I 2050 vil det vera meir plast i havet enn fisk dersom me ikkje gjer noko

DEBATT: Me er blitt eit bruk-og-kast-samfunn, og fyller havet med søppel som aldri forsvinn.

Publisert:

«På grunn av hjernedaude handlingane me gjer, lid havet og dyr», skriv Laura Thorsen. Biletet viser den stranda kvalen i Bergen. NTB Scanpix

Debattinnlegg

Laura Thorsen
Kvalavåg, 16 år

Eg har gjennom heile mitt seksten år lange liv sett på Karmøybuar og folk i Rogaland som engasjerte folk. Folk som alltid stiller opp på dugnad, køyrer ungane sine på alle slags moglege arrangement, men å ta oss to sekund til å kasta søppelet i bosset, nei, det orkar me ikkje meir av. Skuffinga blir stor når eg må innsjå at dette engasjementet ikkje er noe som gjeld i alle situasjonar, i alle fall når det gjeld staden me bur på. Me blir eit bruk-og-kast-samfunn, og fyller havet med søppel som aldri forsvinn.

Kvart år blir det kasta åtte millionar tonn plast i havet. Ifylgje forsking er det venta å doblast innan 2030. I 2050 vil det vera meir plast i havet enn fisk dersom me ikkje gjer noko med det no. Dette er svært store tall som er skremmande, difor bør me gjera noko. Når me høyrer at tv-programmet «Neste Sommer» berre får terningkast tre, reagerer me. Når me bestiller kler på nettet og dei er for små, blir me dritsur. Men når me alle kastar fleire tonn søppel i havet, reagerer ingen.

Ei heilt vanleg plastflaske brukar 450 år på å brytast ned.

Inga kjeldesortering

No, igjen, har Karmøy sagt nei til kjeldesortering. Bergen bryr seg heller ikkje lengre, medan Haugesund og Stavanger har starta med det. Kvifor er det så splitta? Det spørsmålet eg sit att med då er: Kvifor seie me nei? Er me verkeleg så late at me ikkje klarer å skilje matavfall og restavfall frå kvarandre? Klarer me ikkje å kaste den øydelagde sykkelen vår på ein søppelplass i staden for i havet? Dersom me ikkje skal halda på med kjeldesortering, syns eg at me i alle fall skal klara å la vera å kasta søppel ut i naturen og i havet.

Les også

Hør her, vi må snakke litt om havet dersom vi fortsatt vil puste

Les også

Hvalens død gjør at folk står i kø for å rydde strender

Ifylgje Miljødirektoratet hamnar 70 prosent av alt søppelet i havet nede på havbotnen, der det ligg og blir brote ned. Men nedbrytinga tar svært lang tid. Ei heilt vanleg plastflaske brukar 450 år på å brytast ned, men det blir berre til små partiklar, ingen veit sikkert om desse forsvinn heilt. Kastar du ei plastflaske i havet, vil ho fortsatt vera der når ditt tipp-tipp-tıpp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-oldebarn blir fødd. Difor burde ingen kaste noko i havet!

Noreg har nest lengst kyst i verda, me har fjordar og øyer, og søppel kjem rekande frå England. Difor blir det enda viktigare å held det reint.

Kvifor trur nokon at å kaste ein sykkel i havet er greitt?

Oljetønner fulle av gift

I prøveprosjektet «Fishing for litter» som Karmøy var med i, skulle fiskarar levera inn alt søppel dei fekk når dei fiska. Då var det nokon som fann fleire oljetønner fulle av giftige avfallstoff. Den stranda kvalen i Bergen hadde magen full av plastposar, på posane var det dansk og engelsk skrift samt norsk. Under ryddeaksjonen «Project aware Smedasund» har det blitt henta 27 tonn søppel etter berre fire gongar. Der fann dei alt frå møblar, syklar, plastflasker og skrap. Kvifor trur nokon at å kaste ein sykkel i havet er greitt? Tenkte dei at det var ein god ide? På grunn av desse hjernedaude handlingane me gjer, lid havet og dyr.

Dersom dette er noko du bryr deg om og faktisk vil gjera noko med, vil eg oppmoda dykk til å like Facebooksida «strandryddeaksjon Haugalandet». Der fortel dei deg neste gong du kan vera med å rydda ei strand eller ein annan stad der det trengst rydding.

Ta deg tid

Ver så snill, ikkje kast søppel i havet eller naturen, for det du kastar, brukar lang tid på å forsvinna og øydelegg verda vår. Den fine kommunen vår Karmøy.

Ta deg tid til å resirkulere, laga deg vaner. Ta søppelet frå ein dag på stranda me heim, utan å kasta det i havet eller skogen. Levera inn glas, metall og andre ting, så er du med på å redde verda bit for bit. For til slutt kjem det til å gå ut over oss også.

Les også

Venstre går inn for plastforbud

Les også

Aftenbladet mener: Sekken på, redd en hval!

Publisert: