Gje nynorsk til ungane våre!

DEBATT: Kva med å seia at ein av normalt tre klassar på ein skole som Våland, skal vera nynorskklasse?

– For at nynorsk skal vera eit levande skriftspråk, må ungane lærast opp i det, skriv Jo Bjørne Holmen Wigelius, Ingrid Kristine Aspli og Anne Kalvig Foto: Illustrasjonsbilde: Scanpix

Debattinnlegg

  • Jo Bjørne Holmen Wigelius
    Stavanger
  • Ingrid Kristine Aspli
    psykolog og 2.kandidat for Stavanger SV
  • Anne Kalvig
    Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Forfattar Tore Renberg har oppdaga nynorsk som eit godt språk også for han, og me har fått eit gledeleg oppsving i nynorskdiskusjonen. Som foreldre har me forsøkt å gje nynorsk til ungane våre i ei årrekkje. For at nynorsk skal vera eit levande skriftspråk, må ungane lærast opp i det. Nynorsk er eit klart og godt språk der avstanden mellom tanke, tale og skrift er mykje mindre enn med bokmål.

I 2007 skreiv Anne Kalvig i Aftenbladet om nynorskoppsvinget ho registrerte blant ungane, grunna deira bruk av ny teknologi, som tekstmeldingar. Men ho skreiv også at ungane si eiga omfamning av nynorsk skriftspråk gjennom dialektbruk i sosiale media på ingen måte blei spegla av oppretting av fleire nynorskklassar i stavangerskolen.

Trengst meir aktiv tilrettelegging

Dette opplevde me igjen ved skolestart nå. Som foreldre prøvde me å få til nynorskklasse på Våland skole. Men rutinane for og tilkomsten til dette lovpålagde tilbodet er langt frå tilfredsstillande. Det trengst langt meir aktiv tilrettelegging enn ved dagens system.

I dag kryssar foreldre av for bokmål- eller nynorskklasse ved skoleinnskriving. Nesten alle kryssar av for bokmål, fordi det er det dominante skriftspråket. Foreldre veit at nynorskklasse må kjempast fram av eldsjeler blant foreldra, og at klassane kan bli små og sårbare, viss dei i det heile tatt blir realiserte. Mållaget gjorde ein helteinnsats med å oppsøka interesserte foreldre for å få til nynorskklasse til våre fyrsteklassingar, men det heldt likevel ikkje. For oss foreldre er det lite ønskeleg å gå på dørene til folk for å masa ungane deira inn i nynorskklasse.

Kva med å seia at ein av normalt tre klassar på ein skole som Våland, skal vera nynorskklasse? Så slepp foreldre å kjempa det fram, og ein sikrar at nynorskklassen er like stor og blanda som dei andre klassane. Eitt kryss, om ein absolutt ikkje vil ha nynorsk, og særskilt melding til skolen frå foreldra som vil sikra ungane sine inn i denne klassen. Resten fordelte som vanleg. Mange foreldre er positive til nynorskklasse, bare dei er sikra at det faktisk blir noko av, og med ein godt blanda og større gruppe enn minstetalet på 10 elevar. Endring av innskrivingspraksis kan slik vera eitt virkemiddel, og me håper og trur skolar i heile regionen kan vurdera dette.

Ungane får eit fortrinn

Foreldre: Det er skolen som tar nynorskopplæringa for elevane, ikkje dykk. De kan også vera visse på at ungane får eit fortrinn kva gjeld seinare karakterar i sidemålet bokmål, for den kunnskapen får ungane inn frå det omliggande samfunnet uansett.

Nynorsk er skapt av norsk talemål, ikkje dansk skriftspråk, med mange høve til tilrettelegging av tale til skrift. Skal fleire få fryda seg over nynorsk i lesing og skriving, må kampen dreia seg om å gje nynorsk til ungane våre!

Les også

  1. Takk for støtta, Tore Renberg!

  2. Nye Stavanger må likestille nynorsk og bokmål

  3. Arbeidsutvalet vil ha språknøytral kommune

  4. Tilståingar frå ein bokmålsgut

  5. Nye Stavanger må likestille nynorsk og bokmål

  6. Renberg skriv om «nynorskforakt», eg vil skrive om nynorskfrustrasjon

Publisert:
  1. Debatt
  2. Nynorsk
  3. Anne Kalvig
  4. Tore Renberg

Mest lest akkurat nå

  1. 106 grader øst: – En hyllest til mamma

  2. Ti videregående skoler på rødt nivå fra torsdag

  3. «Tidenes kulturpolitiske skandale»

  4. Tiltakene på Nord-Jæren videreføres: – Vi sitter klare med både brems og gasspedal

  5. Barnehager og skoler i Stavanger settes på rødt tiltaksnivå – holder stengt onsdag

  6. Kjærviks samboer «fullstendig traumatisert» – drapssiktet sønn samtykker til fengsling