Nordmenns haldning til innvandring og innvandrarar stadig meir positiv

KRONIKK: Eit fleirtal av nordmenn ønskjer ikkje ein strengare innvandringspolitikk. Tre av fire meiner at innvandrarar gjer nyttig innsats i arbeidslivet.

Publisert: Publisert:

Jo meir vaksne nordmenn kjem i kontakt med innvandrarar, jo meir positive blir vi til innvandrarar. Foto: NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Marte C. W. Solheim
    Førsteamanuensis, leiar for Senter for innovasjonsforskning, Handelshøgskolen ved UiS

Den årlege undersøkinga frå Statistisk sentralbyrå (SSB) om nordmenns haldningar til innvandrarar og innvanding vart publisert for ein måned sidan, dagen før FN sin internasjonale migrasjonsdag, 18. desember. FN markerer denne dagen for å rette søkelyset på rettar og vern for migrantar og sokalla «framandarbeidarar».

Migrasjonen aukar, og migrasjonsmønster har vorte meir komplekse. Ifølgje den ferske rapporten World Migration Report 2020 frå International Organization of Migration (IOM), vert det peika på ein ofseleg auke i internasjonal migrasjon, og at internasjonale migrantar no er estimerte til å utgjere omlag 272 millionar menneske globalt, der omlag to tredelar av desse er arbeidsmigrantar.

Ifølgje tal frå SSB er det i overkant av 14 prosent innvandrarar i Noreg i dag. Hovudårsaka til innvandringa til Noreg er arbeid, og deretter flukt, familie og utdanning.

Føter og røter

Migrasjon har vore ein like sjølvsagt del av mennesket si historie som det å vere bufast. Føter har vi bokstaveleg tala, røter har vi biletleg, hevdar Knut Kjeldstadli. Det er ein interessant metafor å ta innover seg når det gjeld migrasjon: Møte med røtene og med det nye.

I røtene ligg det noko fastlagt og statisk, medan ein ser føre seg migrasjon som ei dynamisk kraft.

Møtet med det nye er mange-fasettert, det heng til dømes saman med kva rettar og plikter samfunnet som ein kjem inn i har til deg, det heng saman med bakgrunnane til dei som kjem, relasjonar, tillit, og med haldningar og moglegheiter du vert møtt med for å nemne noko.

Auke i migrasjonsstraumar og negative bilete i media kan påverke haldningar til innvandring. Parti som spelar på framandfrykt og nasjonalisme, er på frammarsj i Europa. Jan Erik Grindheim påpeiker i ein kronikk i Dagbladet – under overskrifta «Myter om høyrepopulistenes oppslutning» – at i til dømes Italia, Austerrike, Nederland og Tyskland, så vel som i dei nordiske landa, har høgrepopulistiske parti gjort det godt i val.

Men trass i denne auka migrasjonen, og trass i frammarsjen av høgrepopulistiske parti, så kan ein observere at haldningar til innvandring er relativt stabile i Noreg. Til dømes syner årets SSB-undersøking at 56 prosent gjev uttrykk for at moglegheitene for asylsøkarar og flyktningar bør vere uendra, samanlikna med i dag.

Les også

Eirik Magnus Fuglestad: «Å bygga nytt fellesskap kan gå godt, for EU kjem det mykje an på føter og røter»

Fleire treffpunkt

SSB gjennomfører årleg ei undersøking der dei «tar tempen» på haldningar til innvandring. Haldningar til innvandring har halde seg nokså stabile dei siste ti åra, men med nokre variasjonar. SSB finn at det er vanlegare med ei positiv enn ei negativ haldning til innvandring. Til dømes peikar SSB på at 78 prosent av respondentane i 2010 og 76 prosent av respondentane i 2019 var heilt eller nokså samde i at innvandrarar flest gjer ein nyttig innsats i det norske arbeidslivet.

Ein interessant refleksjon rundt funna frå siste års undersøking knytt til arbeidslivet, er at det har vore ein auke i rapportert kontakt med innvandrarar, frå 75 prosent i 2010 til 80 prosent i 2019, som oppgjev at dei har kontakt med innvandrarar på ulike arena. Den største endringa ser ein at er knytt til kontakt med innvandrarar på jobben, frå 49 prosent som svarte ja i 2010, mot 54 prosent i 2019.

Mindre frykt

Det er fleire tilhøve som påverkar haldningar til innvandring, som til dømes generelle utviklingstrekk i samfunnet, konjunkturar, talet på asylsøkjarar og frykt for terroraksjonar. SSB skriv at «i tider med god økonomi, oppgang eller stabilitet i arbeidsmarkedet, lave flyktningetall og ingen store negative nyheter om innvandrere/flyktninger i mediene, ser vi at det er mer velvillige holdninger i undersøkelsen».

Når det gjeld utsegna i SSB si undersøking om at «innvandrarar er ei kjelde til utryggleik i samfunnet», kan ein observere at færre ser på innvandrarar som ein trussel som samfunnstryggleiken. Dersom ein samanliknar tal frå 2010 og 2019, ser ein at 36 prosent i 2010 svarte at dei var heilt eller nokså samde i dette, mot berre 24 prosent i 2019. Samstundes kunne ein sjå ei endring i dei som oppgav at dei ikkje var samde i denne utsegna, frå 54 prosent av respondentane i 2010 til 61 prosent i 2019.

Når ein først har blitt kjent med nye folk på språkkafeen, er vegen kort til andre aktivitetar i lag, som til dømes felles trening. Foto: Privat

Arenaer for samhandling

Det er interessant å sjå SSB sine funn i samanheng med studiar som har sett på kontakt med innvandrarar og tillit. Samhandling og tett personleg kontakt med innvandrarar kan auke tillit til ikkje berre den spesifikke personen eller personane, men også til syn på innvandrarar generelt.

I samband med SSB si lansering av undersøkinga uttalte kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til NTB at vi må verte betre å utnytte den kompetansen som innvandrarar har med seg. Ein måte å auke moglegheitene for å få dette til å skje, er å auke tilliten mellom og i ulike grupper, – og ved å legge til rette for arenaer der samhandling og personleg utveksling kan skje.

Publisert:

Les også

  1. «Språkkafeen ein god arena for fremjing tillit og integrasjon»

  2. – Mangfold i staben øker innovasjon og inntjening, spesielt utenfor byene

  3. – Regjeringen kan lære om integrering av Ryfylkemodellen