Kunstgras er ikkje gras

DEBATT: Nokre fotballtrenarar framstiller det som at kunstgrasbanar er eit «vera eller ikkje vera» for norsk fotball. Men tenk om dei tek feil?

Publisert: Publisert:

«Konkurrerer norske lag betre internasjonalt etter at dei fekk kunstgras?» spør Roald Mjølsnes. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

  • Roald Mjølsnes
    Finnøy

Den 8. desember møtest naboane Viking og FK Haugesund på grasmatta på ærverdige Ullevål. Kven skulle tru at det gjekk an? Eg meiner; fotball på norsk gras i desember. Det går an, men det naturlege graset blir fortrengt av kunstig plastgras på stadig fleire banar. 11 av dei 16 laga i Eliteserien spelar nå heimekampane sine på kunstgras. Mest fordi dei enno kan. EU har ymta frampå at dei vil forby dei tradisjonelle kunstgrasbanane med granulat alt frå 2022.

Aukande kunstig dekke

Enn så lenge legg me stadig meir jord under kunstig dekke. Tal frå Norges Fotballforbund syner at det i 2018 var registrert 2282 fotballbanar med kunstgras. I tillegg kjem 2379 ballbingar. Og talet er aukande. Berre i 2017 blei 190 banar laga av plastikk og gummi, medan tilsvarande tal for 2018 var 167.

I heimkommunen min, Finnøy, er det berre særingane på Fogn som framleis spelar knokkelfotballen sin på ekte gras.

Spøk til side: Det har dei seinare åra blitt lagt eit kunstig dekke over så godt som all fotballaktivitet i dette landet. Siste skot til den kunstige stammen er plastgras som kan rullast oppå eksisterande golv i idrettshall. Fotballspelarar kan jo ikkje sparka fotball på handballunderlag, må vite.

Kunstgrasbanar – og bingar er noko barna aldri har bede om.

Større aktivitet, mon det?

Ein kan sjølvsagt diskutera kunstgrasproblematikken frå fleire perspektiv. Fotballeiarar vil sikkert hevda at kunstgraset legg forholda til rette for større aktivitet. Mon det. Skal vi tru NFF sin eigen statistikk har talet på aktive fotballspelarar vore stabilt lenge før plasten tok fotballen. Tal frå 2006-2018 syner ein liten nedgang på gutesida (-3 prosent), men ein gledeleg auke på jentesida (+5 prosent). Strøymer jentene til fotballen fordi dei slepp sorpa på shortsen? Neppe.
Derimot har kunstgras den openberre fordelen at det står like grønt og fint i januar som i juli. Flott, då speler me fotball i januar også. Heile året. Jag poden ut! Sludd og 2 minus? Ingen problem, banen er slett som eit ansikt fylt med botox.

Les også

Er kunstgress en garantist for aktivitet, eller en miljøsynder?

Det høyrest kanskje logisk ut at barn blir betre når dei speler fotball heile året. Vel, at noko er logisk betyr som kjent ikkje at det er sant. Kan hende utviklar barna seg like godt av å driva med ein annan idrett i dei mørkaste og kaldaste vintermånadane? Om ikkje anna har vel motivasjonen godt av litt pause?
Nokre fotballtrenarar framstiller det som at kunstgrasbanar er eit «vera eller ikkje vera» for norsk fotball. Men tenk om dei tek feil? Har dei nokon gong synt statistikk eller forsking som underbygger at norske barn er sunnare fordi dei har plastikkbanar å boltra seg på? Konkurrerer norske lag betre internasjonalt etter at dei fekk kunstgras?

Eg blir trist

Som far og tidlegare fotballspelar blir eg trist når eg tenker på det som har gått tapt. Det som skapte dei sterkaste minna hjå meg frå fotballbanen, får mine barn aldri oppleva: Dei første stega ut på den første grastreninga om våren, yre som kalvar på sommarbeite. Saftig gras og mjuk mold som har festa seg mellom knottane og tørka, og som må plukkast laust. Nyklipt bane før første kamp, angen av vår og liv og forventning. Den lukta! Lukta av frisk natur – lukta av ekte fotball. Og så sorpa sjølvsagt; kampane då alt er brunt og blaut og forkynner naturens klare orden: No er det slutt, no har me gitt alt. Vinteren og ein velfortent ferie bankar på døra.

Kunstgrasbanar – og bingar er noko barna aldri har bede om. Nokon har derimot skapt eit bokstavelig tala kunstig behov. Det er ikkje sant at optimal utvikling er avhengig av optimale fasilitetar. Idrettshistoria er full av bevis på det motsette. Der forholda er som ringast, brenn gjerne elden sterkast.

Rikare dimensjonar

Sjølv sparka eg sikkert meir fotball enn barna mine gjer, sjølv om mitt underlag varierte mellom grus, asfalt, tregolv og gras av varierande kvalitet. Om eg blei like god, får vel framtida vise, men eg fann likevel rikare dimensjonar i idretten enn perfekte pasningar. Noko viktig er snart heilt borte.

Og nå har eg ikkje plass meir til å skriva om alle skadane som følgjer av det kunstige graset. Skadar som er av ein slik karakter at om me brukte sunn fornuft, så hadde me stengt alle kunstgrasbanar på flekken og kasta heile driten på havet. Eller…

Publisert:

Les også

  1. Molde-treneren om Rosenborgs kunstgressutspill: – Virkeligheten i Norge er ikke slik

  2. Tjærnås: Kunstgress er fantastisk. Vi må bare bruke det riktig

  • Les også: Ålgård-mannen Oddleiv Fjetland mener han har funnet en løsning på et stort miljøproblem. – Den er så latterlig enkel at det er rart ingen har kommet på det før, sier han.

Mest lest akkurat nå

  1. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  2. Jakten er i gang: Haaland vil gjøre det ingen nordmenn har greid på tre tiår

  3. Kjørte i 140 km/t i 60-sonen

  4. Signalbygget på Forus skal rives. Her er de nye planene

  5. Ett nytt smittetilfelle i Stavanger

  6. Regler for utbetalinger til politikere og partier er kjent ulovlig. Det kan få landsdekkende konsekvenser

  1. Debatt
  2. Norsk fotball