Nei til EUs energiunion

DEBATT: Rogaland SV krev at folket, gjennom norske styresmakter, skal ha full styringsrett over naturressursane våre.

«Rogaland SV vil prioritera stabil og billeg kraft til norsk industri framfor å eksportera krafta ut av landet», skriv Ingrid Fiskaa.

Debattinnlegg

  • Ingrid Fiskaa
    Ingrid Fiskaa
    1. kandidat for Time SV og leiar i Rogaland SV
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Den reine og billege vasskrafta er grunnlaget for det moderne Noreg. I over hundre år har streng nasjonal styring og kontroll skapt eit industrieventyr som har gitt oss velferd og eit teknologisk forsprang på fleire felt. Krafta vår er også grunnlaget for ny, grøn industri.

Tragisk slutt

Dette norske eventyret kan gå mot ein tragisk slutt: Stortingsfleirtalet kan om kort tid koma til å gi vekk den nasjonale styringsretten til EUs energibyrå (ACER). Regjeringa har tilrådd dette, og Stortinget avgjer spørsmålet allereie i mars.

Energi og energiflyt blir omtalt som EUs femte «fridom» ved sida av den frie flyten av varer, kapital, arbeidskraft og tenester. Stadig vidare fullmakter til energibyrået ACER er eit hovudmiddel for å verkeleggjera målet om ein full energiunion. Norsk fornybar kraft kan bidra til å gi EU ein etterlengta «grøn» profil, og dekka delar av EUs store energibehov.

Stadig fleire kablar til utlandet og styring av energiflyten dit EU treng han mest, betyr at me gradvis «importerar» den europeiske straumprisen. Berre nokre øre auke i straumprisen kan vera øydeleggande for den kraftkrevjande industrien rundt om i Noreg. Rogaland SV vil prioritera stabil og billeg kraft til norsk industri framfor å eksportera krafta ut av landet. Kortreist straum er også miljøvennleg. Lang kabeltransport gir stort straumtap på vegen.

Regjeringa føreslår at Noreg skal tilsluttast EUs energibyrå ved å bruka overvakingsorganet i EØS – ESA – som mellomstasjon. ESA skal motta vedtak frå ACER og kopiera dei over til ei ny Reguleringsmyndigheit for energi (RME). RME skal vera uavhengig frå nasjonale styresmakter, og vil vera underlagt EU. Det er ei grov omgåing av Grunnlova når regjeringa lèt som om dette ikkje inneber ei avståing av suverenitet.

Uakseptabelt

Både forslaget om tilslutning til EUs energibyrå og behandlingsmåten det blir lagt opp til, er fullstendig uakseptabel. Rogaland SV krev at folket, gjennom norske styresmakter, skal ha full styringsrett over naturressursane våre.

Les også

  1. Arvesølvet vårt forblir norsk

  2. Ap stiller betingelser for å si ja til EUs energimarked, Industri Energi aksjonerer flere steder i landet

  3. Vi industriungdommer krever stortings-nei!

  4. Norge trenger et bedre grep om arvesølvet

Publisert:
  1. Debatt
  2. Fornybar energi
  3. Rogaland
  4. Energi
  5. Velferd

Mest lest akkurat nå

  1. Stavanger: Planen for vaksinering av de yngste barna er klar

  2. Kan du stole på strømmåleren din?

  3. Oilers øker ledelsen

  4. Gjorde nazihilsen i retten

  5. Ny elbileier? Syv ting du bør vite om lading, rekkeviddeangst og bremsing

  6. WHO: Pandemien er langt fra over