Språkkafeen ein god arena for fremjing tillit og integrasjon

KRONIKK: Språkkaféar fører saman to grupper menneskje som elles lett kunne hamne i einannan sin «dei andre»-kategori.

Ny fellesskap under 17. mai-feiringa på Uranienborg språkkafé i Oslo.

Debattinnlegg

  • Trude Brita Nergård
    Trude Brita Nergård
    Sosiolog og sosionom
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Det er haust og tid for oppstart av språkkafear. I Stavanger finst det fleire slike tilbod. Samfunnet vårt blir stadig meir samansett og mangfaldig, og behovet for møteplassar som fremjar integrasjon, aukar.

Språkkafeane representerer ein slik møtestad. Det overordna målet med tilbodet er å vere ein arena der brukarane lærer norsk og får høve til praktisere sine nye språkferdigheiter. Men ein språkkafé kan også ha andre viktige funksjonar, som ikkje alltid er så påakta, til dømes å fremje tillit. Kronikken skal handle om dette.

Den viktige tilliten

Utgangspunktet er erfaringa mi med ein særskild språkkafé som rettar seg mot flyktningar, er driven av frivillige og organisert som eit lokalsamfunnstiltak. Det siste inneber at flyktningane som er busett i bydelen, møter norske/norsktalande bebuarar frå same nærområde. Ideen er at det skal vere om lag like mange av «kvart slag», slik at samtalen mellom flyktning og norsktalande kan skje ein til ein.

Det høyrer med til menneskjelivet at vi møtast med ein naturleg tillit til kvarandre, hevdar den danske filosofen Knud Løgstrup. (1905–1981). Karakteristisk for denne tilliten er at han ikkje berre gjeld dei vi kjenner, men også framande. Tillit dreier seg om trua på at andre menneske vil ein vel (horisontal tillit), men også om tiltru til ulike samfunnsordningar og institusjonar (vertikal tillit). Samfunnet er avhengig av begge desse formene for tillit: Dei er viktige for produktiviteten, så vel som for den einskilde sitt handlingsrom (jf. «Integrasjon og tillit», NOU:2, 2017). Det er fyrst og fremst gjennom møte med menneskje og institusjonar på lokalplan, at tillit kan byggast.

Skaper fleire treffpunkt

Korleis kan ein språkkafé av det slaget som her er nemnd, bidra til dette?

Personleg kontakt er viktig for å utvikle tillit. At dette språkkafé-tilbodet rettar seg mot ei avgrensa gruppe innanfor eit bestemt geografisk område, aukar sjansen for at dei som kjem på kafé, treffer igjen personar dei har møtt på tidlegare kafékveldar. Likeins aukar det sjansen for å støyte på kvarandre når ein ferdast omkring i nærmiljøet og i bydelen. Fleire av dei frivillige fortel om «jubelscener» når dei og brukarane treffer kvarandre på gata eller på bussen.

Det er ikkje noko krav at dei frivillige på denne språkkafeen skal engasjere seg i brukarane utanom kafétida. Likevel skjer det ikkje så reint sjeldan. Jon bad ein eritreisk familie på byvandring. I retur blei han invitert til feiring av eittårsdagen til minstemann. Ahmed har besøkt Torill og familien, både heime og på hytta. Solveig beklaga at ho og Nasreen kom seint på siste kafé. Dei hadde gløymd tida i iveren etter å førebu Nasreen til norskprøva dagen etter.

Les også

Marte C. W. Solheim: «Flyktning, eg?»

Når ein først har blitt kjent med nye folk på språkkafeen, er vegen kort til andre aktivitetar i lag, som trening.

Forbi stereotypiane

Å snakke samen er ikkje alltid ei føresetnad for at det skal oppstå tillit mellom partane. Å ha høve til å observere og betrakte kvarandre, som naboar eller som landsmenn, ja, rett og slett å sjå at dei andre er gangs menneske, kan av og til vere nok.

Sjølv om vi menneskje møtest med ein naturleg tillit til kvarandre, møtest vi også ofte med fastlåste førestillingar om einannan, som er basert på generalisert, gruppebasert verdsetting. Det er alltid den framande (her flyktningen) som stiller svakast i dette møte, fordi nykommaren er tvungen til å fortolke sin nye situasjon. Det opp til han eller ho å overtyde oss andre om at vedkomande er verd vår tillit og respekt.

Men etter kvart som nykommarane/flyktningane etablerer seg og blir kjent i lokalsamfunnet, vil dei i stadig fleire samanhengar bli vurdert med utgangspunkt i den unike personen dei representerer. Kva vedkomande driv med, står for, meistrar m.m., blir såleis viktigare enn kva gruppe han eller ho tilhøyrar; til dømes om vedkomande kjem frå Syria eller Irak. Det betyr ikkje at alle stereotypiar forsvinn, men når ein relasjon utviklar seg, mister gjerne stereotypiane si kraft. Derfor er det viktig for innvandrarar og flyktningar å bli kjent med representantar frå majoritetsbefolkninga og å etablere eit «personleg rykte». No veit mange av dei som går på språkkafeen, kor gode samosa Meseret lagar, og at Ali er ein flink sykkelreparatør.

Å snakke saman ved matbordet opnar for at ein ser meir av det heile mennesket – ikkje berre det norske eller berre innvandraren.

Over «dei andre»-brua

På språkkafeen møtest menneskje som elles kanskje aldri ville treft kvarandre, i dette tilfellet flyktningar og bebuarar i eit lokalmiljøet. At det er så mange frivillige, av begge kjønn og med ulik alder og bakgrunn, gir brukarane av kafeen eit vidt spekter av erfaringar med å møte majoritetsbefolkninga. Dei frivillige, på si side, får høve til nærkontakt med forskjellige «nye landsmenn». Slik fører språkkafeen saman to grupper menneskje som elles lett kunne hamne i einannan sin «dei andre»-kategori.

Det er eit stort problem, både for språkopplæringa og integrasjonsarbeidet, at flyktningar og andre innvandrarar sjeldan treffer nordmenn/norsktalande i situasjonar kor dei får høve til å praktisere norsk og til å bli kjente med majoritetsbefolkninga. Den type språkkafé som her er skildra, er eit døme på at begge deler er mogleg å få til – om organiseringa er lagt til rette for det.

  • Kronikkforfatter Trude Brita Nergård er tidligere forsker ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA (tidligere Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring). Red.mrk.
Les også

Stavanger topper i Europa på flerkulturell kompetanse

Les også

Daglig leder på Brustadbua har gratis norskkurs for ansatte


Les også

  1. – Regjeringen kan lære om integrering av Ryfylkemodellen

  2. – Mangfold i staben øker innovasjon og inntjening, spesielt utenfor byene

  3. Kronikk: «Erfaringsmangfald fører til nyskaping»

  4. Kronikk: «Innvandring og internasjonale koplingar opnar for eksport frå verksemder i distrikta»

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Politiet ønsker tips om hendelser før dødsulykken i Sandnes

  2. Etter nesten sju år i Norge tvang koronaen dem til å selge leiligheten. Nå bor de i en bobil på den polske lands­bygda

  3. Bedrageritiltalt Ap-politiker fra Rogaland: – Jeg har dummet meg ut

  4. Ingve Bøe advarer Viking mot to spillere

  5. Alarm! Barn i fare!

  6. I dag feirer Sandnes gjenåpningen. Her er programmet