Endringssmerter i oljebyen

KRONIKK: Olja har gitt oss identitet og rikdom. Nokre av oss også makt. Trugsmål om nye tider skaper angst og uro.

Publisert: Publisert:

«Regionen har ved den nye UiS-rektoren Klaus Mohn fått ein markant leiar som ikkje utan atterhald støttar olja, og som er oppteken av at omstilling blir meir enn eit ord. Dette er nytt. Det er smertefullt. Og det er berre byrjinga», skriv Wenche Skorge i Naturvernforbundet. Foto: Kristian Jacobsen

Debattinnlegg

  • Wenche Skorge
    Styremedlem i Naturvernforbundet

I år har reisa til OTC-messa i Houston blitt avlyst. Litt etter blei også ONS avlyst. Det er krise i næringa, og oljefolket er skaka i grunnvollane. Næringsforeningen sin reaksjon på UiS-rektor Klaus Mohn si tilråding om stabile rammevilkår for oljeselskapa må truleg sjåast i lys av dette.

Houston-reisa har vore vårens vakraste eventyr. Hundrevis av rogalendingar frå heil- og halvoffentlege verksemder, folkevalde og private bedrifter har reist i flokk, tidvis med direkterute. Det har vore djupe seter, rause drinkar og møter «by the pool, antrekk casual». Det siste ifølge Greater Stavanger sine program.

Oskeladden i det lova landet. Og nå glepp det, altså.

Les også

Klaus Mohn: «Rør ikkje oljeskatten!»

Les også

John Peter Hernes (H): Oppkonstruert «kjeft» mot UiS-rektor Klaus Mohn

Les også

Seniortanken: «UiS-rektor Klaus Mohn er langsynt»

Mentale skylappar

Den forståelege og godt grunngjevne kjærleiken til olja er diverre kopla med ein ubendig vilje til å halda fram som før, på olja sine premissar, utan for mykje refleksjon eller tvil. Samstundes kan me også observere ein blindskap vis-à-vis det vanedannande finansielle lettsinnet som oljeinntekter periodevis gir rom for. Dagens Næringsliv si avsløring av Equinor sin omgang med 200 milliardar kroner i USA er eit talande eksempel. Saman skapar desse fenomena mentale skylappar som hindrar nytenking og fri meiningsutveksling.

Korleis nettverks- og konsensusbygging går føre seg i olja er grundig dokumentert, mellom anna i Anne Karin Sæther si kritikarroste bok «De beste intensjoner». Som tittelen indikerer, har me ikkje heilt greidd å leva opp til målsettingane om politisk kontroll og styring over oljeverksemda. Altfor ofte er det halen som viftar med hunden.

Oljenæringa har gjennom åra klart å bygge noko som liknar det Henrik Ibsen kallar «den kompakte majoritet», altså det fleirtalet som meiner at dei aleine representerer sanning og fornuft. Historikaren Francis Sejersted nytta omgrepet «det oljeindustrielle kompleks».

Samanhengar

Eit aktuelt spørsmål er derfor: Finst det ein samanheng mellom den nå nedlagde direkteruta til Houston, mistenkeleggjeringa av UiS-rektoren og Equinor sine overskridingar på prærien i USA?

Svaret er ja. Takka vere det tette samarbeidet og den interne lojaliteten i det utvida oljenettverket, som omfattar mektige aktørar langt utanfor næringas eigne rekker, er standardinnstillinga nesten alltid ja til «olja» og ja til meir olje. Reelle utfordringar mot konsensus blir sette på som usunn radikalisme, for ikkje å seie femtekolonne-verksemd.

Truleg var det denne refleksen som ramma UiS-rektoren då han tok til orde for å halde fast ved det eksisterande skatteregimet, trass i oljenæringas eigne krav om endringar. Leiaren i Næringsforeningen kom raskt på banen, og bodskapen var ikkje til å misforstå. Rektoren ved Universitetet i Stavanger, når han opptrer i si offisielle rolle, bør meine det som oljenæringa meiner, og rektorens to styreverv i selskap som driv med grøn omstilling, bør vurderast med skepsis.

Sjølv inviterte Harald Minge og Næringsforeningen den føregåande rektoren ved UiS inn i sitt eige styre, slik at ho i realiteten hefta for heile deira verksemd. Då såg visst ikkje Næringsforeningen nokon fare for at rektoren kunne kome i ei ufri stilling.

Og samstundes har altså oljenettverket i Stavanger-regionen årvisst reist til Houston i lag, sete i kvarandre sine styrer og vekselvis vore kvarandres sjefar og undersåttar. Det har sjeldan vore problematisert, og i alle fall ikkje av Næringsforeningen sjølv. Me får legge til grunn at alle har makta å verna om habilitet og integritet, på same måte som me får håpe at rektor Mohn og underteikna, som også har vore kollegaer, klarer det.

Les også

Prof. Bjørn Kvalsvik Nicolaysen: «Harald Minges debattmåte»

Diskusjon må til

Equinor sine spektakulære tap i USA er òg eit uttrykk for viljen til ikkje å stille kritiske spørsmål. Trass i at den norske staten alt då kjøpte regnskog for milliardar for å møte nasjonens klimamålsetningar, kjøpte dåverande Statoil opp for mange titals milliardar i den mest forureinande oljeverksemda som finst på kloden, og betalte med inntekter frå norsk sokkel. Det var og er absurd.

Nå vaklar Houston-kulten. Regionen sitt næringsmessige grunnlag knakar i samanføyingane. Det er det ingen som klappar for, og det er vanskeleg å vite kva politiske åtgjerder som er rette i ein slik situasjonen. Oljenæringa har sjølvsagt rett til fremje sitt syn. Men den retten må også andre ha. Nettopp i tider som desse er det viktig at meiningar brytast.

Les også

Hilde Øvrebekk: «En varslet katastrofe»

Smertefullt

Olja varer ikkje evig. Marknaden er nå vanskelegare enn nokon gong i moderne tid. Etterspurnaden på kort sikt vil ta seg opp att, men mange langsiktige investorar er blitt lunkne.

Regionen har ved den nye UiS-rektoren Klaus Mohn fått ein markant leiar som ikkje utan atterhald støttar olja, og som er oppteken av at omstilling blir meir enn eit ord. Dette er nytt. Det er smertefullt. Og det er berre byrjinga. Det grøne skiftet, som enno ligg føre oss, vil ganske sikkert føre til fleire basketak.

Som den svenske poeten Karin Boye så vakkert skriv i diktet «Ja visst gör det ont»:

Ja visst gör det ont när knoppar brister,
[…] ont för det som växer
och det som stänger

Publisert:

Les også

  1. – ONS så grådige at selv vi trauste offshore-leverandører er nødt til å gjøre opprør

  2. – Vrang­forestillinger og des­informasjon om ONS

Mest lest akkurat nå

  1. - Litt blonder er tydeligvis alt som skal til

  2. Nye smittetilfeller: Fire i Stavanger og to i Sandnes

  3. De våknet til en kalddusj, men har på fem måneder hatt over 20.000 gjester på Bryne

  4. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  5. «Skal verden styres av følelsene våre nå?»

  6. Begeistring for Berlands planer for folkebad

  1. Klaus Mohn
  2. ONS
  3. Omstilling
  4. Næringsforeningen i Stavanger-regionen
  5. Harald Minge