Kva er viktig nok for Helle og Aftenbladet?

DEBATT: Lars Helle skriv i ein kommentar 13. januar at Senterpartiet har brukt tida medan Frp, H, V har forhandla om regjeringsplattforma til å «stille uviktige spørsmål» til statsrådane.

«Eg hadde spørsmål til Per Sandberg om kva me kan forvente av utvikling i lakseoppdrettsnæringa i 2018. Dette ville ikkje dei ansvarlege statsrådane møte opp for å svare på», skriv Geir Pollestad.

Debattinnlegg

  • Geir Pollestad
    Stortingsrepr. for Rogaland, leiar i Næringskomiteen, Sp
Publisert: Publisert:
  • Her kan du lese Lars Helles kommentar 13. januar: Mot blågrønnblå jubel i helgen, men kan det vare?
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Helle og Aftenbladet står fritt til å meine kva som er viktig eller uviktig. Ut frå Aftenbladet si prioritering så er mellom anna det at ein Frp-politikar har vore uheldig å svi ein pizza noko som er viktig nok til å få ei heil side i avisa 11. januar.

Ville ikkje svara

Kor «uviktige» var så spørsmåla frå Senterpartiet: Trygve Slagsvold Vedum lurte på om Jan Tore Sanner ville respektera frivilligheita som prinsipp for kommunereforma i denne stortingsperioden. Marit Arnstad hadde spørsmål til Ketil Solvik-Olsen om tilsette ved jernbanen sin pensjonsrettar i samband med regjeringa si privatisering. Kjersti Toppe hadde spørsmål til Bent Høie om kvaliteten på barseltilbodet på sjukehus. Eg hadde spørsmål til Per Sandberg om kva me kan forvente av utvikling i lakseoppdrettsnæringa i 2018. Dette ville ikkje dei ansvarlege statsrådane møte opp for å svare på.

For Helle som bur i ein kommune som ikkje står i fare for å bli slukt av ein nabokommune, som ikkje er tilsett i jernbanen, som truleg ikkje vert innlagt på ei fødeavdeling og heller ikkje bidreg til eksportretta verdiskaping i form av oppdrett, så er kanskje dette uviktig. For mange av dei som har røysta på Senterpartiet er dette viktige saker. Det er og saker som kan verte påverke av ei ny regjeringsplattform. Difor var det viktig for oss å få dei aktuelle statsrådane til Stortinget for å utfordre dei på desse sakene.

Levert inn 12 spørsmål

Denne veka er det ny spørjetime. Då er dei tre nye regjeringspartia ferdige med forhandlingane. Til denne spørjetimen har Arbeidarpartiet, SV og Raudt levert inn eit spørsmål kvar. Senterpartiet har levert inn 12 spørsmål om ulike saker. Heller ikkje desse er innlevert for å påføra statsrådane den plaga dei meiner det er å møte i Stortinget. Dei er stilt fordi me meiner det er viktige saker for folk i Noreg. Og fordi Senterpartiet skal vera Stortinget sitt mest aktive og tydelege opposisjonsparti.

Les også

  1. Mot blågrønnblå jubel i helgen, men kan det vare?

  2. Brannutrykning hjem til stortingspolitiker – Frp-er beklager svidd pizza

Publisert:
  1. Debatt
  2. Lars Helle
  3. Statsbudsjettet
  4. Bent Høie
  5. Per Sandberg

Mest lest akkurat nå

  1. Før var strømprisene lavest i Sør-Norge. Så skjedde det noe

  2. Bendi fra Sandnes skal til Bocuse d'Or: – Når jeg først har sagt at jeg skal gjøre noe, gjør jeg det

  3. Flere unge kan ikke lenger bruke en vanlig datamaskin: – Holder ikke med et kurs

  4. Marerittkveld for Haaland og Dortmund: Største tap i Champions League

  5. Ryfast: Stenges to ganger i døgnet i 10 dager

  6. Nordmenn synes det er trygt å gå ut og spise og handle – vil likevel fortsette med håndsprit