Chromebook til barna – epilog

KRONIKK: Eg vil at skulen heller enn å strø chromebookar over små menneskefrø, skal gå traust i front og vatna med klassisk kunnskap, grunnleggjande ferdigheiter og almennmenneskelege verdiar.

Publisert: Publisert:

«Tenk deg at du plasserer eit barn inn i verdas største godteributikk. Det gjer me i skulen kvar dag. Nokon har bestemt at me må», skriv Roald Mjølsnes. Foto: NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Roald Mjølsnes
    Lærer og firebarnsfar

Det er fyr på bålet. Flammane varmar ikkje stort, men ser ekte nok ut på den digitale tavla. Me er i eit typisk norsk klasserom anno 2019. Tavle og kritt er ikkje lenger. Lukta av gamle norgesatlas er borte. Dei slitte karta som viste eit Europa med Jugoslavia, USSR og DDR er rive ned for godt. Det er ikkje lenger lyden av gråblyant mot papir som er omen av arbeidande elevar, men monoton tromming frå unge fingrars søking på eit chromebooktastatur.

Skjønt ikkje alle skriv. Nokre berre sit der og stirrar på skjermen, tanketomme som zombiar, eller litt meir vaktsomme, som om dei har hemmeleg innsyn i ei anna og mykje meir spanande verd. Kva veit vel eg om kva «kjelder» dei sjekkar? Og der peip forresten lokketonen frå ein mobiltelefon i ein bukselomme. Igjen.

Kanskje er det eit større problem enn me er klar over dette; at alt skal vera så forbaska kjekt heile tida?

Eg tenker vel mitt

Difor har eg undervist mykje om nettvett og kjeldekritikk. Elevane har fått grundige gjennomgangar om hatprat og nettmobbing. Eg har forsøkt etter beste evne å lære elevane «algoritmisk tenking», ein evne alle som skal overleva i det digitale samfunnet visstnok må ha. Me har hatt grunnkurs i googling, vidaregåande kurs i kjeldekritikk og meisterprøve i fake news. Ekkokammer har blitt forsøkt sprengt, og filterbobler har blitt blåst. Men det meste har falt på steingrunn.

Elevane vil heller vera i si eiga digitale boble enn å delta i ein keisam skuletime. Så inn i granskauen keisam, ja! For uansett kor mykje eg legg meg i selen for å bruka moderne og digitale undervisningsmetodar, kan eg aldri konkurrera mot verdas fremste utviklarar av digitalt innhald, spel og sosiale medium når suget etter underhaldning og den akutte trongen til å sjekka siste oppdatering melder seg. Instagram er meir «in» enn Ibsen, og nynorsk er ikkje porno akkurat!

Underhaldningsmodus

Lenge før Instagram og youtube og smartboard og chromebook skreiv Hans Wilhelm Steinfeldt at den norske pedagogikken hadde gått over i underhaldningsmodus. Det var neppe meint som honnør. Kanskje er det eit større problem enn me er klar over dette; at alt skal vera så forbaska kjekt heile tida? Kan hende valfridommen og «de fantastiske mulighetene som ligger i den nye teknologien», som dei frelste gjerne likar å uttrykka det, ikkje berre er av det gode verken for lærarar eller elevar?

Det var i alle fall ikkje mitt val då krittavla forsvann og smartboard flytta inn. Det var ikkje mitt val då heile klassa brått ein dag sat løynd bak skjermane til kvar sin chromebook. Det var ikkje mitt val då klasserommet blei opna for ei verd full av usikker informasjon, og undervisninga blei ein evig kamp for å navigera i eit farvatn fullt av freistingar. Det var heller ikkje mitt val som far då sonen min plutseleg ein dag kunne sitja fleire timar med chromebooken under påskot av å gjera lekser.

Tenk deg at du plasserer eit barn inn i verdas største godteributikk. Det gjer me i skulen kvar dag. Nokon har bestemt at me må. Kvar dag inn i godtebutikken, og me forventar at elevane berre skal sjå på prisane og reflektera over kva som er bra eller dårleg snop.

«Det handler om å utvikle holdninger der man tar avstand fra ‘nett-troll’ og kan sortere mellom sanne nyheter og ‘fake-news’», skriv ei gruppe skuleleiarar frå jærskulen (Aftenbladet, 6. desember). Eller som tidligare rektor Elisabeth Palmgren så strategisk rådgiverflott formulerer det: «I en verden hvor virkelighetsbildet er digitalt – og kan forskyves digitalt, må kritisk tenkning også trenes digitalt» (Aftenbladet, 12. desember). Problemet er berre at dette ikkje stemmer med den vanlege verkelegheita eg ser som faktisk jobbar i skulen kvar dag. Elevane lærer ikkje meir dessverre, dei blir ikkje meir kritiske eller betre til å forstå og unngå den massive påverknaden og manipulasjonen dei blir utsette for og utset seg sjølv for gjennomsnittleg sju (7!) timar dagleg (Aftenposten Junior, 19. november). Klasserommet med Active Classroom smartboard har dessverre aldri vore meir passivt.

Ikkje betre – berre annleis

Chromebook eller andre teknologiske fenomen er ikkje betre, dei er berre annleis - og nye og spanande og fascinerende og oppslukande og distraherande. «Digitaliseringen gir noen utfordringer, men også fantastiske muligheter» (Jone Haarr, Waldemar Pettersen, Eskil Nygaard, Anne-Jorunn Leigvold, Hilde Siira, Trond Egil Sunde, Pamela Sudmann, Jan Harald Forsmo og Nina Nygård Magnussen, Aftenbladet, 6. desember). Slik talar den nyfrelste. Realiteten er at digitaliseringa gir nokre moglegheiter, men også vanvitig store utfordringar. Spørsmålet er om me best møter desse utfordringane med meir digitalisering. Er det slik at barnet må ha ein Tesla for å læra å ikkje gå på raud mann i fotgjengarfeltet? Skal barnet få eige våpen for å forstå at eit våpen kan vera dødeleg?

Som lærar har eg ei utfordring å læra elevane det som ikkje er umiddelbart, underhaldande, fargesprakande og eksepsjonelt. Heime som far er utfordringa å få eigne barn til å bruka tid på det verkelege livet. Det er liksom nå dei har sjansen til å læra noko ekte. Ferdigheiter og kunnskapar; verdiar og eigenskapar forankra djupt i menneskets eksistens og utvikling og ikkje i overflatisk skjermlykke. Eg vil ikkje at mine barn skal utvikla seg til små avatarar i ei såkalla digital verd. Eg vil at skulen heller enn å strø chromebookar over små menneskefrø, skal gå traust i front og vatna med klassisk kunnskap, grunnleggjande ferdigheiter og almennmenneskelege verdiar. For det er vel mennesket som til sjuande og sist må rå over teknologien, og ikkje omvendt?

Publisert:

Les også

  1. – I Jærskulen har vi tillit til lærerne

  2. – Dette er å ha altfor lange, overstyrende fingre inn i både klasserom og husrom.

  3. – Tull fra de røde om digital pause i Stavanger-skolen

  4. – Vi kan ikke forby teknologi i klasserommet

  5. – Når pedagogikk blir til kollektiv ingeniørkunst!

  6. – Kva er det ein eigentleg vil oppnå med teknologi og digitalisering i undervisninga?

  1. Debatt
  2. Digital
  3. Digitalisering
  4. Teknologi
  5. youtube