Håp om gode løysingar framover i straumdebatten

DEBATT: I debatten om høge straumprisar, er det viktig å hugsa på at betaling for straum går rett inn i kassar stat og kommunar eig over 90 prosent av.

«Rein energi er nå blitt ein meir verdfull ressurs. Vasskrafta tilhøyrer fellesskapet. Rike storforbrukarar har ikkje krav på større delar av dette enn andre», skriv Seniortanken. Her frå Bygland.

Debattinnlegg

  • Debatt
Publisert: Publisert:
  • Innlegget er skrive av: Njål Kolbeinstveit, Jostein Soland, Egil Harald Grude, Gunnar Berge, Hjalmar Inge Sunde og Torvald Sande for Seniortanken.

Å hindra at auka straumpris fører til velferdstap for låginntektsgrupper er difor mogeleg utan å svekka offentleg økonomi. Det må gjennomførast straks. Det er eit politisk ansvar. Å finna ein enkel framgangsmåte, bør vera ei overkomeleg sak for politikarar med eit sterkt embetsverk i ryggen.

Å tru at vi kan halda eit særnorsk lågt prisnivå for energi, og oppnå større fordelar for norsk eksport, er ikkje realistisk.

Gi til dei som treng det mest

Private hushald nyttar om lag ein tredjepart av all straum. Om vi gir full kompensasjon til 20 prosent av private hushald som treng det mest – til dømes gjennom eit mellombels tillegg i minstepensjon eller liknande, vil det offentlege likevel sitja tilbake med vesentleg større inntekter etter prisauken. Det er også mogleg år redusera elavgifta utan å svekka offentleg økonomi. Elavgifta tilfører statskassen om lag 12 milliardar kroner årleg. Om dette fører til lågare straumpris, er det likevel usemje om.

Rein energi er nå blitt ein meir verdfull ressurs. Vasskrafta tilhøyrer fellesskapet. Rike storforbrukarar har ikkje krav på større delar av dette enn andre. Også konkurrentane til Industrien som skal eksportera varene sine, kan pårekna større energikostnader framover. Om norsk straumpris går opp – som i utlandet – svekker vi ikkje eksportindustrien si konkurransekraft.

Les også

Syv spørsmål og svar om skyhøye strømpriser

Ikkje realistisk

Å tru at vi kan halda eit særnorsk lågt prisnivå for energi, og oppnå større fordelar for norsk eksport, er ikkje realistisk. Det skaper dessutan urett fordeling i Norge av verdien av fellesskapet sine ressursar i – vasskrafta.

Det samarbeidet i Europa som har gitt norsk eksportindustri grunnlag for langt fleire lønnsame arbeidsplassar, starta med at Frankrike og Tyskland gjorde slutt på 80 år med krig og fiendskap gjennom etableringa av Det europeiske kol- og stålfellesskapet kring 1950. Det la grunnlaget for like prisar på kol og stål i desse landa. Rettferdig konkurranse mellom industribedrifter for å skapa best mogleg ressursutnytting, krev lik pris på innsatsfaktorar. «Det gjeld å vinne den overvunne», sa den tyske forbundskanslaren Konrad Adenauer då den franske president Robert Schuman innbaud til samarbeid på like fot med taparen i 2. verdskrigen. Dette har skapt fred og eventyrleg økonomisk framgang for dei involverte.

Trygt regelverk

EØS-avtalen bygger vidare på same tenkjemåten. Utnytting av norske naturresursar for å skapa velstand hadde ikkje vore mogeleg utan eit trygt regelverk for internasjonalt varebytte som trygger konkurranse på like vilkår. Dop – i form av open eller skjult subsidiering – er like lite akseptert i varebytte som dop på idrettsbanen. At vi difor også skal samarbeida, for å oppnå best mogleg utnytting av energi, er naturleg.

Industri og bergverk nyttar meir elektrisitet enn alle norske private forbrukarar til saman. For kvar kilo aluminium Norge eksporterer, er det brukt 12–15-kilowatttimar. Når vi produserer 1.3 millionar tonn aluminium, går det med 13 prosent av all norsk straumproduksjon. Slik har vi over siste generasjonane eksportert like mykje straum gjennom foredling av varer som vi brukar i private hushald. Auka energikostnader i Europa gir grunnlag for at norske eksportvarer blir meir verd. Vi blir rikare. Det gir oss ei større kake å dela. Når det offentlege er eigar, fell meirverdien ved straumsal i offentlege kassar. Det gjer det lettare å skapa ei rettferdig fordeling av inntektsauken.

Samarbeidsånd

Dei råd som er lagt fram av energibransjen og industrien sitt nye samarbeidsforum, der både næringslivet gjennom NHO og arbeidstakarorganisasjonen LO er med, ber preg av ei samarbeidsånd som er nødvendig for å skapa gode løysingar. Slikt samarbeid har skapt større framgang i levestanden i Norge enn i andre land. Denne samarbeidsånda som på ny viser seg, gir grunnlag for håp om gode løysingar framover.

Les også

  1. – Strømpriser – hvem lurer hvem?

  2. Strømkrisen kan være avverget: Venter kraftig prisfall

  3. – Skal vi bygge tusenvis av vindmøller for at Facebook og Google skal bli grønnere?

  4. Hvor mye strøm eksporterer vi, hvor mye importerer vi, og hvorfor?

Publisert:
  1. Debatt
  2. Eksport
  3. energi

Mest lest akkurat nå

  1. Når det blir farlig å gå på jobb

  2. David Brekalo: – Jeg gjorde en feil og vil beklage til alle

  3. Mange prøver seg, men få klarer å synge julen inn like godt

  4. Mann tatt for ruskjøring med barn i bilen

  5. Dette sa Gunnarsson som fikk Brekalo til å koke over

  6. Avsluttet drømmesesong med ny pokal