Skal me få nok sunn journalistikk, treng me ferske aviser!

JOURNALISTIKK: Sven Egil Omdal meiner grundig journalistikk er kuren mot farleg kunnskapsløyse. Eg tek for gitt at han meiner avisene som skal lesast bør vera ferske. Men ferske aviser er luksus etter at regjeringa reduserte postombering til annankvar dag.

Om ein vil abonnera på til dømes Dagavisen, som kjem ut i Oslo, kan ein få seks aviser samstundes i postkassen, der ei av dei er seks dagar gammal. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Debattinnlegg

  • Arvid Hove
    Stavanger
Publisert: Publisert:

Sven Egil Omdal skriv i Stavanger Aftenblad den 9. januar at «mobben som angrep den amerikanske kongressen onsdag, lir av ein farleg mangelsykdom. De får ikkje nok etterrettelig og grundig journalistikk. Vaksinen mot slikt dødeleg virus er å lesa enda en avis».

Om ein vil abonnera på til dømes Dagavisen, som kjem ut i Oslo, kan ein få seks aviser samstundes i postkassen, der ei av dei er seks dagar gammal. Aftenposten får heller ikkje fram dagsfersk avis til abonnentar i ein stor by som Stavanger. Ein må nøya seg med avisa dagen etter, då levert av bod.

Kva er i emning? Kanskje det er konspiratorisk å samanlikna tiltak okkupasjonsmakta gjorde under krigen, men dei regjeringa gjer i dag. Men styresmaktene har lagt føringar som gjer det vanskelegare å driva folkeopplysing via seriøs journalistikk. I alle fall når ein vil lesa papiraviser. Noko er i ferd med å skje, noko som kanskje ikkje kan reverserast, når både den individuelle fridomen og den politiske fridomen åt folket vert svekka under dekke av covid-19.

Då det 11-sifra fødselsnummeret vart innført i 1964 blei det sagt at det ikkje er meininga at nokon skal gå rundt og hugse sitt eige fødselsnummer. Det skulle heller ikkje, som under krigen, bli innført spesielle identifikasjonskort. Det skjer nå.

Om lag 50 år seinare innfører regjeringa nettopp spesielle identifikasjonskort og reklamerer med at korta er hendig og praktisk, slik at alle i landet bør skaffa seg eitt. Regjeringa sitt lovforslag om portforbod er eit anna tiltak som rettar merksemda mot aktivitetar okkupasjonsmakter ofte nyttar seg av. Kva er i emning?

Les også

  1. «Vi har vaksinen mot trumpisme»

Publisert:
  1. Journalistikk
  2. Sven Egil Omdal

Mest lest akkurat nå

  1. Ti videregående skoler på rødt nivå fra torsdag

  2. 106 grader øst: – En hyllest til mamma

  3. Tiltakene på Nord-Jæren videreføres: – Vi sitter klare med både brems og gasspedal

  4. Barnehager og skoler i Stavanger settes på rødt tiltaksnivå – holder stengt onsdag

  5. Mette Dybwad Torstensen mener hun fikk anoreksi etter å ha blitt veid på skolen. Nå overrasker ny studie om unge og vekt.

  6. «Tidenes kulturpolitiske skandale»