Kva då med dei aller minste barna, med ny kunnskap om tilknyting og hjerneutvikling?
OPPVEKST: Eg stokk då eg las overskrifta til Solveig G. Sandelson sin kommentarartikkel i Aftenbladet sist fredag. Der stiller ho eit spørsmål: «Har vi ei omsorgskrise?»
- Anne Kristin BrunsLeiar, Stavanger KrF


Sandelson framhevar for eit mirakel det er når eit barn vert fødd, kva kvinnekroppen faktisk maktar gjennom ein fødsel, og at den same kroppen kan gje føde til eit barn i eit halvt år. Barnet er heilt avhengig av mor, og etter kvart far. Så stiller ho mange aktuelle spørsmål i lys av nyare forsking om barn sitt behov for tilknyting dei to første leveåra, og om likestilling og barnehageutbygging.
Ny kunnskap utfordrar oss
Tematikken er sett på dagsordenen også fordi psykolog Torild Skard nyleg uttalte seg om at vi har valt å sjå barn under eitt når vi snakke om barnehageutbygging. Ho har sett seg inn i nyare forsking om hjerneutvikling og viser til at det ikkje er like heldig for barn under to år å gå i barnehage, nettopp fordi hjernen utviklar seg mest i denne tida, og barnet treng ei trygg tilknyting til mor for å sikre den gode psykologiske utviklinga. Skard meiner at vi har ein systemsvikt og ein omsorgssvikt ovanfor barn fram til to år.
Norsk Psykologforening viser til forsking dei siste 50–60 åra som viser at tilknytinga er avgjerande for både fysisk tryggleik og psykologisk utvikling. Det er nettopp gjennom nære relasjonar til omsorgspersonar at barnet får ei oppleving av seg sjølv som eit sosialt individ. Den norske jordmorforening seier det same.
Denne trygge relasjonen er ikkje for mor sjølv, men for barnet. Det er barnet som treng dette for å danne seg eit godt grunnlag som verke inn på heile livet.
Våre val var ulike
Eg kjenner at det gjer noko med meg som politikar og barnevernspedagog. Då eg studerte, var eit av dei viktigaste temaet nettopp barnets beste. Kunnskapen om at barn treng tryggleik, nære og tette omsorgspersonar, er udiskutabel. Innanfor omgrepet barnets beste ligg der mykje skjønn. Det er ikkje eit enkelt svar som gjeld alle, men der er nokre viktige prinsipp som bør ligge til grunn, og som barnet har krav på.
Eg har kjent dette dilemmaet på kroppen, som mor til fire barn. Skal vi nytte oss av kontantstøtta, eller skal barnet gå fullt i barnehage? Kva er det beste for barnet? Kva konsekvensar får dette for vår økonomi og mi yrkeskarriere? Vi måtte velje ulikt, nettopp fordi barna var ulike og fødde på ulike tider av året i forhold til barnehageopptaket.
Kontantstøtta
Eit samfunn som er godt for barna, er eit samfunn som er godt for alle. For KrF er gode oppvekstvilkår for barn og unge den viktigaste investeringa vi kan gjere, og vi har i over 20 år sagt og kjempa for at familiane skal ha moglegheit for å velje alternativ fram til barnet er to år. Difor kontantstøtta, ei ordning som i dag gjeld for barn opp til to år. Innanfor desse viktige åra, med tanke på tilknyting og hjerneutvikling, kan familiane altså velje sjølve, enten barnehage eller kontantstøtte, eller deltid begge stader.
Som oppvekstpolitikar i Stavanger diskuterer eg og dei andre i oppvekststyret både barnehagetilbodet og behov for fleire barnehageplassar i vår kommune. Også for barn mellom eitt og to år. Torer eg og torer dei andre politikarane å framheve barnets-beste-perspektivet, eller er vi redde for at likestilling mellom mor og far og moglegheit for å gå tilbake til jobb begge to, står i vegen for nettopp barnets beste?
Her må eg gå i meg sjølv, og eg tenkjer at i lys av nyare kunnskap bør nettopp dette perspektivet løftast oftare fram i dei politiske diskusjonane. Det vil eg og KrF sørge for. Kva med dykk andre?