Kvifor er det berre konservative som kan fungere som «brobyggere» i kyrkja?

DEBATT: Vi som arbeider ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo (TF), med å utdanne prestar til Den norske kyrkja, er skuffa etter bispetilsetjinga i Stavanger.

«Nominasjons- og tilsetjingsprosessen er unødvendig komplisert og ikkje minst utmattande for dei kandidatar som er med. Eg meiner ein bør gå for ei åremålsordning for biskopar, slik ein har i mange andre typar leiarstillingar», skriv Hallgeir Elstad. Biletet viser den nye biskopen i Stavanger, Ivar Braut.

Debattinnlegg

  • Hallgeir Elstad
    Hallgeir Elstad
    Prodekan ved Det teologiske fakultet, UiO
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Kyrkjerådet i Den norske kyrkja har tilsett ny biskop i Stavanger bispedømme. Det vart Ivar Braut, sokneprest i Birkeland (Bjørgvin) og medlem av Kyrkjerådet.

Overraskande

Fleire har peika på at dette er ei overraskande utnemning. Mange meinte nok – meg sjølv inkludert – at det ville stå mellom den kandidaten med flest lokale røyster, prost i Karmøy Helge S. Gaard, og prost i Nedre-Romerike Torstein Lalim. Det nye Kyrkjerådet hadde no hatt høve til å tilsetje den første universitetsutdanna biskopen sidan Rosemarie Köhn. Men dette høvet nytta ein ikkje. I staden ser det av avisreferata ut til å ha vore ein komplisert røysteprosess, der representantar frå Åpen Folkekirke «bytta side» og enda opp med å støtte den konservative Braut. Dermed må ein konstatere at bispemøtet igjen får eit fleirtal som er i mot homofilt samliv.

Les også

– Jeg vil være biskop for de famlende og spørrende og vil lytte til dem som har en skjult og stille tro

Velkjend mønster

Vi som arbeider ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo (TF) med å utdanne prestar til Den norske kyrkja, er skuffa etter bispetilsetjinga i Stavanger. Det er fleire omsyn som skal takast i samband med tilsetjing av biskopar. Eit vesentleg poeng er fagleg kompetanse. Utdanningsbakgrunnen er heller ikkje likegyldig. Institusjonane der prestane i kyrkja er utdanna, bør òg vere spegla i bispekollegiet. I ti år no har bispemøtet vore utan biskop med utdanninga si frå TF. Kyrkjerådets tilsetjing av biskop i Stavanger går inn i eit velkjend mønster: ein overser kandidaten frå TF. Eg hadde vona at det nye fleirtalet i Kyrkjerådet no ville kjenne si «besøkelsestid» og utnemne ein biskop utdanna frå TF att. I staden får vi vite at det har vore teke «helhetskirkelige hensyn», og at ein har valt «brobyggeren» blant kandidatane. Kvifor er det berre konservative som kan fungere som «brobyggere» i kyrkja, undrar eg.

Les også

Bekreftet: Ivar Braut blir den neste biskopen

Har vore banebrytande

TF har vore sentralt i å leggje dei teologiske premissa for den endringa og moderniseringa av Den norske kyrkja som har funne stad. Det gjeld i høgste grad i synet på kvinnelege prestar, der TF har vore banebrytande. Den første kvinnepresten Ingrid Bjerkås var utdanna på TF, den første kvinnelege biskopen Rosemarie Köhn likeeins. Og biskopen Kristian Schjelderup som ordinerte Bjerkås i 1961, måtte sjølvsagt vere utdanna ved universitetet.

Den norske kyrkja treng fraleis TFs folkekyrkjelege profil.

Kollegaer ved TF har medverka til å leggje viktige teologiske premiss for det historiske kyrkjemøtevedtaket om likekjønna vigsel tidlegare år. Desse to sakene – eg kunne ha nemnt fleire – er illustrerande for det som er det underliggjande engasjementet for TF i høve til Den norske kyrkja. Fakultetet står for ein inkluderande kyrkje, ei kyrkje som er der for alle som treng ho, ei folkekyrkje i ordets eigentlege meining. Dette er den viktigaste motiveringa for at bispemøtet òg må ha medlemmar som har utdanninga si frå TF.

Les også

Professorpresten: Bård Mæland kan bli den neste biskopen

TF-kandiaten til Stavanger, Torstein Lalim, uttalar at det kan sjå ut som at det finst eit «glasstak» for bispekandidatar som er utdanna frå TF. TF-kandidatar når til domprostnivået – og til bispemøtets sekretariat – men til bispemøtet synest døra å vere stengt.

Det er all grunn til å seie seg lei for dette, fordi Den norske kyrkja framleis treng TFs folkekyrkjelege profil.

Les også

Facebookpresten: Torstein Lalim kan bli den neste biskopen

Åremålsordning for biskopar

Eg trur det er all grunn til å gjere noko med tilsetjinga av biskopane i Den norske kyrkja. Nominasjons- og tilsetjingsprosessen er unødvendig komplisert og ikkje minst utmattande for dei kandidatar som er med. Eg meiner ein bør gå for ei åremålsordning for biskopar, slik ein har i mange andre typar leiarstillingar. Dessutan må det bli mogleg å søkje på bispestillingane som andre stillingar. Utveljingsmåten av biskopar med dagens ordning er ikkje tillitsvekkjande.

Les også

  1. Fotballpresten: Helge S. Gaard kan bli den neste biskop

  2. Sykehuspresten: Sigrid Sigmundstad kan bli den neste biskopen

Publisert:
  1. Ingrid Bjerkås
  2. Stavanger bispedømme
  3. Ivar Braut
  4. Universitetet i Oslo
  5. Skole og utdanning

Mest lest akkurat nå

  1. Helseministeren: – At Nord-Jæren nå innfører munnbindpåbud viser at de tar situasjonen på alvor. Et eksempel til etterfølgelse

  2. Det går ikkje så bra med Knut (42) på Mallorca

  3. SV krever kontantstøtte for å hjelpe folk med strømregningen

  4. 8 myter om koronavaksinen

  5. Disse korona­reglene gjelder nå

  6. 41 smittet på bedehus-basar