• Med tanke på ny kunnskap om tilknyting og hjerneutvikling, er høvet til å velje kontantstøtte rett svar, argumenterer Anne Kristin Bruns (KrF). NTB scanpix

Kva då med dei aller minste barna, med ny kunnskap om tilknyting og hjerneutvikling?

OPPVEKST: Eg stokk då eg las overskrifta til Solveig G. Sandelson sin kommentarartikkel i Aftenbladet sist fredag. Der stiller ho eit spørsmål: «Har vi ei omsorgskrise?»