«God kvalitet i studia ved UiS, systemet for kvalitetsutvikling skal bli betre»

DEBATT: Studentar og samfunnet rundt oss ha tryggleik for at UiS leverer utdanning av høg kvalitet og læring for livet.

Publisert: Publisert:

Leiinga ved UiS held «hovudet høgt når me no tenker nytt om relevans, engasjement og kvalitet i utdanningane ved UiS», skriv prorektor for utdanning Astrid Birgitte Eggen og rektor Klaus Mohn. Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

  • Astrid Birgitte Eggen
    Prorektor for utdanning, Universitetet i Stavanger
  • Klaus Mohn
    Rektor, Universitetet i Stavanger

Det viktigaste av alt ved universiteta si verksemd er at utdanningane held høg kvalitet. Til å sikre og fremje kvalitet i høgare utdanning har norske styresmakter difor etablert Norsk organ for kvalitet i høgare utdanning (NOKUT), som fører tilsyn med utdanningsaktivitetane ved norske universitet og høgskular. I 2019 var det kvalitetssystemet for utdanningsaktivitetane ved Universitetet i Stavanger som blei sett under lupa.

Viktig påminning

I førre veka fall dommen. NOKUT finn at UiS per i dag ikkje har eit kvalitetssystem som kan sikre og vidareutvikle kvaliteten i utdanningane på godt nok vis. Dette ser me på med stort alvor, og no er me i ferd med å etablere snarlege tiltak for respons og forbetring. Samstundes er det grunn til å minne om at rapporten frå NOKUT ikkje handlar om at kvaliteten er dårleg i sjølve studia ved UiS. Det som manglar er eit godt system for å handtere tilbakemeldingar og andre data frå utdanningsaktivitetane og rapportere dei oppover i organisasjonen, slik at dei kan få ei systematisk oppfølging gjennom heile organisasjonen.

Dagens kvalitetssystem for utdanning ved UiS blei etablert i juni 2019, og tilsynet frå NOKUT blei gjennomført midt under innkøyringa. Med eit innhald som er innovativt og dialogbasert har dette skapt utfordringar for komiteen som har hatt ansvaret for tilsynet. UiS sit på mykje erfaring med kvalitetsarbeid i utdanning, både frå eigen organisasjon og gjennom leiarar og medarbeidarar som har arbeidd ved andre universitet og høgskular i Noreg. Dette gjev oss ein kompetanse som me no vil trekke vekslar på i vidareutviklinga av systemet vårt for kvalitetsutvikling.

Universiteta er komplekse organisasjonar, som rommar mange meiningar om korleis me skal utvikle utdanningane våre, og om kva som er god kvalitet. Om dette er me opne, både internt og eksternt, noko som i seg sjølv er ein viktig kvalitet ved universiteta. Men sjølv om me set pris på diskusjonar, så har me framleis eit ansvar for at systema våre er i tråd med relevante lover og forskrifter.

Engasjerte studentar

Studiebarometeret er ei årleg måling av ulike sider ved studentane si oppleving av studia og studiestadane, som får god spalteplass i media. Blant anna måler ein studentane sin medverknad, og her har alle universiteta ei utfordring. Ved UiS ønskjer me oss engasjerte studentar som er svoltne på kunnskap og forståing. Som har blikket retta mot omverda rundt universitetet, og aktivt tek del i samfunnsdebatten og som kan bidra til å løyse dei store utfordringane verda står ovanfor. Det er akkurat dette vårt dialogbaserte kvalitetssystem bygg opp om. Her spelar studentane og deira tilbakemelding ei aktiv rolle, og her brukar me Studiebarometeret aktivt. For dette har me fått positive tilbakemeldingar frå NOKUT.

Tilsynet med systemet for studiekvalitet viser elles at det har vore heilt rett å sette kvalitet i høgsetet for strategi og planar ved UiS. I det strategiske arbeidet siktar me mot å gjere kvalitet til ei fanesak. I ei verd der konkurransen blir hardare, om gode studentar og tilsette, kjem me ingen veg om me ikkje retter merksemda mot kvalitet i kjerneoppgåvene våre. Og utdanning er i sanning ein kjerneaktivitet.

Vilje til utvikling

For oss handlar kvalitet om ein vilje til stadig utvikling og stadig forbetring. Ved UiS er me stolte av særmerket som innovasjonsuniversitet, og dette tek med me oss i utforskinga av morgondagens utdanningsmodell. Saman med European Consortium of Innovative Universities (ECIU) har me fått EU-midlar for å utvikle utfordringsbaserte læringsmetodar, der studentane samarbeider om reelle samfunnsutfordringar med forskarar og eksterne aktørar på tvers av land og kulturar. Meir relevant, engasjerande og meiningsfull læring skal ein leite lenge etter.

Med sterke forskingsmiljø og tett kontakt med arbeids- og næringslivet byr UiS på utdanningar som er interessante og relevante. Dette nyt studentane godt av, og dette nyt arbeidslivet i regionen godt av. Tilbakemeldingane frå studentane på Studiebarometeret og interne evalueringar er sjølvsagt ikkje einsarta, men me gler oss over fleire program der studentane melder om trivsel og nøgd over landsgjennomsnittet. Me er levande klar over at det er kvalitet som er den viktigaste faktoren når me skal få studentar til å velje UiS og Stavanger framfor andre lærestader. Dette gjeld både studentar frå vår eigen landsdel, studentar frå andre kantar av landet og studentar frå utlandet. Difor er det så viktig at me lykkast, først og fremst i å etablere ein kultur for kvalitet, men og med eit system som kan sikre og vidareutvikle kvaliteten i utdanningane våre.

Kvalitet og relevans avgjer

Ein ny strategi for UiS mot 2030 er no i støypeskeia, og vil bli forma i løpet av våren. Strategiutvikling inneber ei rekke viktige val. Om kva som skal vere våre spesielle kjenneteikn, om kva som skal sette retninga for vidareutviklinga av universitetet og kva som skal gje retning for prioriteringane våre i åra som kjem. Kvalitet og relevans er gjennomgangstema i den pågåande strategidiskusjonen, med ei erkjenning om at slike eigenskapar er heilt avgjerande for vår rett til å overleve og utvikle oss som universitet. Utdanningane ved UiS blir utvikla i samarbeid med arbeidslivet og andre aktørar i regionen. Dette er med på å sikre at me er relevante, og at kandidatane våre får jobb og bidreg til utviklinga av samfunnet.

Ved UiS tek me sikte på framleis å forsyne samfunnet med kunnskap for å møte dei store og viktige utfordringane, med spesiell vekt på grøn omstilling. Difor skal studentar og samfunnet rundt oss ha tryggleik for at me leverer utdanning av høg kvalitet og læring for livet. Difor held me hovudet høgt når me no tenker nytt om relevans, engasjement og kvalitet i utdanningane ved UiS.

Publisert: