Overgangsstønaden var ei investering i mi og ungane si framtid!

DEBATT: Min påstand er at åra med overgangsstønad er blitt tilbakebetalt til staten og skattebetalarar med renter.

Publisert: Publisert:

«Då eg i 1997 kunne kutta navlestrengen til Nav, var det fordi eg hadde fullført høgskuleutdanning og hadde fått 100 prosent stilling. Gleda var stor for det eg hadde oppnådd, men og takknemlig for at samfunnet hadde lagt til rette for at sjølv om eg kom skeivt ut i starten, fekk eg likevel fullført draumen», skriv Solbjørg Østerhus Håland. Foto: Colourbox

Debattinnlegg

  • Solbjørg Østerhus Håland
    Bryne
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Dei siste dagane har det på sosiale media sirkulert eit innlegg frå Dagbladet meninger skrive av den einslege mora Kristine Kleppo med tittelen «Gode mødre er ikke ofre». Her luftar ho frustrasjonen over kor lite handlingsrom ho har fått som einsleg forsørgjar og arbeidsledig. Å lesa om henne fekk meg til å reflektera over min eigen situasjon som einsleg forsørgjar.

I ein alder av 21 år blei eg i 1990 einsleg forsørgjar for to barn på 0 og 2,5 år. Alt eg hadde var nokre få fag eg hadde avslutta frå vidaregåande. Situasjonen gjorde meg kvalifisert for overgangsstønad, som i den tida blei utbetalt frå Trygdekontoret. Eg fekk og barnetrygd for eitt barn meir enn eg hadde og dekka 60 prosent av dokumenterte utgifter til barnepass. Minstebidrag kom på toppen.

Les også

Hvilken hjelp kan en enslig mor få?

God tid på meg

Overgangsstønaden i den tida kunne ein få inntil yngste barn fylte ti år. Med andre ord hadde eg veldig god tid på meg til å få meg studiekompetanse og ei relevant utdanning som kunne gje meg ein jobb eg kunne forsørgja meg og mine med.

Nå for tida kan ein få inntrykk av at å støtta einslege forsørgjarar er ei stor bør som burde kuttast på alle baugar og kantar.

Det første eg gjorde var å ta opp dei tre siste faga eg trengde på vaksenopplæringa for å få generell studiekompetanse, for var det éin ting eg var motivert for, var det å skaffa meg utdanning, jobb og inntekt eg kunne leva av.

I studietida (1994-97) kan eg huska at det var snakk om å redusera overgangsstønaden frå nemnde opplegg (i mitt tilfelle ti år) til tre år, og det utan høyringsrundar. Ein kunne rettnok søkja om to ekstra år om ein var under utdanning. Om rammene hadde vore slik i mitt tilfelle, er det ikkje sikkert at eg kunne skilta med treårig høgskule og tilsvarande jobb i dag.

Les også

Færre aleneforsørgere etter svindelaksjon

Nå for tida kan ein få inntrykk av at å støtta einslege forsørgjarar er ei stor bør som burde kuttast på alle baugar og kantar. Med bakgrunn i mi historie, vil eg heller kalla stønaden for ei investering i mi og ungane mine si framtid!

Eg fekk vera heime med døtrene mine til dei blei tre år, noko eg ser på som verdiskapande tid. Då var både eg og dei klar for barnehage. Då eldste tok til i første klasse, gjorde eg og det, men på vernepleiarutdanning.
Då eg i 1997 kunne kutta navlestrengen til Nav, var det fordi eg hadde fullført høgskuleutdanning og hadde fått 100 prosent stilling i nabokommunen. Gleda var stor for det eg hadde oppnådd, men og takknemlig for at samfunnet hadde lagt til rette for at sjølv om eg kom skeivt ut i starten, fekk eg likevel fullført draumen, om enn i ein litt annan rekkefølgje enn det eg hadde sett for meg.

Min påstand at åra med overgangsstønad er blitt tilbakebetalt til staten og skattebetalarar med renter: Eg har kunna forsørgja meg og mine i sjølveigande hus, døtrene mine har og høgskuleutdanningar og nyttige jobbar.

Dyr måte å spara pengar på

Så, kjære regjering: sjå heller på overgangsstønaden som førebygging og investering, i staden for at einslege forsørgjarar skal vera skvisa frå alle kantar og bli marginalisert og pressa inn i fattigdom. Å kutta hjå dei som allereie har lite, er som regel ein dyr måte å spara pengar på i neste runde.

Publisert:

Les også

  1. Flere snylter på trygden

Mest lest akkurat nå

  1. Samferdselsdepartementet går for den røde streken på kartet

  2. – De kaller det tidenes funn i Norge

  3. Fire nye smittetilfeller i Stavanger

  4. – En helt fantastisk løsning i disse krisetider

  5. Pizzabakerens hemmelighet

  6. Minst 100 i karantene etter bussutbruddet

  1. Fattigdom
  2. Trygdekontoret
  3. Barnetrygd
  4. Dagbladet
  5. Sosiale medier