesvis 29 og 26 prosent i 2014. Det er 18 prosent som ser positivt på militærstyret («army rule»), noko som også er urovekkjande, men Italia og Frankrike ligg like høgt ifølgje andre målingar. Slik sett skil ikkje USA seg heilt spesielt ut, sjølv om det ikkje er bra at slike haldningar er så pass utbreidde.

Lause påstandar

Boka til Hammer har fått mykje ros. Dagens Næringsliv skreiv at boka vil hjelpa deg med å forstå kvifor USA er i krise.

Ut frå det som eg har trekt fram her, verkar det som forfattaren til dels serverer lause påstandar, og då må ein også vera noko skeptisk til resten. Boka vil etter mi meining difor ikkje vera ei god investering om ein har tenkt å forstå meir av det som skjer i USA.

Vi bør jo prøva å unngå amerikanske tilstandar her i landet også. Det kjem opp ymse grums på nettet av desinformasjons- og konspirasjonsteori-spreiarar som prøver å piska opp stemninga. Ein treng ikkje ta etter desse. Då må ein vera meir nøye med fakta. Det er ille nok som det er.

Ifølgje Omdal nemner Hammer at i USA døyr like mange spedbarn som i fattige afrikanske statar. Sven Egil Omdal tek dette for god fisk. Burde det ikkje ringja ei bjølle her?

Les også

  1. Dyster spådom om USAs framtid

Publisert:
  1. Sven Egil Omdal
  2. USA

Mest lest akkurat nå

  1. Frustrert Fridjonsson ute i kulden: – Jeg er sint

  2. Slottet i Sirdal åpner i høstferien

  3. Drill og bor er trolig brukt for å ødelegge Stein­kjerringa

  4. Brannvesenet øver på Dale: - En del røyk og synlige flammer

  5. Neste uke flyttes korona­vaksineringen i Stavanger

  6. Bonde dømt i ting­retten: - Han fore­trakk å la dyrene lide frem­for at de uverdige for­holdene skulle bli av­dekket