Sjå menneskja, ikkje kjønn

Kyrkja bør gjere unna lesbiske og homofile ein gong for alle ved det komande kyrkjevalet, og gjere seg klare for dei transseksuelle.

Kanskje vi berre først som sist må slutte med å sjå så hardt på kjønnskategoriane og heller sjå og møte menneskja?

Debattinnlegg

  • Berit Moltu
Publisert: Publisert:

Berit Moltu.

iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Det nærmar seg haustens kommuneval. Dette inkluderer òg kyrkjevalet for medlemmar av Den norske kyrkja. Her skal ein velje kven som skal sitje i bispedømeråd og kyrkjelydsråd. Listene har allereie kome til husstandane med dei ulike namna over personar vi kan velje mellom.

Demokratisk problem

Men det har vore vanskeleg å vite kva dei ulike representantane står for reint kyrkjepolitisk, då Kyrkja ikkje har sett det naudsynt å presentere kandidatane med noko program som kan lette valet for dei som ikkje er i den inste kretsen. Dette har nok medverka til laber interesse og låg oppslutning. Ved førre val nytta berre 13 prosent sin stemmerett. Dette er eit demokratisk problem. Oppsøkjande og gravande journalistikk har bøtt på dette. Aftenbladet presenterte nyleg kandidatane i Rogaland, der dei måtte svare på spørsmål om sentrale kyrkjepolitiske spørsmål. Den største politiske kontroversen i dag er om ein skal støtte vigsel av lesbiske og homofile gjennom ein eigen liturgi. Første— og andrekandidaten i Rogaland støttar denne praksisen, medan dei lenger nede på lista er meir motstandarar av å akseptere lesbiske og homofile som likeverdige for Kyrkja.

Store endringar

I storsamfunnet elles ser vi i dag meir ein allmenn aksept av lesbiske og homofile. Det er ikkje lenger nødvendigvis krise om barnet ditt er lesbisk eller homofilt. Ein kan ha viktige verv i politikk og næringsliv utan å bli diskriminert, og lesbiske og homofile kan stifte familie gjennom ulike samlivsformer. Men slik har det ikkje alltid vore, og vi har fortsatt unntak for denne aksepten, t.d. i visse religiøse miljø. Her sit det fortsatt langt inne å akseptere alle menneskjer slik dei er fødde, med rett til eit fullverdig liv.

Eg hugsar fortsatt den sterke, emosjonelle reaksjonen eg fekk då eg for første gong såg ein mann trille ei barnevogn.

Kunnskap og haldningar om kva kulturelle kategoriar som er allment akseptert, vanleg og normalt, er noko det tek tid å endre. Det er viktig med leiande rollemodellar og førebilete, og at vi ikkje har formelle hindringar som stoppar aksept og likeverd.

Det «normale»

Frå min oppvekst i ei lita bygd på Sunnmøre kan eg hugse at eg som nysgjerrig fire–fem-åring stod i vindaugskarmen med hovudet mellom potteplantane for å sjå kva som skjedde på vegen utanfor huset. Det kan ikkje ha vore så veldig mykje i bygda med 450 innbyggjarar, men eg hugsar fortsatt den sterke, emosjonelle reaksjonen eg fekk då eg for første gong såg ein mann trille ei barnevogn. Dette passa seg ikkje for ein mann, dette var noko uvanleg, noko unormalt. Ein kan lure kvar ein har slikt frå, men det er eit anna spørsmål.

Døma på førestillingar vi kan ha om kva som passar seg, kva som er vanleg, normalt og mogleg, er mange – frå kvinnelege prestar, kvinner i mannsdominerte yrke, menn i kvinnedominerte yrke til kvinnelege leiarar. Og vi har fortsatt ein veg å gå på mange av desse felta. Men heldigvis, i dag kan vi smile av fire–fem-åringen, og ingen ville lee på eit augelokk når vi ser ein mann trille på ei barnevogn.

Transseksuelle dei nye homofile

Menneskja har nok eit djupt behov for ryddigheit og orden, klare grenser og kategoriar. Og lenge var det lesbiske og homofile som rota til dei klare kategoriane våre om kjønn, kva det vil seie å vere kvinne og kva det vil seie å vere mann, og kva det vil seie å vere ein familie og gifte seg.

Desse historiene er viktige på vegen for alle dei som slit med å få aksept for den dei er født som.

No er det dei transseksuelle som rotar til våre anten/eller-kategoriar. Transseksuelle er dei nye homofile. Her er ikkje kategoriane så klare lenger. Vi snakkar om flytande kjønnskategoriar. Vi snakkar om kvinner født i mannskroppar og menn født i kvinnekroppar, og den lange vegen å gå for å kunne vere den ein kjenner seg som, og det å måtte leve med eit både og. Vi kan risikerer å kikke ut mellom potteplantene ved jernbana i Stavanger by og sjå ein transseksuell person med feminint sminka ansikt og langt mørkt hår i ein hestehale, og nedanfor hotpants-shortsen eit par maskulint hårete bein. Slike syn vil nok møte oss oftare i tida framover, og bra er det, sjølv om mange nok vil erfare sterke emosjelle reaksjonar og få sett sine fordomar på prøve.

Historiene om unge transseksuelle som er i ferd med å kome ut av skapet, er i ferd med å dukke opp (jamfør historia til 19-åringen Ave Leana Enoksen frå Nord-Hidle i Aftenbladet Pluss nyleg). Desse historiene er viktige på vegen for alle dei som slit med å få aksept for den dei er født som, frå foreldre, søsken, familie, vener, studiekompisar, arbeidsgivarar og kanskje og etterkvart kyrkja.

Kyrkja bør gjere unna lesbiske og homofile ein gong for alle ved det komande valet, og gjere seg klare for dei transseksuelle. Dei transseksuelle som måtte ønskje det då, vel å merke. Og til alle oss andre, kanskje vi berre først som sist må slutte med å sjå så hardt på kjønnskategoriane og heller sjå og møte menneskja? Det kunne nok gjort kvardagen lettare for mange og ein kvar.

Les også:

Les også

  1. 9 svar om kirkevalget

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Åpen konflikt mellom ordførerne i møte om veikutt

  2. – 1,2 millioner nordmenn kan få vaksinen i første omgang

  3. Vi har anmeldt 32 juleplater: Bare én får terningkast seks

  4. – Krokodilletårer fra MDG om Rogfast

  5. De trodde munnbind beskyttet. Så gikk de syke på jobb i sykehjemmet.

  6. – Pakkekalender? Pøh! Vi fikk en neve kald grus!