Ingen er haldne for narr i fylkets klimaarbeid

KLIMAPLAN: Ståle Økland skriv i sin kommentar at det aldri blei gjennomført noko evaluering av fylket sin klimaplan. Det har han heilt rett i, men eg tek avstand frå påstanden om at fylkesadministrasjonen heldt folket og politikarar for narr.

Eg vil heller takke Haver og staben hennas for den gode jobben dei gjer trass i små ressursar. Eg oppfattar at viktige signal som kjem både frå oss og utanfrå blir fanga opp.
  • Alexander Rügert-Raustein
    Gruppeleiar Dei Grøne Rogaland & Randaberg, medlem fylkesting, fylkesutval og samferdselsutval
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Grunnen til den manglande evalueringa, er som plansjef Haver forklarte, lite bemanning. Det kan eg som gruppeleiar for Miljøpartiet Dei Grøne i fylkestinget stadfeste. Rogaland fylkeskommune har den slankaste administrasjonen av alle fylke i landet. Det gjer prioritering av personalressursar ekstra krevjande.

I dei to og halvt år me var med i posisjon og budsjettforhandlingar har det vore ein seig og trøyttande kamp om å få politisk støtte for å få inn så lite som halve stillingar til klima -og miljøarbeidet her og der. Me har fått på plass ein klimarådgjevar og ein klimaøkonom i tillegg som nå jobbar med klimarekneskap og budsjett. Men utgangspunktet var gjerne å auke med to og tre gonger så mange stillingar og dei trengst eigentleg. Men her er den politiske viljen for liten for å gje løyvingar og øyremerke desse.

Eg vil heller takke Haver og staben hennas for den gode jobben dei gjer trass i små ressursar. Eg oppfattar at viktige signal som kjem både frå oss og utanfrå blir fanga opp, og klima -og miljøarbeidet ligg lengre framme enn det dei politiske føringar skulle tilseie. Det er gledeleg. Når det gjeld evaluering av klimamåloppnåelse har fylkestinget fått eit godt svar på akkurat dette spørsmålet i desember 2020. Det er opplagt ikkje ei fullverdig evaluering, men viser at ein har rimeleg oversikt over status, og det kan stillast spørsmål om ein vil få mykje meir kunnskap enn dette i lys av at rapporteringssystemet og metodar stadig blir forbetra og endrar seg, slik at tal er vanskeleg å samanlikne.

Me har fått lagt fram ei klimabudsjett for andre gong. Dette nybrottsarbeidet er krevjande men går framover. Vidare blir det gjort eit arbeidet med at byggeplassen for det nye fylkeshuset kan bli fossil- og kanskje til og med utsleppsfri. Det gleder å sjå at fylkeskommunen er på ballen.

Publisert: