Når stod slaget i Hafrsfjord?

KRONIKK: Etter mitt resonnement, ut frå norrøne og irske kjelder, er det beste overslaget me kan få at Hafrsfjordslaget stod i januar 872.

Det finst ikkje sikre kjelder som nøyaktig tidfestar slaget i Hafrsfjord – her i Erik Werenskiold sin strek – men det går an å samanhalda kjeldene og kome fram til eit resultat, kanskje og på månaden, hevdar Leiv Olsen.

Debattinnlegg

  • Leiv Olsen
    Leiv Olsen
    Historikar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Me veit ikkje når Hafrsfjordslaget stod. 1800-talshistorikaren Rudolf Keyser (1803–1864) rekna seg fram til 872, ut frå sagaene, men så klare haldepunkt gir dei ikkje. Lenge heldt ein likevel fast på 872, og me feira tusenårsjubileet i 1872.

Halvdan Koht (1873–1965) meinte at generasjonane frå Harald Hårfagre til kongane på 1000-talet blei for lange og flytta Hafrsfjordslaget til omkring 890. No kan det gå både meir og mindre enn hundre år på tre generasjonar. Kohts oppfatning fekk likevel gjennomslag. Òg fordi ein meinte den islandske kronologien, utrekna av Sæmund Frode (av fróði, «den vise») og Are Frode tidleg på 1100-talet, var full av motseiingar.

I 1964 la Ólafia Einarsdóttir fram ei doktoravhandling der ho viste at den islandske kronologien passa godt når ein tok omsyn til at mange kongar hadde overlappande periodar. Ho kom til at Are må ha lagt Hafrsfjordslaget til 868 eller 869. Sidan har historikarane delt seg mellom dei som har tiltru til den islandske kronologien, og dei som avviser at slaget kan ha stått så tidleg.

Sæmund og Are levde godt og vel 200 år etter Harald Hårfagre og kan ikkje ha hatt eksakte dateringar av hendingar på hans tid. Og kunne Harald ha vore konge så lenge som Sæmund og Are påstod, i heile 70 år, i eit samfunn der gjennomsnittleg levealder ikkje var over 30 år?

Ingen utrekningar har til no gitt oss ei sikker tidfesting av Hafrsfjordslaget. Kan me likevel komma litt nærmare?

Dei norrøne kjeldene

Are Frode skreiv at landnåmstida på Island begynte rundt 870 med landnåmet til Ingolv Arnarson. Tomta til Ingolv er grave ut og datert til 871, pluss/minus to år. Are kunne ikkje ha treft stort betre!

Are skreiv òg at Harald Hårfagre døydde ein eller to vintrar etter at Ravn Høingsson i 930 blei lovseiemann på Island (då Alltinget ble grunnlagt; red.mrk.), så han hadde berre eit omtrentleg oveslag for når Harald levde og var konge.

Ólafias rekonstruerte islandske kronologi, med eksakte årstal for alle norske kongar frå og med Harald Hårfagre, må takast med ei klype salt. Men den treng ikkje vera mykje galen. Dei beste kjeldene til slaget i Hafrsfjord er to skaldekvad, Glymdrápa og Haraldskvæði, dikta av skalden Torbjørn Hornklove til ære for sigerherren Harald. Irske annalar gir òg interessante opplysningar.

Haraldskvæði handlar om Hafrsfjordslaget, Glymdrápa kan handla om eitt slag eller fleire. Tre strofer av Glymdrápa, attgjevne i sagaen Fagrskinna, fortel at Harald var «barnung», enno ikkje vaksen, då han la ut på tokt. Han drog nordfrå mot sør, kryssa ope hav og la til slag mot to kongar.

Havet han kryssa må ha vore Skagerrak eller Boknafjorden. Ingen tradisjon og ingen kjelder fortel at Harald førte kampar i Jylland eller på kontinentet, så strofene må ha handla om Hafrsfjordslaget – det er òg kva som står i Fagrskinna.

Kvadet fortel at Harald slåst mot «Limericks-tjuvar», «skottehær» og var «gautars fiende» (gautane var frå Götaland i Sverige; red.mrk.). Gautars fiende kan han ha vore under seinare kampar i Oslofjorden, eller fordi gautar deltok i Hafrsfjordslaget.

