Psykiatri naudsynt for livskvaliteten

PSYKIATRI: Tre fjerdedelar av dei med psykiske lidingar bur i fattige land. Det som er meir sjokkerande, er at det er mindre enn ein av femti som får behandling for sin liding.

Publisert:

– Eg som tamil håper eg ein dag kan vere med å endre stigmaet vi har for mental helse. Vere med å belyse naudsyntheita med dette faget for grunnleggjande god livskvalitet, skriv Jeswanthiny Pushparajah. Foto: Illustrasjonsbilde/Shutterstock

Debattinnlegg

Jeswanthiny Pushparajah
lege i spes. kat. a, Stavanger universitetssjukehus

Statistikk viser også høgare sjølvmordsratar, høgare førekomst av psykoselidingar, fleire innleggingar på psykiatriske avdelingar, meir bruk av tvang, for å nemne nokon, blant immigrantar.

Dette illustrerer djupna og viktigheita av psykiatrifaget knyta opp til den multikulturelle befolkninga. Kunnskap er makt, men kva når denne kunnskapen ikkje når fram. Eller verre, når der ikkje er rom for utvida kunnskap? Mange stader er psykiatrien for dei som er utelukka frå samfunnet. I mange fattige land blir nettopp desse tvangsbehandla, med ulovleg tvang. De blir putta i kjettingar, tvangsmedisinert (men utan opplysningar eller informasjon om kva behandling de får), og plassert i celler. Om dette ikkje er mangel på kunnskap, så veit ikkje eg.

Vi har ein kultur prega av eit sterkt syn på korleis ein tenkjer livet skal vere. Så ein held seg godt fast til desse rammene, og lukkar døra for alt som er uforståeleg.

Fordommar

Vi bur i eit samfunn med eit skyhøgt stigma og fordommar knyta til mental helse.

Eg kan hugse eg fekk ein telefon frå Sri Lanka. Mor til ei veninne av meg, hadde nyleg blitt tilvist til behandling og samtalar hos psykiater. Eg får høyre at dei har fått utlevert nokon medisinar for mora si psyke. Desse held henne sengeliggande store delar av dagen. Ei fortvila og bekymra dotter oppsøker råd og hjelp. Nysgjerrig spør eg etter namnet på dei medisinane dei hadde føreskrive. «Dette er opplysningar vi korkje har rett til å spørje om, eller får tilgang til. Dette er standard prosedyrar her», fortel dottera. Mållaus står eg der, utan aning om kva eg skal respondere på noko så inhumant som dette.

Eg kan framleis hugse den perioden eg fekk hospitere på sentralsjukehuset i Chennai i India. Som den ivrige studenten eg var, var eg meir enn open for alle moglege innspel. Ein heil dag fekk eg følgje ein ortoped gjennom dei grøne gangane. Ja, for det var noko med det å sjå dei gangane. Sjå alle pasientane ligge usanitært med opne sår. Fortvila pasientar, som ikkje hadde kunnskap om betre, eller rettare sagt, adekvat behandling, kome til live.

Sarkastisk svar

«Så kva ønskjer du å spesialisere deg i?» hugsar eg ortopeden spørje meg. Full av stoltheit, svarte eg standhaftig «Psykiatri. Det er der hjartet mitt ligg». Kva som kom etter det svaret, kan de kanskje sjølv tenkje dykk. Ja, for det var ei bøtte med latter og fleire spader med sarkasme.

«Kvifor i alle dagar har du valt psykiatri, når du har brukt så lang tid på å fullføre eit profesjonsstudium i medisin?» Ord eg framleis kan høyre klinge gjennom øyrekanalane mine. Sjølv om eg er født og oppvaksen i Noreg, har eg mine røter klistra fast i tamilsk kultur. Ein kultur og ein bakgrunn prega av tankar og fordommar, om kva mental helse eigentleg er. Ein kultur der det å vere lege blir sett på som rubinar i eit glas laga av gull. Eg valde å fordjupe meg i eit felt ein ikkje har eit fasitsvar på kvar ein tilstand. Eg valde det mellommenneskelege og det uforståelege.

Har samfunnet verkeleg blitt så mekanisk og overflatisk, at vi fungerer som robotar på tomgang? Alle desse pasientane, innlagt på medisinsk i Chennai, for å ta eit eksempel: korleis kan ein forvente at den somatiske plaga skal bli «lækja», når der er null rom for det grunnleggjande og elementære for å oppretthalde god livskvalitet?

Skambelagt

Om barnet vårt skulle kome heim med ein forkjøling frå skulen, ventar vi ikkje med å bestille ein time hos fastlegen. Vi har etablert ein kunnskap god nok for å gjennomføre desse tiltaka. Men kvifor er det då slik, at det å oppsøke ein psykiater, blir så skambelagt?

Det å føle seg trygg på kven du er, identitet, er kanskje kjernen til det meste av korleis livet rundt deg formar seg. Ja, og dei fleste av oss som er født og oppvakse i Noreg, er såpass heldige, som har dette.

Eg kan hugse litt tilbake i tid, inne på akuttmottaket. Ein ung mann frå eit krigsherja land. Heilt aleine, i ein alder av 19. I møtet med meg står han fram som svært angstprega, nedstemt og eg har mistanke om debut av psykosesymptom. Skulen hadde rapportert eit stadig funksjonsfall, vanskar med konsentrasjon og fråvær i timane. Kameratane hans hadde beskrive han som stadig meir isolert og ei framferd av dårleg hygiene. Han sjølv hadde uttalt stemmehøyringar og synshallusinasjonar til legevakta.

Ubehandla

Utover samtalen med meg fortel han om sine foreldre som blei fråstolne livet, rett framfor hans eigne auge. Han fortel om landminer, og ein vedvarande redsel og utryggleik på sitt eiget landområde. Han fortel om syner om nettene, der han gjenopplever hendingar frå krigsperioden. Kor mange fleire går rundt ubehandla, blant anna på grunn av mangel på kunnskap og ressursar? Alt de må ha teke del i og vore vitne til. Den fortvilinga og belastninga de må ha gått gjennom, som etterlet seg djupe spor i sinnet. Ja, og det at akkurat det same samfunnet er lukka for behandling av mental helse, tenkjer eg er svært urovekkjande.

Vi har ein kultur prega av eit sterkt syn på korleis ein tenkjer livet skal vere. Så ein held seg godt fast til desse rammene, og lukkar døra for alt som er uforståeleg.

Eg som tamil håper eg ein dag kan vere med å endre nettopp det stigmaet vi har for mental helse. Vere med å belyse naudsyntheita med dette faget for grunnleggjande god livskvalitet. At eg ein dag kan smelte snøen som ligg som ein fasade over tabua. At eg ein dag kan fungere som ein kunnskapsformidlar for folket mitt i mine foreldre sitt heimland.

Les også

FN har gitt Rahaf (18) status som flyktning

Les også

Konsekvensene og senskadene ved tortur, blir ofte skjult for omgivelsene

Les også

– Vi har fått oversikt over hvor mange som er i en alvorlig og kritisk situasjon

Les også

For mange psykisk syke fengsles

Publisert: