Tillit er avgjerande

DEBATT: Tillit mellom befolkninga og dei som sit med ansvaret i regjering og fagetatar, er avgjerande.

«Det eg opplever nå, også i artikkelen til Hilde Øvrebekk, er at tiltaka har grunngjeving, men nokre er ikkje villige til å lytta», skriv Finn Gabrielsen.
  • Finn Garbrielsen
    Stavanger
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Hilde Øvrebekk er ein produktiv kommentator som eg ofte les med interesse. Men når ho i Aftenbladet 7. januar under overskrifta «Tiltakene må ha tillit» opphevar seg sjølv og avisa til å ha betre helsefaglege analysar enn dei fremste miljøa me har i FHI og Helsedirektoratet, då er eg ikkje på linje.

Pandemien og stadig nye rundar med den set samfunnet vårt under press. Smitteverntiltaka går hardt ut over restaurant- og reiselivsbransjen, kulturliv, skoleungdom og studentar, og dei set grenser for vår frie sosiale liv. Helsevesenet har eit hardkøyr, og mange operasjonar og avtalar blir utsett med skadeverknader for dei det gjeld.

Etter mitt syn er erfaringsgrunnlaget solid, sjølv om forskingsrapportane enno manglar.

Tillit er avgjerande

«Dugnad» er kanskje eit oppbrukt ord fordi tiltaka slår så ulikt ut for ein bartender, ein lærar og ein med heimekontor. Ein kjem likevel ikkje utanom at nettopp tillit mellom befolkninga og dei som sit med ansvaret i regjering og fagetatar, er avgjerande for korleis me kjem gjennom krisa som samfunn og unngår den polarisering me ser i andre land. Sjølvsagt kan omsynet til tillit ikkje bety at dei ansvarlege skal gå fri for diskusjon og kritisk analyse av dei tiltaka dei set i verk. Tiltaka må og ha ei grunngjeving.

Det eg opplever nå, også i artikkelen til Hilde Øvrebekk, er at tiltaka har grunngjeving, men nokre er ikkje villige til å lytta. Øvrebekk og fleire med henne meiner bl.a. at det ikkje kan bevisast at alkohol på barar og restaurantar fører til smitte. Det er ikkje forska på dette, blir det sagt.

Det eg har oppfatta, er at helsemyndigheitene viser til at viruset primært smittar gjennom dropesmitte i lufta. Derfor blir det meir smitte i små og tette rom, slik restaurantar og barar ofte er. Med alkohol i blodet blir ein mindre forsiktig. Julebordet på Aker Brygge gjev ein peikepinn på smittepotensialet. Forsøket i fjor med alkohol til mat førte til ein del juks med pølser og take away. Dette er sagt mange gonger i ulike samanhengar som grunngjeving for skjenkestoppen for den som vil høyra etter. Etter mitt syn er erfaringsgrunnlaget solid, sjølv om forskingsrapportane enno manglar.

Ærleg talt

Øvrebekk insinuerer også at regjeringa innfører tiltak «bare for at den sjølv skal framstå som handlingsdyktig». Ærleg talt, det er vel betre å ha ei regjering som i krisetid tør vera upopulær eller ei som tenker på kortsiktig gevinst.

Det kan godt vera at både skjenkestoppen kan og bør opphevast heilt eller delvis om ikkje lenge, slik regjeringa nå har gitt signal om. Men kan ein ikkje la regjeringa få i alle fall halvanna veke til ein veit meir om korleis omikron-varianten slår ut i Norge på smittetal og ikkje minst innlegging på sjukehus før ein tar stilling til dette? Å vera så utolmodig og einsidig kritisk som Øvrebekk med fleire er, tener nett nå verken handtering av pandemien på kort sikt eller tilliten internt i samfunnet på lengre sikt.

Publisert: