EØS – lever me i det same Norge, NHO?

DEBATT: NHO påstår at EØS-avtalen har vore avgjerande for å sikra norsk handel med EU-landa (Stavanger Aftenblad 18.2.). Men me handla jo like mykje med EU-landa før EØS?

– EØS-avtalen gjer òg at norske tariffavtalar og norske lovar må vika for EU-rett slik EU-retten til ei kvar tid blir tolka av domstolane i EU-systemet, skriv Leiv Olsen. Foto: Shuttertock/illustrasjonsbilde

Debattinnlegg

  • Leiv Olsen
    Leiv Olsen
    Leiar i Rogaland Nei til EU
Publisert: Publisert:
Les også

EØS – blir de neste 25 årene like gode?

iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Om du held oljebransjen utanfor, nådde norske bedrifter ein eksport-topp til EU i 1994, det året EØS-avtalen trådde i kraft. Etter det har eksportandelen til EU-landa bare gått nedover (mykje fordi me har auka eksporten til land utanfor EU). I alle fall om me skal tru Statistisk Sentralbyrå — og det gjer vel NHO?

EØS-avtalen må vurderast ut frå kva endringar den har bidratt til. Marknadsadgangen til EU blei sikra med handelsavtalen frå 1973, som enno gjeld og blir oppdatert (sist endra 16. august 2010, siste tilleggsprotokoll datert 11.4.2014).

EØS-avtalen kan seiast opp med eitt års varsel (EØS-loven art. 127), og då vil den ikkje lenger gå føra andre avtalar Norge har (EØS-loven art. 120), det vil seia: Då er det desse avtalane, blant dei handelsavtalen frå 1973, som gjeld. Det er tvilsomt om EØS-avtalen har ført til at me sel meir til EU. Det avtalen har gitt oss, er arbeidslivskriminalitet, bemanningsbyrå med usikre arbeidsforhold, sosial dumping, livsfarlege utanlandske vogntog på norske vegar — bare for å nemna noko.

Avtalen gjer òg at norske tariffavtalar og norske lovar må vika for EU-rett slik EU-retten til ei kvar tid blir tolka av domstolane i EU-systemet. Er det slike forhold NHO vil ha meir av når dei spør om dei neste 25 åra blir like gode?

Les også

  1. EØS – blir de neste 25 årene like gode?

  2. Olsen: – Veldig dristig å sette EØS-avtalen i spill

  3. Sjømatrådet: - Eksporter så mye som mulig til Storbritannia før brexit

  4. Regjeringen gjør forberedelser for «hard brexit»

Publisert:
  1. Debatt
  2. Nei til EU
  3. Arbeidsinnvandring
  4. NHO
  5. EØS

Mest lest akkurat nå

  1. Da Tomas (14) landet i denne hoppe­gropen, ble han lam fra halsen og ned

  2. Go-Ahead kutter avganger på Jær­banen allerede fra fredag

  3. Denne gaven tar helt av: – Dette er all time high. Vi har aldri sett slike tall

  4. Farse har blitt Jærens mest populære lunsjrett

  5. Norge Mining: – Det er noe stort og tungt der nede i Norges dypeste hull

  6. Naboklager førte ikke frem. Omstridt Hundvåg-hus godkjent