Dei irske kjeldene

«Skottar» var enno på 800-talet folk frå Irland, fyrst på 1000-talet tok kongane i dagens Skottland til å kalla seg skotske. Harald må ha slåst mot ein hær frå irsk område, enten på tokt til irsk-skotsk område, eller fordi ein slik hær deltok i kampar i Norge. Ingen irske annalar nemner at Harald herja der, og det er vondt å tru at dei ikkje skulle ha nemnt det om det var tilfelle.

I ein irsk annal frå 1000-talet står det at den norrøne kongen i Dublin, Olav Kvite, i 871 vende tilbake til heimlandet for å hjelpa far sin, Gudrød, kongen av Lochlann (i eldre annalar kalla Laithlinn), mot fiendar i heimlandet.

Olav var konge i Dublin 853-871, broren Ivar herja blant anna Limerick. Saman gjennomførte Olav og Ivar to lengre tokt mot anglar, britar og piktarar i dagens Skottland, og dei vende i 871 tilbake til Dublin med uvanleg rikt bytte. Etter 871 er Olav aldri nemnt i irske annalar, og broren Ivar døydde i 873 som eineherskar over alle «nordmannorum» i «Hibernia og Britannia». Det ser ikkje ut som Olav kom levande tilbake frå Laithlinn.

Kvar var Laithlinn (Lochlann)? Det har vore mykje diskutert, men det er i Rogaland det er funne mest røva irsk gods frå 800-talet, med bråstopp sist på 800-talet – då må eitkvart ha skjedd. Gausel i Stavanger, med grava til «Gauseldronninga» utmerker seg; kan hovudsetet til kongen av Laithlinn ha ligge her?

Les også

Meiner å ha funne spor etter slaget i Hafrsfjord. Men det er berre ein teori.

Hǫkunátt

Dersom son til kongen sommaren eller hausten 871 kom med ein stor flåte frå Irland, ville det vera naturleg å samla flåten i Hafrsfjord. Og i Hafrsfjordslaget, omtrent på den tida, slost Harald som nemnt mot «skottar» og «Limericks-tjuvar». Sagatradisjonen er eintydig på at Harald samla landet med sigeren i Hafrsfjord, han var erobrar. Då er det grunn til å tru at det var kongen av Laithlinn og son hans han sigra over – ein tanke historikaren Gustav Storm (1845–1903) alt var inne på for meir enn hundre år sidan.

I Haraldskvæði er det eit poeng at Harald vil drikka jul ute på skipa. Det er vel nemnt fordi ved det høvet valde Harald å dra på tokt i jula. Når feira dei jul i førkristen tid? Det veit me ikkje sikkert, men 25. desember var det neppe. Håkon «den gode» Adalsteinsfostre, son av Harald Hårfagre, flytta julefeiringa til tida for den kristne høgtida. Før hadde dei feira jul hǫkunátt (hoggenatta, 12. januar), hevda Snorre.

I så fall kan det ha vore i januar 872 at Hafrsfjordslaget stod. Men Snorre skreiv dette 300 år etter at Harald Hårfagre og Håkon Adalsteinsfostre levde.

Resonnementet mitt bygger på fleire usikre faktorar. Eg vil likevel hevda at dateringa eg med dette kjem fram til, januar 872, er det beste overslaget me kan få.

  • Epost: leolsen@online.no

Les også

  1. Leter etter vikingskip – fant seilskute fra 1700-talet

  2. Jaktar vikingskip og våpen i Hafrsfjord

  3. Endre Elvestad: «Når forskning på slaget i Hafrsfjord skjer alle andre steder enn på UiS og ved byens museer, viser det en institusjonell handlingslammelse»

  4. – Rikssamlingen i Hafrsfjord må markeres i 2022, og deretter hvert 50 år!

  5. Tom Hetland: «Ein kan gjerne kalla Flatøybok for eit nasjonalromantisk prosjekt, og velja om ein vil fnysa eller jubla over det.»

Publisert:
  1. Harald Hårfagre
  2. Hafrsfjord
  3. Vikingtiden
  4. Historie

Mest lest akkurat nå

  1. Bruker du en av disse medisinene? Da skal du ha en tredje vaksinedose

  2. Nytt flyselskap med rute mellom Stavanger og Oslo

  3. Meteorologen forklarer: Derfor får vi uvær

  4. Jærbedrift skal levere 10.000 kvadratmeter med solceller til Stavanger lufthavn

  5. Solbakken åpner for Veton Berisha i neste landslagstropp

  6. Vogntog-brann på E39